Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Finn Oldervik

[#83075] Om dei geistlege i Hitra/Hemne og krinsen rundt dei første halvdel av 1600-talet

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

I debatt nr. 27339 og vidareføring i debatt 28092 (Slekten til herr Torkel Sjursen i Hemne) her på forumet i 2005, vart presten Torkel Sjursson, forfedrar og etterslekt drøfta ganske mykje og mange nye og interessante opplysningar kom på bordet. Ei til då, ukjend grein av Aspa-ætta vart også ganske godt kartlagd og ei mengd med nye opplysningar kom fram, - mykje takka vera Bjørn Jonsson Dale og Odd Roar Aalborg. Denne tråden er meint som eit framhald av dei tidlegare nemnde trådane og vil først og fremst konsentrera seg om den tidlegare nemnde yrkes- og slektskrinsen i første halvdel av 1600-talet, pluss minus. Som ein start lagar eg eit kort samandrag av dei siste innlegga i debatt 28092, då denne i grunnen var lang nok som den var. Mesteparten er henta frå lensrekneskapa i det aktuelle tidsromet og dei fleste opplysningane er henta fram av trådstartaren. Dei fleste opplysningane er prøvd dokumentert med lenker til dei nemnde reknskapa;I 1614 ser det ut for at Jørgen Knutsson, som er rekna som mann nr. to for Guri (Oudensdotter) Vikstrøm (Aspa) skattar for heile 25 sp. jordegods. Lenke Dette er eit formidabelt jordegods og dei andre på lista kjem ikkje i nærleiken ein gong. På Nordmøre er det berre brørne Ivar og Erik Oudenssoner, saman med mora, Hustru Lisbet som har meir enn dette i 1614. Hustru Lisbeth er som vi hugsar svigermora til Jørgen medan dei to brørne er svograr. Ein må då rekna med at Jørgen skattar både for eventuelt eige gods, for kona sitt og for steborna sitt gods (borna til Guri og Sjur Torkildsson). Hr Mikkel (i Hemne) er nemnd med 3,5 sp. 6 ml, medan Peder Kiempe skattar for ca 5 sp. Så vidt eg kan sjå, så er det nemnd ein prestemann ved namn Laurs eller Hans Mikkelsson med 2 sp. jordegods. Han må vel vera identisk med soknepresten i Statsbygd, Hr. Hans Mikkelsson nemnd 1610 og 1611. Kan han vera ein tidlegare ukjend son til Hr. Mikkel i første ekteskapet?I ymse trådar er det nemnd ein Ouden Michelsson som sagbrukseigar i Hemne og som vi har gått ut frå at var son til Herr Mikkel og Hustru Milde Oudensdotter i Hemne. Denne lenka [url="http://www.arkivverket.no/URN:db_read/rk/17967/6?size=full&mode=0>Lenke m.fl. viser at Ouden åtte Røstlisaga i Hemne frå ca 1636 og seinare nokre år og at det var Adrian Jakobsson (Falch) som hadde oppgjeve saga til føremun for Ouden. Adrian var bror til presten i Hemne/Hitra på den tida og meir om han kan ein finna her; http://www.nose.dk/Norge/falch.html#18.Same året som Ouden Michelsson vert sagbrukseigar (1636), samt eigar av ein mindre part i Røstli (1/2 øre) dukkar det opp ein Herr Mikkel i Hemne. Denne karen finn eg ikkje nemnd andre stadar enn i sagskatten og han tek over to sager som Melchior Jacobsson tidlegare hadde skatta for. Etter at Michel forsvinn ut av sagskattelistene er det Hustru Milde som skattar for dei to sagene.Her er lenke til sagskatten for 1641 - 1642; LenkeSjølv om Melchior Jacobsson (Falch døydde i 1639, så står han framleis oppført i skattelistene i sagskatten for 1641 – 1642.For meg så ser det ut som om det er Svanums saug i Røstquerv (Svanem i Røstkvervet) og 'Schiørs saug i Snildfiord' som Herr Mikkel er eigar av LenkeI 1634-1635 er det Her Melchior som eig dei to sagene som Michel seinare tok over. I 1635-1636 er Herr Michel oppført som eigar. Melchior har altså overlete desse to sagene til Michel ca 1635 - 1636. Det viser også at denne Michel byrja, truleg som ein slags hjelpeprest eller pers. kapellan i Hemne alt kring 1635. LenkeOgså i 1637-1638 er Herr Michel i Hemne nemnd i sagskatten. Lenke . Det same er tilfelle i 1638 – 1639 og i 1639 -1640. Også Ouden Mikkelsson er nemnd desse åra, framleis som eigar av Røstlisaga. Det er det sistnemnde året at futen har ført på at det var Adrian Jakobsson som hadde overlete saga til Ouden. Lenke Både i 1640 – 1641 og 1641 - 1642 er situasjonen framleis den same, og Melchior betalar framleis sagskatt, sjølv om han har vore daud nokre år. Legg elles merke til en Steen som skattar for Sandstad sag på Hitra. LenkeI 1642 – 1643 er for så vidt det meste med det gamle, men Ouden Michelsson og Røstlisaga er no borte. Truleg har saga vorte nedlagd av ein eller annan grunn. LenkeNeste år, 1643 – 1644 er situasjonen nøyaktig den same og framleis er Melchior skattelikna. I 1644 – 1645 derimot må det ha vore ei oppdatering. Her Michel i Hemne er borte og då var det Hustru Milde Oudensdotter sal. Herr Melchior som hadde teke over både dei to sagene som Herr Mickel hadde skatta for og sagene til Melchior. Lenke Sjå meir om Milde m.a. i debatt nr. 34202

