Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#80736] Kyrkjebokoppslag Dale sokn i Luster

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Klokkarboki for Luster syner at:Andreas Sølfestson Fuhr, son av Sølfest Johannesson (sidan gardbrukar på Høyeim i Luster) og Andrea Hansdotter Fuhr (sidan kone Kalhagen på Hafslo), var fødd i Luster 16.5.1896.Andreas Sølfestson Fuhr, fødd i Luster 16.5.1896, voks opp hjå besteforeldri under Fuhr i Dale sokn, Luster og vart konfirmert i Dale sokn i 1911.Eg kan ikkje sjå at Andreas døydde i Luster, og ingen andre etterkomarar etter mori frå Hafslo (=barneborn) har nokon gong høyrt gjete denne Andreas.Eg vonar no at ''ministerialboki'' (kyrkjeboki) for Dale sokn i Luster (som ikkje ser ut til å vera skanna) kan syna ei UTFLYTTING for Andreas Sølfestson Fuhr ETTER 1911?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Kirkeboken for Dale sokn har opplysninger om utflyttede opp til 1922, men bare en eller få hvert år, og nesten bare emigranter til Amerika. Andreas Sølfestsen er ikke med der. Han skulle møte på sesjon i Luster i 1918, og dersom han ikke møtte, skulle det være opplyst om hvor han var.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for eit spennande svar, som reiser eit nytt spørsmål:Er det mogeleg å sjekka sesjonslistene for Luster for 1918?Med venleg helsing,Lars E. ØyanePS: Generelt er dette ei interessant opplysning; eg saknar fleire andre unge menn som ''forsvinn'' frå Luster og Hafslo, mellom anna denne:* Anders Monsson Søgnen, fødd i Hafslo (Solvorn sokn) 27.1.1888. Mori døydde, og faren flytte kring 1895 til Bergen. Sonen ser me ikkje noko meir til...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Det var konfirmantlistene over gutter som ble sendt krigskommissariatet, slik at de som var flyttet før konfirmasjon, ville bli registrert der de ble konfirmert.Det ser dessverre ut til at dette ble et bomskudd. Andreas Sølfetsen møtte ikke/ble ikke innkalt i Luster sammen med de andre konfirmantene fra 1911. Det må vel bety at han enten var registrert som død, eller at han hadde fått militær tillatelse til å flytte.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for ny avklaring! Då er me førebels like langt i denne saki, og lagnaden til Andreas Sølfestson er framleis eit mysterium...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for uventa, men kjempemessig svar! Eg er skikkeleg imponert! Dette må jo vera ''vår'' Andreas, og problemet er soleis løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.