Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#81917] Peder S. Pederson - fødd Noreg 20.11.1855 - utv 1870/75 - Grant Co., MN -opphav?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Peder S. Pederson, fødd i Noreg 20.11.1855, utvandra til Amerika i 1870 (jmf. FT1900) eller 1875 (jmf. FT1910) og gifte seg i Fargo, ND 7.8.1887 med Øllegaard ''Ella'' Olsdotter Steig (Olness), fødd i Hafslo, Noreg 4.3.1856.Peder og Ella farma først i Pomme de Terre township, Grant Clo., MN, men flytte 1900 til ein farm i Martin township, Sheridan Co., ND. Som pensjonistar var dei frå 1924 busette i Fargo, Cass Co., ND der Ella døydde 6.1.1936. Peder, som i mellomtiodi hadde teke namnet Peter S. Peterson, døydde same staden 9.3.1939. Dei fekk fem born, men to døydde kor etter fødsli. Levde gjorde dotteri Florence og sønene Selmer og William.Problemet mitt er å finna det norske opphavet til Peder S. Pederson!?EG TRUR at Peder S. Pederson må ha utvandra med foreldri sine, og at faren hadde eit førenamn som tok til med S, kan henda Søren Pederson eller Syver/Sjur Pederson? Bakgrunnen for mistanken er sonen som heitte Selmer...Eg har søkt hjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og på FamilySeasch med ulike førenamn som byrjar på S, men har ikkje enno funne nokon som høver.Kanskje andre auge er betre enn mine?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Er ikke farens navn nevnt ved giftermålet i 1887?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og ikkje minst til Carsten som har løyst problemet!Først til Grethe: Vigselsattestane frå North Dakota syner diverre ikkje namn på foreldri. Det same er tilfellet i mange andre statar, mellom anna i Minnesota, medan attestane frå til dømes Wisconsin, Iowa og Montana har dei med.I dette tilfellet er det OK, for huslyden til Carsten berre MÅ vera den rette! Som eg nemnte i innleiingi, var Peder S. Pederson i mange år farmar i Pomme de Terre township i Grant Co., MN, og i 1885 finn eg denne huslyden nettopp i Pomme de Terre township, Grant Co., MN:~~~~~~~~~~~~~~~~~~PETTERSON, Swen 64 NorPETTERSON, Martha 60 NorPETTERSON, Lisa 25 NorPETTERSON, Swen 15 Nor~~~~~~~~~~~~~~~~~~Ingen tvil om at dette er ''vår'' Svend Pederson (Gjesdal) frå Høiland, so med dette er problemet løyst! No står det berre att å identifisera opphavi til Svend og Martha...Du er berre heilt fantastisk, Carsten!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Her fann eg vigsli til Svend Pederson og Martha Gurine Eriksdotter i Finnøy 6.7.1846: LenkeMed venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.