Gå til innhold
Arkivverket

[#82900] Aasmund Jacobsen fødd i Lårdal 1874.


Gjest Arne T. Aabø
 Del

Recommended Posts

Gjest Arne T. Aabø

Kan nokon hjelpe meg med Aasmund Jacobsen. Han var fødd i Lårdal 16. august 1874. Foreldri var Aslaug Stålesdtr. frå Lårdal og målar Jakob Aasmundsson Høgstul frå Tuddal. Jakob kom til Lårdal og vart gift her. Han døydde i 1907, og eldre folk som hugsa han, kalla han berre Jakob Skeie etter plassen han budde på. I 1900 hev Aasmund kome til Oslo. Han bur i Wilses gade 2 og er ugift og expeditør ved fedevareforretning. I 1910 er han framleis i Oslo og ugift. Han er løsarbeider ved jernbanen og bur i Mariboes gate 12. Seinare veit eg ikkje meir om han. Eg hev søkt i gravregisteret på DIS Norge utan å finne noko. Eg er for lite kjend i Oslo til å leite meir etter han der. Kan nokon hjelpe meg med å finne ut kvar det vart av Aasmund?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne T. Aabø

At han skulle ha falle under krigen, virkar ikkje særleg sannsynleg, tykkjer eg. Han ville då ha vore ein mann på 67-68 år. Dette må vera ein annan Aasmund Jacobsen som var ung under krigen. Eg tenkjer meg at han må finnast i adressebøker og / eller mannstalslister for Oslo. Men då må ein vera litt meir kjend i Oslo enn det er. Difor søkjer eg hjelp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anne-Lise Hansen

Hei.Mariboesgate ligger rett ved Jacob kirke, så det er jo et sted å se etter en eventuell vielse: LenkeEr det sånn at du vet at han ble gift og har etterkommere?Mvh Anne-Lise

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne T. Aabø

Nei, eg veit ingen ting om han etter han kom til Oslo. Han var ugift i 1910, 36 år gamal, men han kan sjølvsagt ha gifta seg seinare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.