Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Kåre Paulsen

[#82756] Desiderius Henriksen, Rognaldvaag Kinn - hvem var han ?

Recommended Posts

Gjest Kåre Paulsen

Desiderius H. og (hustru) Catrine Nilsdtr.´s fikk sønnen Henrik Olai f. 13. feb 1845 [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?show=65&uid=266351&urnread_imagesize=full&hode=nei&ls=1>Lenke 1. Er det noen som kan hjelpe med opplysninger om og f. år og d. år for Desiderius Henriksen og (hustru) Catrine Nilsdtr og deres forfedre?Sønnen Henrik Olai ble gift med Brita Olsdtr.19. nov 1871

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest erling t. endresen
LenkeEn datter f. 1858, men finner han ikke i 1865 så han er kanskje død på disse 7 år.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Catrine er døypt Anna Catharina den 21. mars 1819. Foreldra er Nils Desideriusen og Dorte Mortensdotter frå Skorpen. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1819, side 324. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6893&idx_id=6893&uid=ny&idx_side=-330>Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest erling t. endresen
LenkeJo her er jo familien, farens navn stavt litt annerledes.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Desiderus Henrikson er bror til min tippoldefar Kasper Henrikson. Det står mange opplysninger om denne familien i 'Slektsbok for Rognaldsvåg' av Henry Pedersen. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Dorte Mortensdotter er fødd på Kinn i 1780. (ho er datter av min tipptipptipptippoldefar).Far hennar var Morten/Martin Bendiksen f. Kinn i 1754. Han var gift med Lisbeth Desideriusdotter fødd 1753 Espeset.Far til Morten var Bendik Olsen f. før 1721, død på Kinn 1791, gift med Helga Colbeinsdotter.Far til Lisbet var Desiderius Gregoriussen f. kr. 1712, død 1771 på Espeset. Han blei gift 1741 med Ragnhilde Andersdotter, fødd 1713 på Espeset.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kåre Paulsen

Takk til dere som har lagt inn opplysninger vedr. mine spørsmål. Artig var det også å få opplysninger fra dere som er etterkommere av Desiderius Henriksen og av Dorte Mortensdotter. Det var til stor hjelp - nå kom jeg et stykke videre der jeg stod fast. Håper det også kommer inn opplysninger om Ole Ivarsen og Anne Hansdtr. og deres forfedre.mvh Kåre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Eg er litt usikker på opplysningane som du har gitt ovanfor om foreldra til Brita, når det gjeld fødselsår og dødsår.Eg finn denne familien på Østreim i 1865: Ole Ivars. 50 år (dvs. f. kr. 1816), Anna Hansd. 57 år (dvs f. kr. 1809), Nils Ols 16 år og Brita Ols 22. [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=10&filnamn=f61263&gardpostnr=1002&personpostnr=6361&merk=6361#ovre>Lenke Eg ser også at det er to ektepar som har desse namna på Østreim i 1865. Her er den andre famiilien. Lenke Her er Ole Ivarsen 61 år (dvs. f.kr. 1805) og Anna Hansdtr 60 år (dvs. f. kr. 1806).Her er giftemålet mellom Henrik og Brita i 1871. Der er det opplyst at Brita er fødd i 16/5 1844, noko som høver bra med jenta ovanfor Lenke Ole Ivarsen kan då ikkje være død i 1838.Så er det to par Ole Ivarsen og Anne Hansdtr som giftar seg i h.h.v. 1838 og 1839.1838-paret er det paret som du vel har oppgitt ovanfor: Lenke Her er Ole 30 år (dvs f. 1808) og Anna 24 år (dvs. 1814).1839-paret er det her: Lenke Her er Ole 24 år, dvs f. 1815 og Anne 30 år, dvs f. 1809.Sånn sett passer jo 1839-paret bedre til foreldra til Brita i 1865, gitt at det ikkje eksisterer to Brita Olsdtr. med foreldre Ole Ivarsen og Anna Hansdotter. Det er det jo sjølvsagt. Den ein fødd på Nedretvedt i 16/5-1844 Lenke og den andre på Østreim i 1848 Lenke. Eg blei liksom ikkje noko klokare av dette.Eg finn ein Ole Ivarsen Østreim som dør 59 år gamal i 1874. Det passer jo bra i forhold til han som blei gift i 1839. Forhåpentlegvis finnes det eit skifte som kan gje svar på om det var han som var far til 'din' brite.Her er Brite Olsdotter Nedretvedt f. 1844, konfirmert i 1858. Ho er då oppgitt å oppholde seg på Østreim. Det skulle vel då bety at dette i alle fall er den rette Brite Olsdotter som då blei fødd på Nedretvedt Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Austrheim i Lindås, Klokkerbok nr. C 1 (1853-1867), Konfirmerte 1859, side 79. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeNo er eg litt usikker på om eg klarer å henge med meg sjølv så langt på natt, men dette må vel være dåpen til den Nils som er bror til Brite i 1865

