Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#81237] Torolf Johannessen (1896-194?) - Blekeveien 12 i Bergen?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Torolf (Thorolf) Johannessen, fødd i Bergen 12.7.1896 (FT1912 oppgjev fødd 11.9.1897!) som son av Magnus Johannes Johannessen og Marie f. Tøgersen, vert i 1940 oppgjeven vera busett i Blekeveien 12 i Bergen. Han skal vera avliden kort tid etter!Slekt seier han var kommunearbeidar på Kronstad. Det vert òg sagt han var gift med ei Klara og at dei hadde fleire born, inkl. Ester og Kåre, men eg har ikkje greidd å stadfesta noko av dette!Er det mogeleg å finna ut:* Dato og stad for dødsfallet hans?* Yrkestitel?* Dato og stad for vigsli hans?* Fullt namn på kona hans?* Dato og stad for fødsli hennar?* Dato og stad for dødsfallet hennar?* Talet på søner pog døtrer som dei fekk?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Denne ser vanskelig ut!Her finner jeg ikke noen som passer i stemmerettsmanntallet fra 1937 under Blekeveien, og heller ikke noen i adresseboken fra 1940. Ikke finner jeg noen med detet navnet registrert som død i Bergen i aktuelle år heller, bortsett fra en sjømann som døde i 1942, men hadde helt annet fødselsår.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for freistnader på å finna denne huslyden.Eg tykkjer det er underleg at dei skal vera so ''borte vekk'', og eg lurer på; kan dei ha endra namn? Bestefaren kalla seg stundom PALM i staden for Johannessen. Men nokon Thorolf Palm finn eg ikkje...Elles ser eg i dødsfallslistene for Bergen to andre ''kandidatar'' frå første del av 1940-åri:* JOhannessen, Thorolf - døydde 11.10.1941 - pag. 365* Johannessen, Martin Torolf - døydde 4.10.1944 - pag. 141Eg trur ikkje desse har vore sjekka...?Adressereferansen frå 1940 trur eg stammar frå dødsmeldingi til faren:* Magnus Johannessen, døydde 1.9.1940 - pag. 115Elles har me dødsmeldingi til mori:* Marie Johannessen, døydde 26.10.1945 - pag. 399Kanskje kjem det fram av desse meldingane noko meir om Thorolf og huslyden hans??Eg vonar på meir hell denne gongen og takkar på ny so mykje for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Da moren døde står det ikke noe om sønnen Torolf eller hans etterlatte barn, men det viser seg å være han som døde 11. oktober 1941. Han etterlot seg enke Klara og barna Einar Johanenssen, Esther Fenstad og Kaare Johannessen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for avklaring av lagnaden til T(h)orolf! Dette var svært bra!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.