Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#82516] Anders Olson Tangen i Årdal (1726-1774) og fem born som berre forsvinn - Y.Sogn?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Anders Olson Tangen, fødd på Urnes i Hafslo og døypt der 27.2.1726, gifte seg i Hafslo 15.6.1756 med Anna Jørgensdotter, òg frå Urnes, døypt i Hafslo 2.5.1728. Etter fleire år på Urnes flytte dette parfolket kering 1762 til Årdal der me finn dei att som gardbrukarar på Tangen, Anders d. i Årdal hausten 1774, medan Anna d. same staden 4.8.1783. Dei fekk sju born i lag:a. Hans Andersson, døypt i Hafslo 23.11.1758, flytte med foreldri til Årdal og d. på Tangen 9.10.1817. Han gifte seg i Årdal 16.5.1784 med Anna Kirstina Stevelinsdotter Lem, dotter av handelsmann Stevelin Sørenson Lem på Årdalstangen i Årdal (1725-1806), opphavleg kapellanson frå Kvale i Luster. Anna var f. kring 1758 og d. som legdelem på Lægreid 24.7.1838. Hans og Anna var gardbrukarar på Tangen i Årdal og fekk i alt ti born.b. Jørgen Andersson, døypt i Hafslo 27.9.1761,¤¤¤¤¤ (n. 1783 – lagnad ukjend)c. Ole Andersson, f. i Årdal 20.9.1763,¤¤¤¤¤ (n. 1783 – lagnad ukjend)d. Thomas Andersson, f. i Årdal 28.10.1765,¤¤¤¤¤ (n. 1783 – lagnad ukjend)e. Anders Andersson, f. i Årdal 20.7.1768,¤¤¤¤¤ (n. 1783 – lagnad ukjend)f. Kari Andersdotter, f. i Årdal 16.2.1770,¤¤¤¤¤ (n. 1783 – lagnad ukjend)g. Christopher Andersson, f. i Årdal 3.3.1773, d. i Årdal 9.3.1773.~~~~~~~~~~~~~~~~Eg har i lengre tid vore på leiting etter lagnadane til dei fem borni i denne huslyden som berre ''forsvinn''. Kvar kan dei ha vorte av? Flytte dei kanskje til Ytre Sogn??Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for mange flotte innlegg! Eg trur so sanneleg du har funne alle dei fire brørne - i Bergen! No lyt eg arbeida meg gjennom denne huslyden for å sjå om det meste er kome på plass. Eg kjem attende sidan...Elles er eg framleis òg interessert i å spora opp søster deira; kanskjde hamna ho òg i Bergen...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg har no hatt høve til å sjekka ut opplysningane om borni i denne huslyden og har førebutt eit nytt manuskriptutdrag:~~~~~~~~~~~~~~~Anders Olson Tangen, fødd på Urnes i Hafslo og døypt der 27.2.1726, gifte seg i Hafslo 15.6.1756 med Anna Jørgensdotter, òg frå Urnes, døypt i Hafslo 2.5.1728. Etter fleire år på Urnes flytte dette parfolket kering 1762 til Årdal der me finn dei att som gardbrukarar på Tangen, Anders d. i Årdal hausten 1774, medan Anna d. same staden 4.8.1783. Dei fekk sju born i lag:a. Hans Andersson, døypt i Hafslo 23.11.1758, flytte med foreldri til Årdal og d. på Tangen 9.10.1817. Han gifte seg i Årdal 16.5.1784 med Anna Kirstina Stevelinsdotter Lem, dotter av handelsmann Stevelin Sørenson Lem på Årdalstangen i Årdal (1725-1806), opphavleg kapellanson frå Kvale i Luster. Anna var f. kring 1758 og d. som legdelem på Lægreid 24.7.1838. Hans og Anna var gardbrukarar på Tangen i Årdal og fekk i alt ti born.b. Jørgen Andersson, døypt i Hafslo 27.9.1761, flytte òg til Årdal med foreldri og sidan til Bergen der han d. 22.10.1841. Jørgen Tangen gifte seg i Bergen 26.2.1792 med Maren Christensdotter fr?¤¤¤ (opphavet hennar?)f.¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli eller dåpen hennar? – kring 1763!?)Ho d. 5.5.1828. Jørgen livnærte seg som snikkar, og han og Maren budde i Bergen levetidi ut. Dei fekk sju born i lag.¤¤¤¤¤ (born: Jørgen 22.10.1789, Andreas 20.1.1793, Carl Christian 1.9.1795, Andreas 8.3.1798-1802, Johannes 30.6.1800, Andreas 15.10.1803-1806, Anna Karine 27.8.1807)born i lag.c. Ole Andersson, f. i Årdal 20.9.1763, d. i Bergen 29.5.1804. Ole Tangen flytte òg til Bergen og livnærte seg der som snikkar og dagarbeidar. Han var ugift.d. Thomas Andersson, f. i Årdal 28.10.1765, d. som handelsborgar i Bergen 2.5.1820. Thomas Tangen flytte likeins til Bergen der han 19.6.1793 gifte seg med Helene, kjend som Lene¤¤¤¤¤ (farsnamnet hennar?)Hielm, f.¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli eller dåpen hennar? – kring 1765-1771?)Ho d. i Bergen 13.3.1807. Thomas var høker og rodemeister i Bergen der han og Lene budde levetidi ut. Dei fekk fem born i lag.¤¤¤¤¤ (born: Anne Cathrine 28.7.1794, Johanna Jacobie 22.3.1796, Anders 18.10.1797, Elisabeth 27.4.1800, Engel Marie 15.10.1802)e. Anders Andersson, f. i Årdal 20.7.1768, d. i Bergen 6.5.1819. Anders Tangen flytte til Bergen der han gifte seg første gongen i Bergen 29.7.1792 med Karen Madsdotter Hussing frå Bergen, døypt i Bergen 22.1.1764. Men Karen vart gravlagd i Bergen alt 20.9.1792, og Anders gifte seg 6.9.1797 att i Bergen med Olina Hansdotter fr?¤¤¤ (opphavet hennar?)f.¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli eller dåpen hennar? – kring 1767!?)Ho d. i Bergen 5.7.1818. Anders var skipsstuar og sidan dagarbeidar i Bergen der han budde levetidi ut. Han fekk i alt fem born, eitt frå første ekteskapet og fire frå det andre.¤¤¤¤¤ (born: Mads Hansen 29.8.1792-1792, Anders 13.11.1797-1806, Hans 25.11.1799-1802, Ole 19.11.1801-1805, Anna Caroline 13.12.1805)f. Kari Andersdotter, f. i Årdal 16.2.1770,¤¤¤¤¤ (n. 1783 – lagnaden hennar?)g. Christopher Andersson, f. i Årdal 3.3.1773, d. i Årdal 9.3.1773.~~~~~~~~~~~~~~~Om nokon er i stand til å hjelpa meg med dei detaljane som framleis manglar, opphavi til Maren Christensdotter, Helene Hielm eller Olina Hansdotter, ville eg setja stor pris på det! Likeins er eg svært nysgjerrig på lagnaden til Kari Andersdotter. Kan ho òg vera flytt til Bergen?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hagen