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kåre Paulsen

Takk Egil Russøy for langt innlegg med nyttige opplysninger for meg. Ser du har arbeidet til langt på natt, men likevel godt forklart - takk skal du ha !Og til Erling T. Endresen : skal ha meg en tur på biblioteket og se gjennom bygdebøkene for Austrheim.Mvh Kåre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Kåre! Hvilket slektforhold har du til denne Desiderius Henrikson fra Rognaldsvåg? Jeg har mange forfedre av denne Desiderius hvis du skulle trenge noen opplysninger. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kåre Paulsen

Til Egil Russøy : Etter å ha gått grundig gjennom alle opplysningane dine og sammenholdt dei med dei eg har, fann eg ein feil - ikkje i det du skriv, men i det eg hadde. Ole Ivarsen f. 1808 døydde ikkje i 1838, men 1. juli det året gifte han seg med Anne Hansdtr. f. 1814 Ut frå dette ser det ut for at '1838-paret' må vere det rette - eller kva meiner du ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Hei Kåre.Eg er litt usikker på om eg føl deg no. Kan det være noko du har skreve feil.I og med at han gifta seg i 1838, så blir vel det dødsåret også. Dersom han i tillegg døde 1. juli, så er jo det den dagen han gifta seg. (Det måtte vel i så fall bli eit sørgeleg brullaup).Dersom det er rett at Ole Ivarsen som giftar seg i 1838, dør same året, så kan han jo heller ikkje være far til Berit, dersom det er rett at ho er fødd i 1844.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kåre Paulsen

Hei igjen, EgilJa, eg har nok skrive inn ein feil i første innlegget mitt om Ole Ivarsen. Eg ser nå at eg skulle skrive (1808 - ??) etter namnet hans. Det eg først oppfatta som året han døydde (1838), var altså det året han gifta seg med Anne Hansdtr. Eg har ikkje nokon stad funne kva år han døydde. Det er difor eg trur at det du nevner som '1838-paret', må vera det rette. Beklagar feilen og at det difor vart litt ekstra 'rot' for deg !mvh Kåre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Det er nok ikkje heilt enkelt dette på grunn av samansuriummet med namn, og ein grundigare analyse må nok til. kanskje kan slektskap hos fadrar eller opplysningar i skifte gje svaret. Kanskje finn du svaret i bygdeboka.Ut frå opplysningar du har om fødselsåra til Ole Ivarsen og Anna Hansdotter, så ser det ut som om det treff best med 1838-paret. Når det er sagt, så veit eg ikkje kor desse fødselsåra er funne. Kan det være at ein har trudd at dette er det rette paret, og så satt fødselsåra ut frå dette. I så fall er det jo ikkje rart at det passer.Det kan jo nesten sjå ut som om det er tre par med same namn her. Vi har 1838- og 1839-para. Så har vi to par på Østreim i 1865 med same namn, der det eine passer fint i forhold til 1839-paret (og dei har også ei datter som passer fint med Brita olsdotter sin alder), medan det andre paret i 1865 aldersmessig ikkje stemmer med 1838-paret. Eldste sønnen til dette paret er også 32 år i 1865, dvs. fødd i god tid før 1838. Kan dette då være eit heilt anna par enn dei to 1838/1839-para?Det kan jo være at opplysningar om alder i kirkebøker og folketellingar, er feil.Det som i alle fall må være sikkert, er at det er 'di' Brite Olsdotter som /er fødd Nedretvedt i 1844. Ho har same fødselsår og dato som det er oppgitt ved giftemålet med Henrik, og ho budde på Østreim når ho blei konfirmert. Så er spørsmålet kven foreldra hennar var?Eg finn at det må være rimeleg sikkert at det er ho som er oppført som 22 år gamal datter på Østreim i 1865.På bakgrunn av dette, og det eg har skreve om alderen til para ovanfor, vil eg halde ein knapp på 1839-paret. I så fall er det nok rimeleg sikkert at det er far til Birte som dør i 1874.Når det gjeld Hansine, så finn eg ho i 1865 som datter av den Ole Ivarsen/Anne Hansdotter-familien som eg meiner 'Kåre si Birte' ikkje er datter av. Altså Hansine og Birte er ikkje søstre. (Gitt at det er den rette Birte Olsdotter som er oppgitt på Østreim i 1865, og det trur eg som sagt at det er).Eg skal være veldig audmjuk her, med så mykje samankobling av namn. Eg trur nok at bygdeboka kan være eit godt tips. Så får vi håpe at dei har funne ut av det.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.