Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Gunnar Ellingsen

[#81369] Sivert Aarflot sine born

Recommended Posts

Gjest Gunnar Ellingsen

Både 'Ørstingar I' og 'Busetnadssoga for Volda, bd. 5' opplyser at Sivert Aarflot og kona Gunhild Rasmusdtr. f. Eikrem hadde fire born: Rasmus (1792-1845), Berte Kanutte (1795-1859), Sesilie Helene (1797-1862), Ottine Elisabet (1800-1839). Alle desse levde altså då Sivert Aarflot døydde i 1817. Men: Sivert Aarflot skriv i eit brev til den danske professoren Rasmus Nyerup kring 1815 at Vi har 4 Børn, 1 Søn og 3 Døttre og den yngste er nu 15 Aar (en søn er død).' Er det nokon som kan forklare kven denne døde sonen eventuelt var?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Siur Knudsen Aarflot og Gunil Rasmusdt. ble gift 28/6 1789. Da skulle det vel bli plass til et barn før Rasmus(1792).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

'Siur Stølens qv[inde]' vart innleidd 14.s.e.tr 1790. LenkeMen eg ser ikkje nokon tilhøyrande barnedåp eller gravferd. Det kan vere at dåpsinnførsla er utegløymd, eller at det var eit barn som døydde ved eller rett etter fødselen og som difor ikkje er ført inn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

Takk til Berit for tipset og til Ivar for den konkrete opplysninga - som stadfester Berit sin teori om at der kune vere 'plass' til eit barn så tidleg i ekteskapet! Eg har elles i andre samanhengar hatt svært god nytte av Ivar sine kyrkjebokregistreringar m.m. frå Volda prestegjeld! For dei som ikkje er lokalkjende, kan eg leggje til at Støylen ('Stølen') var eit mykje brukt namn i staden for Årflot.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.