Gå til innhold
Arkivverket
Gjest ole-jacob jorsett

[#81649] Anders Jenssøn Refsneset til Masdalen

Recommended Posts

Gjest ole-jacob jorsett

ca. 1750 - gift med Lucie Ludvigsdatter Ullebust - vet noen om hans aner??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ann-Mary Engum

Paret ble trolovet i 1743(venstre side) Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest ole-jacob jorsett

og hun kom fra Ullebust, Ludvig Olsen og Dorte Nilsdatter - men hvem var HAN??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Ikkje heilt enkel denne her. Eg har sjekka litt i BB Førde, og bladd fram og tilbake og lett etter ein Jens. Eg blei litt lurt av 'Refsneset', då det ikkje er nokon gard i Førde, men det er ein gard som heiter Refsdalen.Fann til slutt Refsneset som ein plass under bruk nr. 1 på Sunde. Eg kan sitere det som står der:'Det er uvisst når første busetnaden kom her. Den første vi veit om er 'jens Husmand i Refsnæset' nemnd som vitne i ei sak på Lia i 1707. Kona ukjend. Av borna veit vi om:a) Synnøve, gift 1724 med Anders Andersson Via.b) Marta, gift 1728 med Knut Johanesson Kusslia.c) Johanne, gift 1734 med Anders Johannesson Åsane, bst. Bruland.d) Rasmus, gift 1738 med Anna Olsdotter Hjelle.e) Ole, gift 1739 med Eli Olsdotter Kusslia.f) Anders, brukte Refsdalen 1746 til 1769, d. 1778 på Hagen.'Som du ser er det ikkje meir opplysningar om namna til foreldra enn det du kunne tenke deg til sjølv.Ellers har eg funne litt historie om Anders Jensson og også om far til Lucie, om det er interessant.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole-Jacob Jorsett

Jens Husmand er da noe.. og konene på den tiden blir jo sjelden nevnt. Litt enkel matematikk sier at barna er født mellom 1700 og 1714 - hvis de gifter seg i 20-åra... Er interessert i 'sladder ' om Anders og Ludvig!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Litt sladder kan eg alltids bidra med.Først frå Ullebust: Dorte Nilsdotter Ålbost. Gift 2. med Ludvik Olsen Sunde f.kr. 1690, d. 1751 på Ålbost. På sommartinget i 1711 vart Ludvik stemna på tinget av futen for 'Ægtebøder'. Ludvik måtte her tilstå at han hadde søkt seng med Dorte før bryllaupet deira. Dette besøket kosta han ei bot på 3 rdl., 2 mark og 4 skilling.Medan buet etter Rasmus Olsen (Dorte sin første ektemann) var falitt, viste buet etter Ludvik Olson at tidene hadde blitt betre på Ålbost. Buet hadde ei netto formue på vel 90 rdl, av dette var 42 rdl. i kontantar, som var sjeldan mykje reine pengar i eit bu. Elles hadde buet noko jordgods i Digreneset og Hagen. Ein del av inntektene skreiv seg frå utleige av beitemark. Denne 'Græsleie' vart delt mellom bruka på Ålbost etter skylda.Så frå Masdalen: Då Markvard Rognaldson vart eigar, ville han ta over Masdalen. Han var sokalla buslitsmann, og anla i 1770 sak mot leiglendingen Anders Jensson for å få han til å fråvike bruket. Det var Anders villig til, om han fekk at bygslepengane på 12 rdl. som hhan hadde lagt ut i 1746, og fekk erstatta det han hadde kosta på husa. Det viste seg å vere ikkje så reint lite. Kyrefloren hadde vore så nedroten, at Anders hadde rive han ned og bygd han opp att på ei anna tomt. Sameleis hadde uthus og ledhus vore rotne og blitt reparert. Smalefloren var og bygd ny av Anders. Eitt år etter at han kom til gards, hadde sætestova ramla ned, fordi stavleiestokkane var bortrotna. Også dette huset hadde han sett opp att. Dessutan hadde han bygd stabbur, smie og to gardflorer, hus som ikkje fanst på garden då han kom. To vitne stadfesta dette. Anders vart så dømt til å fråvike garden, mot å få attende bygslepengane. Dessutan fekk han godtgjort i alt 24 rdl. i utgifter med husa. Saksomkostnadene på vel 5 rdl. måtte Anders dekke. Deretter flytta Anders med familien til Hagebakken under Hagen.Alt er henta frå BB Førde.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole-Jacob Jorsett

Det var nå en flittig Husmand! er det noen kilder som kan fortelle hvor han kom fra? kunne vært artig å visst. Ellers lurer jeg på hvem som sladret om at Ludvig krøp til køys med Dorte..alltid noen som titter! Takk for fine opplysn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Flittig ja, men han var ikkje husmann i Masdalen, då var han leiglending. Men når han flytta til Hagen blei han tydelegvis husmann, i alle fall var han husmann når han døde i 1778.Fann også ein kandidat til Jens: LenkeI så fall må han ha fått ein son Jacob kring 1700, som kanskje har dødd ung? Etrelia er ein nabogard til Masdal. Masdal ligg mellom Etrelia og Ullebost. Det blir litt spekulasjoner. Jens kan sjølvsagt ha kome frå ein gård som låg lenger vekke, eller frå eit anna prestegjeld.Når det gjeld kven som sladra på Ludviq, så har eg dessverre ikkje noko gode forslag, men det kan jo være ein forsmådd friar.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Eg gløymde at denne Jens Jacobsen ikkje er nemnd under Etrelia i BB Førde.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.