Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Arne T. Aabø

[#81712] Jørgen Juve d.e. frå Lårdal i Telemark

Recommended Posts

Gjest Arne T. Aabø

Hei! Opplysningar om Jørgen Juve d.e. Kan nokon hjelpe meg? Eg hev interessert meg for slekti til den legendariske fotballspelaren Jørgen Juve, m.a. kjend som kaptein på 'bronselaget' under OL i Berlin i 1936. Bestefar hans heitte også Jørgen Juve. Han kom frå Lårdal og er ein fjern slektning av meg. I 1885 budde han i Grimstad og to av borna hans, Margit og Ole Martin, er konfirmerte der. Det eg ynskjer hjelp til, er å finne ut når og kvar han og kona, Hæge Eriksdotter, døydde. Eg finn dei ikkje i folketeljingi for 1900. Sonen Ole Martin kom til Porsgrunn og gifte seg der i 1906. Han er far til Jørgen d.y. Helsing Arne T. Aabø

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne T. Aabø

Eg vil koma med nokre utfyllande opplysningar om Jørgen Juve d.e. Han var fødd i Lårdal i 1843. I unge år reiste han til Kristiansand og tok underoffiserskulen. 1866 selde han garden sin, Juve i Lårdal, Telemark. I 1868 kaupte han garden Lønnemoen i Vrådal, Kviteseid kommune i Telemark. Same året gifte han seg med Gunhild Andersdtr. Kilen frå Kviteseid. Ho døydde i barsel i 1876. I 1878 gifte han seg att med Hæge Eriksdtr., også frå Kviteseid. Same år fekk dei dotteri Margit, fødd på Lønnemoen. I 1880 sel han Lønnemoen og flyt til Sørlandet. Sonen Ole Martin er fødd i Vestre Moland ( no Lillesand )i 1881, Sonen Gunnar er også fødd same stad i 1883. Ved folketeljingi for Grimstad i 1885 bur heile familien i Grimstad. Jørgen er då titelert Sergeant og konstabel. Margit vert konfirmert i Grimstad i 1893 og Ole Martin same stad i 1895. Gunnars konfirmasjon finn eg ikkje. I folketeljing 1900 finn eg berre Ole Martin. Han er då garvarlærling i Grimstad, 18 år gamal. Seinare kom han til Porsgrunn og slo seg ned der. Eg mistenkjer at både Jørgen og Hæge er døde før 1900, men då må dei vera innførde i ei kyrkjebok ein eller annan stad. Det er det eg treng hjelp til å finne ut av. Resten av slekti er stort sett på plass.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne T. Aabø

Hei og mange takk for svar, Inge Nygård. Det var nettopp dette eg var ute etter. Tusen takk! Men så er det gjerne slik at nye opplysningar fører til nye spørsmål. Eg ser at Jørgen Juve er registrert som gift då han døyr i 1899. Han skulle vel vera enkjemann. Spørsmålet som melder seg, er om han kan ha gift seg opp att etter at kona døydde i 1893. I folketeljingi for 1900 er det i Grimstad ei enkje, Sigrid Juve, fødd i Konsmo 1839. Kan det vera tredje kona til Jørgen? Korleis kan me finne ut av det? Når det gjeld dotteri Margit, er heller ikkje ho å finne i 1900. Eg hev derimot funne henne i ei utvandrarliste frå 1911. I familien seier dei at ho reiste til Amerika, vart gift med ein Aamodt, kanskje frå Telemark, og vart verande der borte. Er takksam for hjelp til å finne ut meir om desse spørsmåli.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gro Berit Sternang

Kan det vera Margit som er i Seljord 1900 Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne T. Aabø

Det var eit godt forsøk, Gro Berit, men diverre. Sjølv om førenamn, fødselsår og etternamn var likt, er det ikkje den Margit eg leitar etter. Margit G. Djuve som du fann hjå lensmann og stortingsmann Olav Sveinsson i Seljord i 1900, kjenner eg godt til. Ho var dotter av Gunnar Djuve, eller G. O. Aaland, som han skreiv seg. Han kaupte Djuve i Lårdal rundt 1890, den same garden som Jørgen selde i 1866, berre med den skilnad at Jørgen og etterkomarane hans konsekvent hev skrive Juve; andre brukar Djuve. Eg hev akkurat arbeidd med ein artikkel om Gunnar og syskeni hans for Tokke historielag, og eg oppdaga då at Margit ikkje var heime på Djuve i 1900 og undra meg kor ho heldt seg. Takka vera deg veit eg det no. Ho gifte seg med ein lårdøl, Olav A. Nygård, men vart tidleg enkje. Då ho seinare gifte seg att med ein annan lårdøl, Tor Kristensen, flutte dei til Lunde, og ho er gravlagd der.Takk for innlegget!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inge Nygård