Det er ikkje så mangen Kari Andersd i Årdal på denne tida omkring 1800-1820.FT-1801 finne me ei Kari Andersd. 30 år i teneste på Hæreid Bnr 3. som kan høve.Henne finne me muleg att som fadder i 1801 og 1806 til dottra på Bnr 3.Det er to andre Kari Andersd. som føder i åra 1811-1820, den eine i Hestetun og den andre under Øvstetun, men dei har kjende foreldre.Elles så er det ingen andre Kari Andersd. som føder i åra 1800-1820.Dersom det skulle vera Kari på Hæreid så må denne vore reist frå bygdi eller døydd etter 1806.Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hagen

Det skal nemnast at Jon Laberg har omtale av Hans Tangen på side 160 og av Anders Ornes (Tangen) på side 163 i Årdalsboki.Mvh. Terje Hagen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Hei Lars,Ad Thomas Jørgensen - [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=15858&merk=15858#ovre>LenkeSer at kona er innført som Helene Hielm ved giftermålet i Nykirken i 1793. For ordens skyld, familien i 1801, hvor hun står som Lene Hielm - LenkeHar prøvd å se på noen av barna til Thomas og Lene, dvs om fadderne kan gi noen ledetråder...Johanne Jacobia - Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. A 5 (1775-1808), Fødte og døpte 1796, side 114. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: LenkeAndreas, 1797 Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. A 5 (1775-1808), Fødte og døpte 1797, side 123. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: LenkeElisabeth, 1800 - Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. A 5 (1775-1808), Fødte og døpte 1800, side 139. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: Lenke. Ved Elisabeths dåp ser det ut som tre brødre av Thomas er faddere: Ole, Jørgen og Andreas Anderssønner.Lurer på om dette kan være din Lene, datter av Jon Jacobsen Hielm, døpt i Stavanger domkirke i 1766 - LenkeLene hadde en eldre bror som het Jacob - Lenkeog i 1768 ble det døpt en ny Jacob LenkeMed tanke på at den ene datteren til Thomas og Lene het Johanne Jacobia, er vel dette en aktuell kandidat for din Lene. Foreldrene til Lene fra Stavanger ble trolovet og gift i 1764 - Rogaland fylke, Domkirken i Stavanger, Ministerialbok nr. A 4 (1744-1782), Ekteviede 1764, side 59. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Jørgen og Maren giftet seg i Domkirken i Bergen 1792 - [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=32&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=4833&merk=4833#ovre>LenkeFørste barnet til Jørgen og Maren, Jørgen, var uekte og døpt i KK i 1789 - LenkeMulig dette er samme Maren som kommunikant i Korskirken i 1790 - Lenke og LenkeI det siste tilfellet er Maren registrert sammen med ei Ragnele Xstensdatter og en Henrik Xstensen. Hvis de to Maren jeg har funnet, er samme jenta, er kanskje de andre to hennes søsken???Finner en Henrik Christensen som ble gift i KK i 1795 –

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Ad e. Anders Tangen og kone nr. 2, Oline Hansdatter. Jeg finner ei Oline Hansdatter døpt 22.11.1767 i Davik i Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane fylke, Davik, Ministerialbok nr. A 2 (1742-1816), Fødte og døpte 1767, side 124. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8750&idx_id=8750&uid=ny&idx_side=-125>Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.