Jump to content
Arkivverket
Guest Arne T. Aabø

[#82920] Feiergate i Skien

Recommended Posts

Guest Arne T. Aabø

I samband med folketeljingi 1910 hev eg støytt på gatenamnet Feiergate i Skien. Er det nokon som kan fortelje meg kor denne gata ligg, eventuelt kor ho låg i si tid?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Anfinn Bernaas

Adressa eksisterer ikkje meir, men når eg går inn i teljekrinsen og samanheld det med bykartet så ser eg at gata openberrt har vore i bydelen Bakken, dvs. den sørlegaste delen av området mellom Falkumelva, Farelva og Skien sentrum.Dei andre gatenamna i teljekrinsen ligg alle på Bakken og det teiknar seg eit mønster ut frå rekkjefylgja av gatene i teljinga at Feiergate låg nord-sør mellom Hother Bøttgers gate og Falkumelva, rett over elva for 'Myren' tresliperi (Myra i daglegtale).Som gamal skiensgut er altså dette mi dristige høgttenking omkring spørsmålet.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Arne T. Aabø

Hei Anfinn og takk for sist. Eg hugsar deg som ein god redaktør for Årbok for Telemark og samarbeidet med deg då. No ligg årboki nede, vondt å tenkje på. Du hev sikkert rett når det gjeld Feiergate. Eg veit denne familien hadde budd på Bakken i Skien. I 1910 finn me Tora Stenbakken med sju born i denne gata. Mannen er pasient på amtssjukehuset og døyr der eit par år seinare. Tora, eig. Tårånd, er dotter av Grytestøylsmeden, Steinar Aslaksson Turtedalen, som eg hadde gleda av å skrive bok om i 2006. Etter som eg skjønar, er det vanskeleg å finne noko restar etter Feiergate no.

Share this post


Link to post
Share on other sites

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.