Gå til innhold
Arkivverket

[#81629] oppslag i Tustna bygdebok, M&R


Gjest erling t. endresen
 Del

Recommended Posts

Gjest erling t. endresen

Hei.Har fått oppgitt at Signe Aasen Leren ble født på Tusna den 22.07.1923. Jeg vet ikke hvilken gård det er snakk om.Er det noen med nese for sånt som kan finne hennes familie i Tustna-bøkene, så ville jeg gjerne hørt hva som står om henne og hennes foreldre. Finner ikke scannede kirkebøker å lete i.mvh Erling Tsvar bes sendt til etendre@online.no dersom det gjelder personer født i senere tid.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Signe var nr. 6 i ein syskeflokk på 10 og var frå gnr 16 Leira bnr 42, Åsen på Tustna. Tustna Bygdebok B II seier at ho vart gift med Harald Johansen f. 1912 og at dei budde i Melbu i Vesterålen. Det er ikkje nemnd andre born enn dotra Judit.Far til Signe var Knut Knutsson Leren f. 20.01.1889 på Skjærset, Storlandet i Gjemnes kommune. Han kom til Leira då mora, Marta Korneliusdotter f. 1856 i Øre (Gjemnes) som enkje vart gift med Ola Alsvik, gardbrukar på Leira. Knut Knutsson hadde ein fosterbror, Peder Olsson Alsvik som var stortingsrepresentant for Møre og Romsdal i åra 1935 til 1953. Om nokon hugsar ein Alsvik som hadde mange 'Ut i naturen'-program på NRK så var det same ætta (soneson til den nemnde Peder,- trur eg).Det betyr at du må til Gjemnes for å finna forfedrane til Signe på farsida.Mor til Signe var Johanne Johannesdotter Strand, Leira på Tustna f. 12. feb. 1893. Far til Johanne var Johannes Trondsson Strand f. 3. mai 1862 i Oppistu på Leira. Stranda vart utskild frå Oppistu i 1886 (gnr 16 bnr 3). Mor til Johanne heitte Marit Johannesdotter f. 12. des. 1858 og ho kom frå Sørgarden på Nordheim, eller Nauten som garden opphavleg heitte.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.