Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#83075] Om dei geistlege i Hitra/Hemne og krinsen rundt dei første halvdel av 1600-talet


Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Alv (75)Ein kan jo ikkje sjå bort frå at det opphavleg var Jakob P. som kosta saga, men at ho ikkje var ferdigbygd då han døydde. Om då Adrian arva den halvferdige saga, så låg ho jo noko avsides i høve til staden der han held til og det kan vera grunnen til at han overlet ho til Ouden Mikkelsson.

Gjest Alv Edvardsen

Hei. - Jeg ser at jeg har notert dette; Melkior Jacobsen (Falch), f.c. 1590, Sogneprest på Hitra, var g.m. enke Mille Oudensdr., f.c. 1584 på Aspen. - Hun var dr. av Audun Torsteinsen og Lisbet og var g.1.m. Mikkel Christensen, d. 1618. -- Hvor riktig dette er, eller hva kilden er, har jeg ikke notert. -- Ouden er da kanskje en omskrivelse av Audun. -- M.v.h. Alv.

Gjest Finn Oldervik

Hei!Akkurat når Mille og Melchior var født er det vel knapt nokon som veit, - ei heller kor vidt Mille var født i Aspen. Endå først på 1600-talet var det ein Bjørn som vart skriven som skatteytar i Aspen, medan brørne Ivar og Erik samt mora, Lisbeth var skatta frå Veien, eller Veidholmen som det heiter i dag.Kva som er rette skrivemåten på mannen til Hustru Lisbeth er vel heller ikkje endeleg fastlagd. Ofte vart det skrive Odenn i dåtidens kjelder, medan det neppe er nokon tvil om at det tilsvarar mannsnamnet Audun i dag. Men det kan verka som om det er ein slags konsensus om at det bør skrivast Ouden som eitt slags kompromiss mellom gammal og ny skrivemåte.I grove trekk er dei opplysningane du har notert likevel så nokolunde rett.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.