Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Anne Huse

[#83297] Lars Pedersen fødd på Sunnmøre i 1768, men kvar ?

Recommended Posts

Gjest Anne Huse

I 1803 blir ungkar Lars Pedersen på Ona gift med pike Marit Pedersdt., ho er frå Ona, alder er ikkje oppgitt. I ekstrarulla for Aukra sokn 1804 er det opplyst at Lars Pedersen var fødd i 1768 på Sunnmøre. Lars og Marit fekk ei datter i 1805. Lars døydde alt i 1807. Det er truleg denne Lars Pedersen som i 1801-tellinga er oppført å vere tenestegut på Harnes. Er det nokon som har kjennskap til denne Lars Pedersen ? Mvh Anne Huse

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Har du leita i kyrkjebøker frå Sunnmøre? Det er 11 kyrkjebøker å leite i - altså ei overkomeleg oppgåve når du veit ca. årstal.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Eg har leita gjennom dei mest aktuelle kirkebøkene. Det var jo helst frå dei næraste områda og frå dei indre fjordbygdene det kom folk hit ut på øyane. I dåpslistene i Haram kirkebok er det i november 1769 innført ein gut Lars, foreldra er Eli Gundersdt. og Peder Larsen. busett på Blindem. Kanskje det er han ? Mvh Anne Huse

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Ein ting til. Der er i samme kirkeboka for des. 1768 innført ein Lars, foreldra er Brite Olsdt. og Peder Larsen, busett på Nogva. Men denne Lars Pedersen er gift mann på Nogva i 1801, 32 år gammal. Anne Huse

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Kyrkjebøkene for Ulstein gjekk tapt i 1832, og det finst ikkje dåpslister frå 1760-åra. (Det ville ha vore den 12 boka å leite i.) Men det finst konfirmantlister frå 1780-åra Lenke med to Lars Pedersen, begge konfirmerte i 1884 - altså 16 år etter 1768. Den eine var frå Ovrå, og tok over garden der etter foreldra (35 år i FT1801 m.m.). Den andre var frå Hatløy og er ikkje å finne i bygdeboka (og ingen høveleg Peder). Men denne Lars er sannsynlegvis den same som er død 1796, 27 år gammal. Altså kan du eliminere Ulstein frå lista di.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helge Bjerkevoll

På FS IGI finner jeg disse i aktuellt tidsrom. Dette er jo kirkebokavskrifter og burde være bra pålitelig. (unntatt den ene 27 mars Volda).4. LARS PEDERSEN - International Genealogical Index Gender: Male Christening: 12 APR 1767 Volda, More Og Romsdal, Norway5. LARS PEDERSEN - International Genealogical Index Gender: Male Christening: 09 FEB 1767 Haram, More Og Romsdal, Norway6. LARS PEDERSEN - International Genealogical Index Gender: Male Christening: 09 AUG 1767 Skodje, More Og Romsdal, Norway7. LARS PEDERSEN - International Genealogical Index Gender: Male Christening: 16 AUG 1767 Borgund, More Og Romsdal, Norway8. Lars Pedersen - International Genealogical Index Gender: Male Christening: 27 MAR 1767 Volda, More Og Romsdal, Norway9. LARS PEDERSEN - International Genealogical Index Gender: Male Christening: 27 NOV 1768 Haram, More Og Romsdal, Norway11. LARS PEDERSEN - International Genealogical Index Gender: Male Christening: 06 JAN 1768 Vatne, More Og Romsdal, Norway13. LARS PEDERSEN - International Genealogical Index Gender: Male Christening: 16 NOV 1769 Haram, More Og Romsdal, Norway15. LARS PEDERSEN - International Genealogical Index Gender: Male Christening: 25 MAY 1769 Borgund, More Og Romsdal, NorwayLars Pedersen fra Vatne kan en se bort fra. Han ble bruker i Eidsvik.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Takk til deg Ivar for desse oppl. Det er veldig greit med alt ein kan eliminere. I tillegg til dei 2 Lars Pedersen nemnd ovanfor, har eg også funne ein i Borgund, fødd i 1769. Mora er Anne Arnesdt. frå Sunde, faren er dreng Peder Svendsen frå Myrset i Sykkylven. Denne Peder vert same året gift med Lisbet Olsdt. frå Veibuststrand. Peder busette seg på Eidsnes, fekk i alt 5 born og døydde der i 1790, 43 år gammal. Anne har eg ikkje funne nemnd elles. Mvh. Anne Huse

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Takk til deg Helge. Lars Pedersen som vart fødd i Haram i 1767, var son til Eli Gundersdt. og Peder Larsen på Blindheim. Han må vel ha døydd ettersom dei kalla guten dei fekk 2 år etterpå for Lars. Lars Pedersen fødd i Skodje i 1767 var son til Peder Rasmussen frå Sorte og kona Kristi Olsdt. frå Storhaug. I Bygdeboka for Skodje, er det nemnd at dei truleg flytta til Svinøya i Ellingsøyfjorden.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.