Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Egil Russøy

[#81096] Nokon som slå opp i ættebok for Voss (Wang) for meg?

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Dette er eit oppfølgingstema frå tema 74340 [url="http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=74340&sok=egil>Lenke russøy&nr=21&antinnlegg=13&startnr=&antall=&spraak=#anker.Då nye opplysningar som eg har funne, tyder på at utgangspunktet mitt for fødselsåret hennar må ha vore feil, starter eg eit nytt tema.Gjertrud Larsdotter frå Voss som var i teneste på Svanøy i 1806 ser ut til å ha vore mykje eldre enn det eg hadde trudd i utgangspunktet.I 1810 blir ho omtala som gamal og skrøpeleg. Eg har no funne ei Gjertrud Larsdotter død på Svanøy i 1825, 90 år gamal, dvs. f. kring 1735. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 4II (1822-1840), Døde og begravede 1825, side 11. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeEg finn ingen kandidat til denne Gjertrud Larsdotter i Kinn i 1801. Eg finn ei i Førde, men ho være være den same som dør på Rotnes i Førde i 1821. Denne Gjertrud Larsdotter er difor truleg den same som eg har funne omtalt i 1806, 1810.I FT 1814 finn eg ei på garden Hage i Wang hovedsokn som kan passe. Ho er då 63 år og ugift, og skal då være fødd kring 1738. LenkeVidare finn eg berre ei Gjertrud Larsdotter som er fødd 1735-1738 på Voss. Ho finn vi på på garden Skjeldal i 1838. Far hennar var Lars Hoversen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk for det tipset Rune. Dessverre står det ikkje så mykje meir enn det eg hadde frå før. Gjertrud er kun nemnt som fødd i 1738. Ho fekk også ei søster Marta i 1744. Faren Lars Håvardsen døde i 1758.Mor til Gjertrud er ikkje nemnd, men det må vel være denne Brite Olesdotter frå Bolstadøren som giftar seg i 1736 med Lars Hoversen Schioldalen LenkeDet er vel kanskje ikkje så mykje meir i papirutgåva heller?mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Bakketun

For at det ikkje skal vera noko tvil: Vossaboki i 4 bind, som også ligg på nett, er ikkje ættebøker. Nettutgåva er heilt identisk med papirutgåva. Bøkene kom ut på 30-talet og vart trykt i nytt opplag på 80-talet. Bøkene er noko mangelfulle, men kan likevel vera til stor hjelp når ein skal nøste opp ymse familiar.Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk for tilbakemeldinga Marianne.Godt med alt ein slepp å gå rundt å lure på.Eg har vald å slå meg til ro med at det må være den rette Gjertrud Larsdotter eg har funne på Skjeldal. Noko klart dokumentert svar får vi vel aldri.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×