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Trond Arild Hansen

I sagskatten 1637-1638 står det tydelig 'her Mickell i Heffne', mens det i 1639-1640 ser ut som 'her Michell i Hambor', kanskje Hamborra i Agdenes?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Nei, det står nok Hembne eller noko slikt. Rettskrivinga var dei ikkje så nøye med på den tida. Konsekvens i skrivemåten var det også så som så med.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnstein Rønning

HITRA (Dolmøy) kannikgjeld RKAP i Hevne (kilde: bl.a NST)Oluf Karlsen SP 1533 1540Haavard RKAP 1548 HevnePeder Hansen Holt SP 1556 1564Steffen Olsen PKAP 1561 1563Torkild Sigurdsen RKAP 1563 1577 Hevne [url="http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=28092&sok=&nr=41&antinnlegg=259&startnr=&antall=&spraak=#anker>LenkeMikkel Christensen RKAP 1578 1618 HevneOluf Olsen KAP 1607 1628Hallgeir KAP 1610Melchior Jakobsen SP 1618 1639 Hevne http://www.nose.dk/Norge/falch.html#15Jakob Olsen KAP 1630Christoffer Olsen Røg KAP 1632 1680 Hevne http://www.nose.dk/Norge/roeg.html#3Hans Hansen Bernhoft SP 1639 1654 http://www.nose.dk/Norge/bernhoft.html#3Mikkel Audensen SP 1653 1656 Hevne http://www.nose.dk/Norge/rasch1.html#3Oluf Clausen Rosing SP 1654 1674 http://www.nose.dk/Norge/rosing.html#4Rasmus Clausen Rosing SP 1674 1705 http://www.nose.dk/Norge/rosing.html#7Gjert Gjertsen Mumme RKAP 1675 1680 Hevne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Roar Aalborg

Takk til Finn for initiativet med å etablere en mer generell debatt om prestemiljøet i deler av kyst-Trøndelag. Er helt enig i at det er nødvendig.Noen kommentarer:Ang. (1) tredje avsnitt nedenfra:Sten som skatter for Sandstad er nok Sten Sandstad (ca. 1560-ca. 1631). Han har stor etterslekt på Hitra, bl.a. en senere proprietærslekt i strøket. Sten Sandstad er gift med en Lisbet (f. ca. 1560). (Data hentet fra Sandstadboka.)Ang. (4):I denne listen er ikke Guri Aspas svigersønn Helge Karlsen med, men det skyldes nok at han er huskapellan hos en som er nevnt. Som jeg tidligere har vært inne på kan patronym og stilling tyde på at han har en slektsforbindelse til kannik Ole Karlsen, men det er litt usikkert hvordan denne evt. er.Også kapellan Ole Olsen er svigersønn av Guri Aspa og dermed svoger av Helge Karlsen. Hans kone skatter senere, så hun lever nok noen år lenger enn sin mann, da antagelig som ugift enke.I 1610 nevnes en Hallgeir, som vel nærmest er samme navnet som Holger. Blant prester i denne delen av landet finnes dette navnet mest i slekten Buch i Åfjord, dertil på Gjevik på Hitra, der en svigersønn er klokker (og en svigerdatter av verkslederslekt på Tolga og Røros). Navnet Holger brukes på denne tid ellers lite i kyst-Trøndelag og da helst i Åfjord, men det forekommer vel også litt spredt rundt Trondheimsfjorden.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Diverre vart det ein del lenker som ikkje fungerte i første innlegget mitt. Truleg vart det meir klipp og lim enn dei tålte. Eg vil prøva å få liv i dei fleste med denne tråden.Lenke 1. Odelsskattemanntal for Fosen 1614; [url="http://www.arkivverket.no/URN:db_read/rk/16620/2?size=full&mode=0>LenkeLenke 2. Sagskatten 1641 - 1642 LenkeLenke 3. Sagskatten 1634 - 1635 LenkeLenke 4. Sagskatten 1637 - 1638

