Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#82031] Elisabeth Hansdotter Hjortdahl - fødd 1805 - ''Lisa ved Sjøen'' - budde i Førde?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Landhandlar og gjestgjevar Hans Rue Eliasson Hjortdahl (1776-1857) og kona Synneva Hansdotter (Bugge) (1771-1857) budde i Sjøhola, Skei ytre i Førde. Dei fekk to born, sonen Samuel Mandrup (omskriven under tema #21821) og dotteri:* Elisabeth Margrethe Hansdotter Hjortdahl, fødd i 1804 eller 1805.Denne Elisabeth vert referert til som ''Lisa ved Sjøen'', men utan at det vert sagt noko som helst om huslyden hennar eller kvar denne ''Sjøen'' var!?Er det nokon med lokal kunnskap i Førde som kan ha tankar om denne Lisa og lagnaden hennar?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Finn ikkje noko meir i farta i BB Førde enn at ho var fødd i Sjøahola i 1805.Finn denne død i Bergen 1878, som bør være ein god kandidat. Lenkemvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sigdestad

Hei Lars!Her i Sunnfjord/Nordfjord seier vi ikkje 'ved' men 'med', så når du skal bruke ei lokal nemning på henne, bør ho kallast 'Lisa med Sjøen', eller det mest korrekte, sidan preposisjonen 'med' styrer dativ, 'Lisa med Sjøna'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil og Gunnar for interessante innlegg!Eg nyttar gjerne dialekt i bøkene mine, men å henta dialektar frå alle kantar av landet er vel kanskje farleg, særleg om me skulle byrja skriva om folk i Sætesdalen eller i Nord-Trøndelag...Og det er nok Elisabeth som døydde i Bergen, men pussig nok er ho ikkje å sjå i noki folketeljing! Og dødsmeldingi hennar i Bergen har heller ikkje noko å seia om huslyden hennar ([url="http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/23997/296?size=full&mode=0>Lenke). Men tydeleg var ho ugift!So ser eg på opplysningane som kjem fram under tema #82030, at Hans Rue Hjortdahl tok over som landhandlar (etter foreldri sine) frå 1806 og at han heldt fram til 1831. Bygdeboki nemner TRE born:''* Samuel, neste brukar, f. kr. 1809* Elisabeth f. 1805* Johan f. 1807''Samuel Mandrup vart døypt i Hafslo 7.7.1806Elisabeth Margrethe finn eg døypt i Førde 9.1.1805Men nokon Johan kan eg ikkje finna! Ein Jan Hjortdahl vart rett nok døypt i Førde 29.7.1807 (

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Hei Lars. Eg har også lett etter Elisabeth i 1865/1875, utan hell.Eg har sjekka litt meir om dette med 'ved Sjøen'. Det er for så vidt riktig at på dialekt blir det 'med Sjøen', men du har vel funne namnet i skriftlege kjelder, og det var vel heller lite med dialekt i det skriftlege språket på dei tide. I følge kulturhistorisk veivisar for Førde, har Sjøahola tidlegare hatt ulike namn, heriblant 'med sjøen'. Det skulle altså bety at det er Sjøahola det er sikta til. (Eg reknar med at du veit kor Sjøahola ligg).Eg skal sjå litt på den andre saka, skriv meir der.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.