Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#81939] Nils Hess Skjerven, fødd Hafslo 1900, avliden i Oslo kring 1950/1960?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Nils Hess Skjerven, ein son av olympisk delatakar og sidan snikkarmeister i Oslo, Hermund Skjerven, som døydde på Grorud i Oslo 14.3.1952, var fødd i Hafslo 25.4.1900, men voks opp i Drammen.Nils gifte seg i Drammen 12.11.1932 med Astrid Marie Christoffersen, fødd i Drammen 26.8.1896.Nils og Astrid skal i 1945 ha vore busette i Dalsbergsgt. 10 i Oslo, men kan sidan vera flytte til Pilestredet. Nils var trelastarbeidar eller snikkar.Astrid døydde i Oslo 27.11.1976 og var då enkje. Ho vart bisett på Bragernes i Drammen.Nils Hess Skjerven er òg bisett i Drammen, men ingen dødsdato er oppgjeven!Spørsmål:* Finst det i Aftenposten nokon dødsannonse for Hermund Skjerven (1952) og/eller Nils Skjerven (19??) og/eller Astrid Skjerven (1976) som kan hjelpa oss vidare til å finna dødsfallet til Nils Hess Skjerven?* Eg trur Nils og Astrid var barnlause, men ønskjer ei stadfesting av dette?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Fru Astrid Skjerven bor i 1955 i Dalsbergstien 10, men ingen Nils er oppført i adresseboka?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for nyttig innlegg!Då kan me vel konkludera med at Nils Hess Skjerven døydde i Oslo mellom 1945 og 1955, men er det mogeleg å finna den nøyaktige datoen...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.