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Gløymde å takka Arnstein og Odd Roar for innlegga deira.I odelskatten 1638 Lenke ser vi at av store godseigarar i Fosen len på den tida så ragar Hemnepresten Melchior ganske høgt over dei andre då han betalar odelsskatt av heile 27 sp., 13,5 marklag. Som ein god nr. to kjem ein annan kjenning, nemleg Peder Lauvøya frå Åfjorden som skattar for nøyaktig 10 sp. odelsgods. Guri Vikstraum skatta for 'berre' 4 sp. på den tida. Vidare ser vi svigersonen til Guri, Adrian Rochertsson skattar for eitt sp. og det same gjer Beret Sjursdotter som må vera Guri si dotter (Sjå tidlegare utgreiingar). Også her Hans Hansson (Bernhoft) skattar for eitt spann. Steen Michelsson derimot skattar for 2 sp. Dette får meg til å tru at jordegodset til dei siste er giftingsgåver og at brorparten er det dobbelte av systerparten slik det brukte å vera. Det kan også sjå ut som borna/steborna til dei to Aspa-systerene fekk like mykje i giftingsgåve.I denne lista er det også nemnd ein Jens Friis som sit med 1 sp. jordegods i Fosen. Det er vel helst tilfeldig, men kan han også vera ein svigerson av Guri eller Milde?Nokon som veit kven denne Jens Friis kan vera?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk til Per for nyttige bidrag, men det er kanskje litt tidleg å hevda for visst at Kvæfjordpresten er son til sagbrukseigar Ouden Mikkelsson endå, sjølv om det verkar svært sannsynleg.I eit 'ekstra' sagskattemanntal for 1642, same året som Ouden Michelsen forsvinn som sagbrukseigar av Røstlisaga dukkar det opp ein annan sagbrukseigar nett i same området, nemleg Steen Michelsson som skattar for Væge sag. Lenke Her må det truleg vera snakk om den same saga då Røstlia og Væge vel er nabogardar å rekna og det er også same elva som skaffar vatnet. Det siste er forresten tilfelle også med Svanemsaga som var ei dei to den ukjende Herr Michel skatta for. Det kan vera at Ouden Michelsson selde saga til (broren?) Steen?Ser vi på odelsgodset i Fosen i 1642 (Sjå høgre sida under linken!) så ser vi at både Peder Lauvøya og Hustru Milde har auka jordegodset sitt betydeleg sidan 1638. På den andre sida så er både Hans H. Bernhoft og Beret Sjursdotter borte som jordeeigarar, det same er Jens Friis. Dei to første har nok helst seld til Milde sidan vi veit frå andre kjelder at ho dreiv og kjøpte gods frå andre av borna til Guri Vigstrøm også på den tida. Det kan vera i staden for Jens Friis at Nils Steen er komen inn i lista over odelsgodseigarar i Fosen.Det måtte elles vera svært lite av slikt gods i dette lenet på den tida, men truleg er dette ei liste over eigarar som ikkje brukte odelsgodset dei åtte.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnstein Rønning

Sønnen til denne Jens Friis (Jens J. Friis) skal ha vært gift med Anne E. Schøller. Det er litt interessant å se at Ingeborg Næss (Røg?) den 30. sept 1655 skal ha vært fadder for Schøllerfamilien http://www.nose.dk/Norge/roeg.html#2

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Roar Aalborg

Ang. lenken i (12):Ellefsen er ikke helt feilfri. Selv om det ikke direkte ang. herværende tema, så tar jeg med at mitt opphav Gabriel Olsen Strøm (klikk på Ole Gabrielsen i lenken) ikke er far til Peder Gabrielsen Røg (på Frøya er det vel). Hvis Ole Gabrielsen er fra Nes, så er Peder Røg hans sønns fillenevø.Sannsynligheten for at Ole Strøm faktisk er fra Nes er ganske stor hvis Ingeborg Augustinusd. på Nes er fra Halsa. Et barnebarn av lensmann Augustinus Jonsen Halsa er Ole Gabrielsens mye yngre nabo på Strøm (Daniel Danielsen, f. 1658) og en Augustinus Jonsen er i 1701 tjenestegutt (18 år) på nabogården Asmundvåg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Roar Aalborg

