Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#82524] Johan Johannessen frå Dale i Sunnfjord (Fjaler), fødd 1837 -men kva gard/plass?

Recommended Posts

Gjest Torodd Kinn

Hei, Lars!I FT1900 er det ein stad som heiter Trods under gnr. 63, som er sjølve Dale.Eg har vore borti fleire tilfelle av at Johan og Johannes vart blanda. Rett nok vanlegvis eldre enn dette, men eg synest ikkje det er så overraskande om Johan er far til ein Johannessen.Torodd

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torodd Kinn

Og i matrikkelutkastet 1950 er bnr. 31 kalla Trosselund, bnr. 71 Trossebakken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Igelkjøn

Søkjer du på orda Tross og Dale på Google, så finn du lesestoff om historia til denne staden.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svehn Ruskelöv

Hei Lars!Jeg kan heller ikke som du finne 'Rakel Abrahamsdtr.' i FT 1865 i passende alder, og da har jeg sökt hele 'Sogn og Fjordane'.Det förste man tenker på da er att hun muligens har etablert sig i 'Bergen'.Har funnit 1 eller muligens 2 forskjellige?? 'Rachel/ Rakel Abrahamsdtr.' som får 3 uekte barn på 1840-talet som bör sjekkes opp.1842 : [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=71&filnamn=dp12011816&gardpostnr=17393&personpostnr=52160&merk=52160#ovre>Lenke1844 : Lenke1847 :

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Igelkjøn

Rakel skal i flg. lenka i #1 vere frå husmannsplassen Ottersteinen, som også høyrde til garden Dale. Ottersteinen ligg på nordsida av Dalsfjorden, og ligg no i Askvoll kommune, den nye Dalsfjordbrua som skal vere ferdig i 2013 vil gå frå Ottersteinen til Nishammaren i Dale.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Igelkjøn

Frå Fjaler Gards- og Ættesoge:Dale. L.nr. 145. Br.nr. 1. Gamal skyld: 1 laup og 1 hud. Eigarane av dette bruket fram til 1819 er nemnde ovanfor. Frå 1819 vart vertshushaldaren på Tross, Frederich Henrik Bonge, eigar. Kona hans heitte Else Torine. Born: Johan Fredrik. Fredrik Henrik f. 1819, g. 1846 m. Marthe Kristiansdtr. Einehaug, dei fekk ei dotter, Else Kristine, f. 1846, g. m. Mons Jensson Strandenes. Ernst Henrik August f. 1821 i Dale. Frederich Henrik Bonge d. 1843, 58 år. Kona, Else Torine, d. i 1858, 78 år.Johan Frederich Bonge var altså son til gjestgjevaren på Tross, Frederich Henrik Bonge. Deretter står det om brukarane på L.nr. 145. Deretter om L. nr. 146, gjestgjevarstaden Tross. Til slutt står det følgjande:Seinare vertshushaldarar: Gullak Pederson 1801-1804, Knud Nitter 1805-1810, Tollef Knudsen 1811-1813, Jørgen Johannessen 1814-1818, Frederich Henrik Bonge frå 1819. Vertshushaldarane på Tross hadde frå 1780 vore brukar ar av 1 pd. og 1/2 hud som høyrde til Øvre Dale. Jørgen Johannessen vart eigar av denne parsellen (Lnr. 146). L.nr. 146 vart slege saman med l.nr. 145 frå og med 1829 og «bruges nu under ett af Eieren Fred. Bonge».I 1838 vart garden kjøpt av Bertel Vonen, og Fjalersoga held fram med Vonen-slekta på br. nr. 1.Du nemner Bergen, det hadde vore interessant å vite kor tid du fann Johan der, slik at ein slepp unødvendig leiting. I FT 1865 finn eg ein Johan Johans. 29 år gammal som Tjenestekarl på garden Standnes, kan dette vere Johan Johannessen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.