Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#81664] Thomas Georg Fredrik Jørgensen og kona Rachel Othelie - busette Bergen 1920-åri?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Thomas Georg Fredrik Jørgensen, fødd i Bergen 22.9.1880, gifte seg etter 1912 med Rachel Othelie, fødd ''austefjells'' 9.11.1889.Thomas og RAchel skal ha butt i Inndalsvegen i Bergen kring 1915-1925, medan Thomas dreiv elektrisk forretning i Marken i Bergen. Dei flytte kring 1925 til Oslo der me veit Rachel Othelie døydde 27.1.1964. To døtrer er nemnde, Erna og Elsa.Er denne huslyden mogeleg å identifisera, medan dei budde i Bergen, som til dømes med:* Dato og stad for vigsli deira?* Fødestaden til Rachel Othelie og jentenamnet hennar?* Flytteåret deira til Oslo?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Astrid Gangdal

Rachel Othilie f. Mathiesen 9.11.1889 i Kristiania. I følge opplysning på folkeregisterkortet er de viet 15.3.1911, ikke opplyst hvor. De meldte utflytting til Oslo 23.10.1926.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Astrid for spennande og utfordrande opplysningar!Går det fram av kortet om dei to døtrene var fødde i Bergen og i tilfelle kva år? Var det fleire born enne dei to?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for spennande opplysningar! Det er nok riktig Rachel (Rakel), men kva so med vigsli deira?Thomas Georg Fredrik er skriven UGIFT 1.1.1912! Kan dei vera vigde i Christiania i 1912 eller 1913?Dødsfallet til Thomas er òg eit problem! Han skal vera avliden ein gong på 1930-talet eller tidleg på 1940-talet, men finst ikkje i Dødsfallsregisteret for Oslo 1930-1945! Heller ikkje finn eg han i Aker 1930-1948!Vestre Gravlund syner gravlagde i lag:Jørgensen, Rachel, fødd 9.11.1889, avlidi 27.1.1964Jørgensen, Thomas, fødd 22.9.1930, gravlagd 11.5.1965Det er påfallande at Thomas er fødd på dagen 50 år etter ''vår'' Thomas Georg Fredrik!!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest astrid gangdal

Erna Reidun f.25.9.1912 i Kristiania og Elsa Ranveig f.12.3.1915 i Kristiania.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Astrid for nyttige tilleggsopplysningar!Eg ser at dotteri Elsa Ranveig BØE, fødd 12.3.1916, avlidi 9.5.1983 og mannen Jan BØE, fødd 28.4.1915, avliden 22.7.1971, òg er gravlagde på Vestre Gravlund i Oslo, like ved Rachel og Thomas! Det vert fortalt at Jan BØDE skulle vera frå Sandalen ved Nesttun i Fana, og at han sigde ute som styrmann. Under siste krig budde han og Elsa i Håkonsgaten i Bergen.Elles vert det fortalt at søsteri Erna skal ha arbeidd hjå Magasin du Nord i Oslo!Elles seier FT1912 (1. januar) at Thomas Georg Jørgensen då var handelsreisande busett hjå foreldri sine i ytre Markevei 28 i Bergen, so eg vil tru vigsli hans med Rachel må ha funne stad i 1912, kan henda 15.3.1912, kan henda i Christiania...Kanskje er det likevel mogeleg å finna:* Vigsli til Thomas Georg Fredrik Jørgensen og Rachel Othilie?* Dødsfallet til Thomas Georg Fredrik Jørgensen?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.