Tar med at Berit Sjursd., som Finn nevner i (10), er identisk med konen til kapellan (1607-28) Ole Olsen i (4). Bernhofts kone, Berit Mikkelsd., er hennes kusine, men antagelig via hr. Torkel -- ikke Auden T. Aspa.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Arnstein (11)Ja, dette er truleg rette mannen og helst har det noko med andre ekteskapet hans å gjera at han vert odelsgodseigar i Fosen. Litt merkeleg at også han (eller kanskje kona) sit med akkurat eitt spann her også. Den Nils Steen som dukkar opp ca 1642 som eigar av 1 sp er kanskje den same som Nils Hansson Steen, trondheimsborgar i Stensøysundet på Smøla og gift med ei dotter til Gabriel Olsson Røgh på Nes. Ved skiftet etter andre mannen til denne Gabrieldotra er det nemnd at Nils har ein bror, Knut Hansson Forsnes. Lurar på om denne Knut kan vera identisk med ein sorenskrivar for Fosen i 1640-åra?Odd Roar (13)Eg er samd med deg i at kona til Gabriel Olsson Røgh på Nes kan vera dotter til lensmann Augustinus Jonsson Halse. Kona til Augustinus er kalla både Margrete og Marete sal. Augustinus Halse i sagskatten for Nordmøre etter at Augustinus var død, og som lenka til Ellefsen sine sider viser, så hadde Gabriel dotrer med begge desse namna (attkalling).Bror til Gabriel, Michel Olsson Ertvåg var elles lensmann i Aure. Bror til Gabriel og Michel, Christopher Olsson Røgh var prest i Hemne og han var gift med ei Marit Søfrensdotter som eg reknar å vera syster til lensmann i Halse, Christen Søfrensson som altså var gift med enka etter Augustinus. Christen og Marit hadde truleg fleire søsken, - bl. dei to blad Richardtsøner i Romsdalen som var opphavet til Hagerupnamnet.Det kan sjå ut som om preste- og lensmannslektene i Trøndelag og Møre er samanvevd i eit tett nettverk med slektstrådar i alle retningar. Å få klårlagt alle detaljar i dette er ikkje så lett, og vi ser da at nettverket også omfattar presteættene i Nord-Noreg, både på Helgeland, i Salten og endå lenger nord, slik som Kvæfjord og andre prestegjeld i dette området.Per (14)Ja, eg var nok litt snar der. Ser no at du har teke atterhald om denne slektssamanhengen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Trond Arild Hansen

Finn (10)Fra 1641 til 1642 øker Peder Lauvøyas odelsgods i første omgang fra 11 sp til 13 sp, 0,5 øre. Denne økningen tilsvarer 5 øre i Guttelvik samt 0,5 sp i Monstad, begge inntil 1641 eid av oppsitterne på Guttelvik. I Stoksundboka bekreftes dette for Guttelvikas del (Monstad er jo i Åfjord og omtales ikke her), hvor Peder Lauvøya står som eier av 5 øre odelsgods i Guttelvik (Rosstjenestemanntallet 1643). Dette manntallet er vel ikke digitalisert hverken for Fosen eller Nordmøres del? Her er det nok mye nyttig informasjon!Ellers hadde det selvfølgelig vært spennende med en forbindelse til denne debatten, mtp. tidligere eiere av enkeltgårdene i Lauvøygodset, men det ser ut til at han stort sett drev og kjøpte opp det han kunne komme over i nærområdet. Men det er jo informasjon i utelukke en jordeier også?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

(Finn/9:) Er det avklart at den Guri Vikstraum som i 1638 skatta for 4 sp. er svigermor til Adrian Rochertsson, og altså enka etter Sjur Torkjellson ? Det er såvidt jeg har oppfattet noe uklart om det var denne Guri som 2. g. var g.m. Jørgen Knutsen Vikstrøm eller om sistnevnte var datteren Guri Sjursdatter's første mann, før Adrian Rochertsson Falch. Sistnevnte Guri var kanskje omlag 50 år i 1638, mens mora Guri vel må ha vært over 70.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