Siri Juve (f. Larsen) døydde 3.11.1902 (nr. 37) LenkeHo er nemnt som enke etter konstabel Jørgen Juve.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne T. Aabø

Hei! Du er ein 'trollmann', Inge Nygård. Tenk at du ordna dette for meg også. Tusen, tusen takk! Då var det som eg hadde mistanke om; Siri eller Sigrid, var tredje kona hans. Greier du å finne når dei gifte seg også??? Helsing og takk frå Arne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne T. Aabø

Ja, Frøydis Sørensen, eg trur heilt sikkert du hev funne den rette Margit Juve. Ordtaket om at ei liti tuve kan velte stort lass, sannar seg her. Eg hev leita og leita, og så er ein liten bokstav for mykje, her r, heile årsaka til at eg ikkje hev funne henne før. Eg hev elles funne Siri Juve som fødd i Konsmo, Nord Audnedal, Vest- Agder, i 1839 og konf. der i 1854. I 1865 er ho i Landvik, Aust- Agder, som tenestejente. Tusen takk, Frøydis! Helsing Arne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne T. Aabø

Hei! Tusen takk til alle som hev hjelpt til med å løyse dette problemet mitt. Eg hadde aldri trudd at det skulle gange så glatt. No hev eg leita etter når Jørgen og Siri gifte seg, men kan ikkje finne det korkje i Grimstad, Fjære eller Landvik. Kan det vera borgarleg vigsle hjå sorenskrivaren? Veit noko når det vart teke i bruk og om det finst tilgang på slike protokollar på internett? Eg hev elles teke kontakt, e- post, til statsarkivet i Kristiansand for å få opplysningar frå dødsfallsmeldingi frå lensmannen til skifteretten ved Jørgen sin død 29/9 - 1899, men då kjem det truleg ikkje meir fram enn me alt veit. Er nokon interesserte i kva eg fær vita, kan de seia i frå, så kjem det eit innlegg frå meg når svaret hev kome. Helsing Arne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne T. Aabø

Takk for det, Karin Moen i Oslo. Eg fann henne i Fjære eg også. Så hev eg fenge svar frå statsarkivet i Kristiansand, men det er ikkje så mykje å bli klok av. Svaret lyder: 'Efterlader sig Enke og 3 Børn af 1ste Ægteskab, Enken har Særeie - intet at skifte.' At ho hev særeige, tyder kanskje at ho også hev born frå tidlegare ekteskap. Eg hev sendt ny e- post til statsarkivet for å få høyre kva det stend i dødfallsmeldingi etter Siri som døydde 3. november 1902. Ja, no er me langt utanfor det opphavelege emnet, men det er no eingong slik at ting ballar på seg til meir ein granskar, og det er no interessant kva ein kan finne ut. Arne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Holte Rosenkilde

Siri Larsdatter Viblemo kan være interessant på mer enn en måte. Som vist tidligere i denne debatten bodde hun på Landvik i Landvik i 1865. Hun meldte imidlertid ikke utflytting fra Konsmo til Landvik før i 1873. Dette gir meg en mistanke om at hun kan ha vært en av de mange som barnevandrerne fra indre Vest-Agder til Nedenes i første halvdel av 1800-tallet. Mange av dem slo seg senere ned i Grimstad og de omliggende bygdene. Men det var også migrasjon samme veien av folk som ikke hadde deltatt i barnevandringene, så noen konklusjon tør jeg ikke trekke.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Holte Rosenkilde

