Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#81467] Anders J. W(V)alaker (1869-1953) - Hafslo-Ålesund-New York-Larvik -dotter Holst?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Anders Jensson Walaker (eller Valaker), fødd i Hafslo i Sogn 22.2.1869, flytte i ung alder til Ålesund der han var tømmermeister til han i 1906 utvandra til Amerika. I 1912 var han skriven som Andrew Walaker busett 909 East 169th street, New York, men kva skjedde so?Anders Jensson Walaker (eller Valaker) døydde i Larvik 30.5.1953. Han er oppgjeven gift med Valborg med ei dotter Anna Sigrid Holst.Walborg (eller Valborg) Walaker (eller Valaker) døydde i Larvik 27.7.1958. Fødselsdatoen hennar er oppgjeven til 3.3.1878 i Larvik; eg finn ho ikkje døypt i Larvik, men ho står i konfirmantlistene som Valborg Jakobsen med spørsmålsteikn framfor. Foreldri hennar er skreddarsvein Karl Johan Jakobsen og kona Anna Gurine Kristoffersdotter ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4235&idx_id=4235&uid=ny&idx_side=-94>Lenke)! Der står det òg ein merknad om at ho ikkje gjekk til alters. Kanskje var ho dissentar?Eg finn Valborg i 1900 i Nanset gate 27 i Larvik med mori som enkje og ei yngre søster:

Gjest Carsten Schanche

Norske sykepleiere, utgitt 1960:Anna Sigrid Holst, sykepleierske (tidl.aktiv), Nanset. Født 1-8-1916 i New York. Middelskole. Sykepleieutd.: Betanien Hospital, Oslo 1936-39. Off. godkj. sykepleier.Praksis som sykepleier: Hammerfest sykehus 1939-40. Larvik sykehus 1940-45 (vikar). Kontorsøster hos Dr. Blichfeldt 1946.

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for kjempeflotte opplysningar!Du har løyst so å seia alt eg kunne spørja om, men eg er for lite kjend i området og lurer på:* Bustaden til byggmeister Anders Walaker og Walborg låg tydeleg på Nanset. Av lysingi 1945 går det fram at Nanset høyrde til Hedrum, men Anders og Walborg døydde på Nanset i Larvik(?) i 1950-åri...?* Fins det fråsegner om kva år huslyden kom attende frå New York?* Eg lurer elles på yrket til Fritz Holst (seinare i livet enn 1945)?* Nøyaktige dødsstader (og datoen for Anna Sigrid) for Anna Sigrid og Fritz?* Og endeleg talet på born (søner og døtrer) fødde av Anna Sigrid og Fritz?Eg takkar igjen for framifrå hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Gunn Huglen

Kirkegården Underspo ligger i bydelen Torstrand i dag. Området hørte til Hedrum i min barndom under krigen. I dag er adressen til kapellet Tjøllingveien 1. Larvik. Om du søker i dette kartet kan du se beliggen heten. Lenke 1, 3262, LarvikMvh. Gunn

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gunn for avklaring, mellom anna av geografien i Larvik! Eg har i ettertid ''googla'' meg fram til at Hedrum kommune eksisterte heilt fram til 2008, og at den først då vart ein del av Larvik. Det må soleis vera rett å seia at Anders og Walborg døydde i Hedrum, og kan henda døydde Anna Sigrid og Fritz der òg..., om dei då ikkje døydde på sjukehuset i Larvik...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.