Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#82366] Dora Hanson - fødd i ''Chistiania'' 1859 - dottar av Hans og B. Marie -utv 1880?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Dora Hanson stod brur i Eau Claire, WI 25.1.1887. Den norske kyrkjeboki seier ho var dotter av Hans Andersson og kona Bertha Marie, men ingen fødestad! Dødsattesten oppgjev foreldri til Hans Hanson og Mary fødd Hanson.Nekrologen hennar seier ho var fødd i Christiania (noko som vel kan vera store deler av Austlandet?) 16.6.1859, medan dødsattesten hennar seier fødselsdatoen var 16.7.1859. Reknar ein derimot alderen attende ved dødsfallet (years - months - days), får me fødselsdato 18.8.1859.Utvandringsåret hennar er oppgjeve til 1880!Er det mogeleg utifrå desse opplysningane å finna det norske opphavet til denne jenta?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Da er vel dette kanskje Dora i Amerika i 1880 Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Dette er vel samme Dora LenkeSer at det er listet opp en Christine Hanson også. Kan de ha noe med hverandre å gjøre?Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Hei Lars,hva het mannen til Dora? Det har vel ikke noe med sammenhengen her å gjøre, men greit å vite.Det er ei Dora Hanson blant emigrantene over Kristiania i 1901, men hun er gift med en Ole Hanson og er neppe din Dora. De skal til Chicago iflg. protokollen.Så er spørsmålet om Dora het Dora da hun utvandret i 1880, eller om navnet er blitt 'anglofisert' ved ankomsten. Hun kan jo ha hett Tora eller Teodora for den saks skyld....Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit og Grethe for nye innlegg!Eg har ingen opplysningar over hovudet om kvar Dora kan ha butt FØR ho gifte seg i Eau Claire, WI, men ho var tydeleg ''reisevand''... Ho gifte seg 25.1.1887 i Eau Claire, WI med enkjemannen Knute N. Knudson, fødd i Dane Co., WI 10.1.1855. Han hadde før vore gift med Ingeborg Marie ''Mary'' Urness (1859-1885) med bakgrunn frå Hafslo i Sogn. Knute arbeidde som butikkbetjent i Eau Claire, WI fram til 1901 og deretter i Mondovi, WI til han døydde i 1905. Som enkje flytte Dora først til austkysten for ei tid, før ho tok til med kafeteria og konditori i Mondovi, WI, og der døydde ho 17.7.1913. Ho fekk fire born!Eg har aldri sett namnet hennar skrive anna enn Dora; det gjeld 1900, 1905 og 1910, men i 1905 (Lenke N&ln=Knudtson&st=r&ssrc=&pid=839561) har ho ein mellombokstav ''K'' (vanskeleg å lesa - kanskje det står ''H'' - dei som har indeksert teljingi, har alt ''bomma'' på Dora og kalla ho Cora i staden!)Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.