Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Egil Russøy

[#82154] Christine Christensdotter f. Førde 1858. Kor er ho i/kring 1900?

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Christine Christensdotter (Kristine Kristensdotter/-sen) er fødd Førde den 20. februar 1858. Foreldra er Christen Christensen og Anne Ellingsdotter.Dåpen: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?show=198&uid=83382&urnread_imagesize=full&hode=nei&ls=1>Lenke1865: LenkeEin gong mellom 1868 og 1872 flyttar dei til Askøy, seinare til Bergen.Konfirmasjonen på Askøy i 1873 (nr. 11) Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Askøy, Ministerialbok nr. A 12 (1855-1877), Konfirmerte 1873, side 102. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeFamilien i Bergen i 1875 (uten Christine): LenkeDette kan være Christine i Bergen i 1875:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen

Hei jeg fant st par Kristiner i 1900 tellingen i ca alder som du sier, men har du vuredert denne damen som er i tjeneste her?LenkeEtternavnet er skrevet med K. men det behøver ikke bety aå mye :-)Mvh. Gunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Hei Gunn. Takk for tipset. Etternamnet er vekselsvis skreve med Ch og K oppigjennom, så det treng ikkje bety noko.Den du har funne, har eg ikkje sjekka ut tidlegare. Ser at etternamnet hennar er Kristiansdatter og ho skal være fødd på Lindås i 1858.Det er nok då kanskje mest sannsynleg at det er denne du har funne. Lenkemvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen

Har du sjekket emigrantlister eller om det er mulig at damen har giftet seg og er registrert med ektemannens etternavn ved 1900-telling?Jeg finner ingen Kristine eller Christine i passe alder f. i Førde i 1900-tellingen, bortsett fra de du vel har funnet?Ser at du har rett med hensyn til den damen jeg foreslo fra Lindås.Kan godt lete litt i emigrantlister.Mvh, Gunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunn Huglen

Har prøvd å lete litt på DIS GRAVMINNER. Har ikke funnet noen som passer med fødselsdato død i Bergen. Eneste jeg fant med samme fødseldato 29 feb 1838 var denne damen . Hun er begravet sammen med ektemann og en sønn i Narvik.Dette blir bare en gjetting , dessverre: LenkeDu får kikke litt på dette selv om du tror det er av interesse? Lenken må muligens dobbeltklikkes på for å se grevstenen. Mvh, Gunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk til Gunn for engasjement, og tusen takk til Carsten.Denne har eg lett lenge etter. Eg hadde nett lagt inn ein forspurnad på arkivforumet på den same dama som du fann Carsten, men eg fann ho i eit register der det ikkje var oppført fødselsdato. Då veit eg i alle fall at det er rett.Så får vi håpe at det kan være interessante opplysningar i skiftet, sjølv om det ser ut som om ho kanskje er den siste gjenlevande frå denne familien.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Egil,Eg har ikkje sett dette temaet før no! Eg har nemlig òg vore på leiting etter fleire detaljar om denne huslyden! Kanskje du kan hjelpa meg? Her er kva eg har:~~~~~~~~~~~~~~Christen Christenson Aasen ''Kristen Kristensen'', døypt i Hafslo 7.2.1819, flytte i 1850 til Førde der han 7.1.1858 gifte seg med Anna Ellingsdotter frå Svanø i Kinn. Ho var dotter av¤¤¤¤¤ (Elling Hansson Dahl frå Kinn og jenta Siri Haagensdotter frå Bjørnebergstølen i Hemsedal)og f. i Hemsedal (Nes) 1.7.1836, men voks opp på Svanø i Kinn. Kristen var ei tid koparverksarbeidar, og han og Anna budde som strandsitjarar på Skei i Førde, men flytte kring 1870 til Damsgård på Laksevåg og snart etter vidare til Sandviken i Bergen der han livnærte seg som bryggjearbeidar og sidan òg som steinarbeidar. Kristen d. i Bergen 28.5.1902, medan Anna Aasen d. same staden 19.10.1902. Me kjenner til sju born etter dei:a. Kristine Kristensdotter Kristensen, f. i Førde 20.2.1858, d. på ein pleieheim i Bergen 12.7.1939. Kristine var lagerarbeidar og sidan hushaldar. Ho var ugift og budde i Bergen levetidi ut.b. Elisabeth Sophie Kristensdotter Kristensen, f. i Førde 18.12.1859, d. på Lille Damsgård på Laksevåg 5.1.1872.c. Kristoffer Kristenson Kristensen, f. i Førde 7.3.1862,¤¤¤¤¤ (n. 1865 og 1875 – d. barnlaus før 1902?)d. Anna Lovise Kristensdotter Kristensen, f. i Førde 30.1.1865, d. på Lille Damsgård på Laksevåg 15.1.1872.e. Henrikka Kristensdotter Kristensen, f. i Førde 31.12.1867, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – truleg før 1875!)f. Elias Ananias Kristenson Kristensen, f. på Laksevåg 6.3.1872, d. i Bergen 29.8.1894. Elias var matros og budde i Bergen, ugift.g. Henrik Kristenson Kristensen, f. i Bergen 18.11.1875, d. i Bergen 14.10.1879.¤¤¤¤¤ (fleire born? – opplysningar om dei?)~~~~~~~~~~~~~~Hjarteleg takk til deg, Egil (eller eventuelt andre), for alle detaljar som kan supplerast her!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Hei Lars. Dessverre har eg ikkje mykje meir å bidra med i forhold til denne familien. Eg har ein son Henrik Andreas f. 07.04.1880, døypt i Korskirken. Truleg død før 1885.Ut frå dødsprotokollen, har eg erkjent at Kristine var den einaste gjenlevande etter at foreldra døde i 1902, og at alle søskena hennar, på same måte som ho sjølv, døde ugifte og barnlause. (Eg har heller ikkje funne noko endeleg stadfesting i forhold til Christoffer og Henrikke, men når dei ikkje er nemnde i dødsprotokollen etter foreldra, så må vel det bety at dei heller ikkje hadde etterkommarar etter seg).Min interesse for denne familien gjeld opphavet til Elling Hansen (far til Anna). Eg hadde håpa å kunne finne gjenlevande personar etter Anna, som kanskje kunne være til hjelp, men det er det altså ikkje ut til å være.Eg finn heller ikkje at verken Elling Hanssen eller Sigrid Haagensdotter fekk fleire barn, og dermed så døde slekta etter desse to ut med Kristine i 1939, og kanskje svaret på kor Elling kom frå.Eg kan oppdsummere det eg har om Elling og Sigrid i tema 78080.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for opplysningane om Henrik Andreas! Kanskje dukker ogso dei andre ''ukjende'' borni opp i dødsfallslistene i Bergen..., eller kanskje er eg for optimistisk? Av ein eller annan grunn er det alltid nokon me ikkje finn att...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.