Siri Larsdatter Viblemo kan være interessant på mer enn en måte. Som vist tidligere i denne debatten bodde hun på Landvik i Landvik i 1865. Hun meldte imidlertid ikke utflytting fra Konsmo til Landvik før i 1873. Dette gir meg en mistanke om at hun kan ha vært en av de mange som barnevandrerne fra indre Vest-Agder til Nedenes i første halvdel av 1800-tallet. Mange av dem slo seg senere ned i Grimstad og de omliggende bygdene. Men det var også migrasjon samme veien av folk som ikke hadde deltatt i barnevandringene, så noen konklusjon tør jeg ikke trekke.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne T. Aabø

Ja, eg hev vore inne på same tanken, barnevandring. Eg las ein stad om Audnedal, og nettopp i dette området rundt Konsmo og Vigmostad var det mykje barnevandring. Elles ser det ut til å vera vanskeleg å finne ut meir om Siri Viblemo. Men ho var no heime i 1854 då ho vart konfirmert. Tregaleg at ikkje 1875- folketeljingi er lagt ut på nettet for heile landet. Men eg hev funne far hennar og bror hennar, trur eg, i 1865 i Nord - Audnedal. Siris giftarmål, om det er eit eller to, kan eg ikkje finne i nærlggjande kyrkjebøker til Grimstad.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne T. Aabø

Ja, eg hev vore inne på same tanken, barnevandring. Eg las ein stad om Audnedal, og nettopp i dette området rundt Konsmo og Vigmostad var det mykje barnevandring. Elles ser det ut til å vera vanskeleg å finne ut meir om Siri Viblemo. Men ho var no heime i 1854 då ho vart konfirmert. Tregaleg at ikkje 1875- folketeljingi er lagt ut på nettet for heile landet. Men eg hev funne far hennar og bror hennar, trur eg, i 1865 i Nord - Audnedal. Siris giftarmål, om det er eit eller to, kan eg ikkje finne i nærlggjande kyrkjebøker til Grimstad.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gro Berit Sternang

Hei Arne T. Aabø!Er du godt kjent i Høydalsmo? Om du kan hjelpe til i denne debatten under DIS? Eg veit kvar Å ligg, men ikkje dei andre plassane. LenkeMvh Gro Berit

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne T. Aabø

Jau, Gro Berit, i Høydalsmo er eg kjend som i mi eigi bukselomme. Halve slekti mi attover er derifrå, og sjølv bur eg øvst i Lårdal 100 m frå soknegrensa til Høydalsmo. Tarjei Aa er min tipptipptippoldefar også. Eg slektar frå Turid, og eg hev nok litt informasjon om Knut også. Men dette vert ei anna sak, kanskje du kan opprette eit nytt emne, ev. rettleie meg om korleis eg finn fram på DIS og kan svara der. Nett no stend eg på farten og skal fylgje i ei gravferd, men eg vil gjerne hjelpe til. Helsing Arne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gro Berit Sternang

Kanskje vi fyrst skal prøve via DIS.Eg legg ved lenke til skjema for innmelding til DIS. Der markerar du for å bli gjest, og fyller ut resten. Er usikker på kva som skjer vidare, om passord kjem automatisk eller du må vente på mail. Du må bare prøve. http://www.disnorge.no/cms/innmelding.htmlGår dette bra, så kan du gå raskaste vegen inn på lenka til debatten i mitt innlegg 18. Eg kan ta meire forklaring seinare, eller du kan og kontakte meg på mail (arvstern med alfakrøll og vanleg online adresse)helsing Gro Berit (frå Bøye, det trur eg du veit kvar er)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne T. Aabø

Hei! Eg hev no fenge svar frå statsarkivet i Kristiaansand vedr. dødsfallsmeldingi om Siri Juve. Av dødsfallsprotokollen for Sand sorenskriveri går det fram at Siri døydde i november 1902. Dette veit me alt, datoen var 3. nov. Meir stend det ikkje. Arkivet hev også leita i skifteprotokollane, men utan å finne noko om eventuell buhandsaming. Dette tyder vel at det var ingenting å skifte. Me fær såleis ikkje svar på om Siri hev vore gift før og om ho hev barn frå tidlegare ekteskap. Eg er likevel nøgd med responsen. Eg hev fenge gode svar på alle dei opphavelege spørsmåli mine, og då kan ein vel ikkje vera anna enn nøgd. Då ser eg saki som avslutta. Tusen takk til alle som hev hjelpt meg med å leite og finne. Dette gjekk over all forventning. Venleg helsing Arne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.