(Odd Roar/13:) Kan du angi mer eksplisitt hvem du mener (istedet) er foreldre til Peder Gabrielsen Røg (c1703-1789, gr.l. Sletten kirke) (på Frøya er det vel) ? (Siden det altså ikke er Gabriel Olsen på Strøm, Hitra, f. ca. 1677).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Ser at eg har uttrykt meg svært så uklårt i innlegg 16 vedrørande dei to Richardtsønene, Richard og Søfren i Romsdal. Eg skriv følgjande; 'Christen og Marit hadde truleg fleire søsken, - bl. dei to blad Richardtsøner i Romsdalen som var opphavet til Hagerupnamnet'. Dette blir sjølvsagt berre tull. Det var konene til desse to som var sysken til Christen og Marit. Richard og Søfren var av Falchætta og i nær slekt med Herr Melchior Jakobsson i Hemne. Ei fjerde syster til dei nemnde var truleg den Søfrensdotra som var gift med Erik Pedersson Juel på Gyl i Tingvoll. Erik sjølv var mest truleg ein soneson av Anders (Torleivsson?) Benkestok og slik nevø av Adelus Andersdotter Benkestokk gift med Henrik Jørgensson Staur.Trond (17)Det er ikkje så lett å knyta Peder Pedersson Lauvøya til dei andre odelsgodseigarane i Fosen, men slektstrådar kan godt ha vore der likevel. M.a. har vi sett at Peder Pedersson Jørgenvåg eig gamalt Aspagods, samstundes som han også har hand om gamalt Holchgods. Dette må tolkast slik at Peder nedstamma frå begge desse slektene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Roar Aalborg

På Vikstrøm er lensmann Sivert Jørgensen f. 1612. Han er nok sønn av Guri Audensd. og Jørgen Knutsen og etter skikk oppkalt etter da avdøde Sjur Torkelsen. Jørgen Knutsen nevnes (av S.T.Dahl) i 1612 som fut i Fosen, men er det tydeligvis kun en kort tid.Når Guri (ifølge Dybdahl) sitter med Fosens største jordegods i 1624 er nok det på grunn av at også hennes andre mann da er død. Det kan meget vel være samme Guri som nevnes i 1638, siden hun neppe er født særlig mye før 1670.Jeg kjenner ikke til at Guri Audensd. har noen datter med navn Guri Sjursd. Er dette kanskje en 'kortslutning' ut ifra at vi først antok at Guri var en søster av sine barn?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

(Finn/16:) Jeg trodde kona til lensmann i Halsa, Augustinus Jonsson Halse (c1565-1632) var (riktignok noe usikkert) Gjetrud Hansdatter Todal (1578-1652), men du skriver at lensmannsenka er kalla Margrete / Marete. Var Augustinus gift to ganger ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

PerGuri Vikstrøm er nok den same heile tida og ho er da også nemnd i den trykte skattematrikkelen for 1647 da ho eig i eit par gardar også på Nordmøre.Eg kjenner ikkje til at ei Gjertrud Hansdotter Todal var gift med Augustinus Hals. Slik i farten kan eg ikkje seia særleg meir om dette, men denne Gjertrud var nok enten gift med ein av sønene til Augustinus, eller ev. ein son til Christen Søfrensson.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

(Finn/16:) Kona til Hr. Christopher Olsson Røgh (c1610-1680) til Hemne såvidt jeg vet ha hett Marit Søfrensdotter FRIIS. Hvis dette er rett, styrker eller svekker det etter din mening hypotesen om at hun er søster av lensmann Christen Sørenson Halse (1608-1696) ?Dersom de to nevnte (Christen og Marit) skulle være barn av Hr. Søfren Andersen (f. 1576) til Bud/Hustad (1601-1621) så må de vel i så fall være hhv. omlag eldste og yngste barn. Søfren skal ha dødd i 1621, og var såvidt jeg vet (også) far til Ane (kone 2 av 4 til Erik Pederssøn Juul), kanskje Gjertrud f.1611 (g.m. toller Richard Rickertsen Hagerup), Dorthe, Anders (1. ektemann til Elisabeth Lauritzdatter Holgersen Arctander), kanskje Arnt Sørenson Halse, og kanskje Anne (1. g. g.m. Hans Rickertsen Hagerup). (Hvor mange av disse 'kanskje' kan nå fjernes ?).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

Jeg har altså notert at Anne var g.m. en HANS Rickertsen Hagerup, ikke en SØFR¤EN !

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.