Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Anne  Bjørlo Fiskå

[#83469] 'Segna om grøneposen', Sunnmøre

Recommended Posts

Gjest Anne  Bjørlo Fiskå

Hei Er det noen som kan hjelpe med å få tak i denne segna om grøneposen? mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne  Bjørlo Fiskå

Sagnet skal fortelle om noen loser fra Flem i Haram. mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Eli Randmo

Peder Fylling gav ut ei samling med segner frå Sunnmøre. Eg har ikkje boka og kan ikkje få sjekka om segna er med der.Fylling, Peder, 1818-1890 Folkesagn og historiske opptegnelser / I utval ved Odd Vollan og Ivar Grøvik. Utgj.Sunnmøre historielag. - Åles. , 1972http://nabo.nb.no/bok?_t=0&_b=sambok&_r=1208024112Ta kontakt med det lokale folkebiblioteket ditt, dei kan evt. bestilla inn boka.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

Eg skal sjekke ut om denne segna står i nemnde bok eller i ei anna Fylling-bok seinare i dag.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne  Bjørlo Fiskå

Tusen takk til Eli og til Gunnar som vil undersøke nærmere, det høres spennende ut. mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

(6) dette er den tredje boka hans med folkesegn. Dei to første kom ut i 1874 og 1877 (og finst dels samla i eitt bind og dels kvar for seg ved ymse bibliotek). Utgåva i (3) er eit utval frå desse tre samlingane.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne  Bjørlo Fiskå

Takk for tipset. Fann ikkje noko om 'Segna om grøneposen 'der i 3.boka. mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

Eg finn ikkje noko ved å sjå etter i 1972-utgåva av Fylling sine samlingar heller, og heller ikkje ved å sjå etter stikkordet/overskrifta 'grøneposen' verken i innhaldslistene til årsskrifta til Sunnmøre Historielag 1911 - d.d. eller i skrifta til Haram kultur-historiske lag. Eg har også spurd ein godt vaksen og godt opplyst mann frå Skuløya/Flemsøya Haram, men han kjende heller ikkje til dette.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne  Bjørlo Fiskå

Hei Godt nyttår, du har gjort ein kjempejobb, sjølv om det ikkje lukkas å finna noko om grøneposen.igjen mange takk. mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

Hei igjen, og godt nyttår! Har du nokre fleire stikkord om kva segna handlar om? Mvh. Gunnar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne  Bjørlo Fiskå

Hei Har ett stikkord om kva det kan handla om. Grøneposen skal det ha vore pengar i.Her er det snakk om losar - så det kan ha noko med sjøen å gjera. Haram/Flem ligg ut mot havet - kan det ha vore ei ulykka/havari. Eg er glad for at du prøver å løysa segnet for meg. mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

Hei igjen! Det er mogleg at dette er eit bomskot, men ved å skrive 'strysaka' på søkjemotoren - t.d. på Google - vil du få opp ei sak frå Haram/Sandøy i 1830 som kan ha visse likskapsdrag. Du kan også finne den same saka under www.ullanett.com/forteljingar. Mvh. Gunnar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne  Bjørlo Fiskå

Hei Dette var kjempefint, trur at dette må være rett, uten at grøneposen er nemnt. Min manns oldemor er fra Flem, det skal vera losar i slekta, difor var det av interesse å finna utav denne segna Det er ei fin side Ullanett har, med fine fortellingar m.m. Igjen tusen takk for hjelpa. mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne  Bjørlo Fiskå

Skulle gjerne ha funne denne saka, Utdrag frå Strysaka 'Futen på Sunnmøre kravde at 181 av dei som var mistenkte for tjuveri frå 'Albion' vart innstemde til forhøyr. Den første dommen vart avsagt 5. mars 1839, men han vart forkasta av høgsterett som kravde ny sakføring 5. oktober 1841. Nokre av dei som vart dømde, døydde. Den nye kommisjonen avsa dom i saka mot dei 122 skuldige den 22. desember 1841. Dommen vart anka til høgsterett som stadfesta den den 30. september 1843.' mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ragnhild Hjertvik

Astrid Fjørtoft Godø har skrevet i HER LEVDE DEI, SLEKTER PÅ FJØRTOFT OG HARAM, ÅR 1500 -1990 om Strysaka og grøneposen.Sitat: 'Segna fortel at eingong for lenge sidan kom losar frå Flem i Haram frampå ei skute som hadde stranda utfor Nordøyane. Riggen var flerra og skroget ramponert etter som det stod utsatt til for havbåra som stendig braut over vraket. Losane kom seg likevel ombord, men fann ikkje teikn til liv. Dei gjekk ned i kahytta for å sjå etter folk, men fann ingen. Her fann dei, seier segna, ein grøn pose med pengar, som dei tok med seg heim.----Av rettsdokumenta går det fram at den 27. oktober 1830 stranda den engelske riggen ALBION på eit skjer ved Uksnøy. Skuta som var på veg frå Arkangelsk til London lasta med jarnstenger, stry, lin, planker og grisebust, var ført av kaptein Thomas Hall. Mannskapet gjekk frå borde og søkte ly hos folket på Uksnøy. Både losar og mange andre kom til litt seinare og tok til å 'berge' av lasten. Men dette vart det sak om, ei stor sak som gjekk over 13 år. Strysaka vart den populært kalla. 181 personar frå Haram, Sandøy, Aukra og Vatne vart skulda for vrakplyndring. 29 losar miste papira sine. Andre fekk lange straffer og bøter. Før saka var avslutta i 1843, var fem av dei domfelte døde, og 'forordninga', som dommen bygde på, oppheva.'Astrid Fjørtoft Godø har også tatt med litt om 'bergingsforretninga', og navngitt de som var til forhør i Svendsens hus på Gamlem den 7. febr. 1831, i alt 62 personer.(Deriblant min 2xtippoldefar Knut Rasmussen Fjørtoft). mvh.Ragnhild

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne  Bjørlo Fiskå

Hei Ragnhild, dette var bingo!!!! Då er det godt at me har bibliotek som hjelp oss med fjernlån. Igjen tusen takk for hjelpa. Ser at du har 2xtippoldefar som var med, kan henda nokon av min manns familie frå Flem også var med. mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

Hei igjen! Eg sender deg i posten Harald B. Haram sin artikkel 'Segna om grøneposen - Og 'Albion's forlis som førde til skulding om vrakrøveri mot 181 personar' som stod i Sunnmørsposten 23. desember 1977. Helsing Gunnar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne  Bjørlo Fiskå

Hei Dette var kjempeflott, mange takk. Det skal ble gildt å lesa denne artikkelen.Igjen mange takk til deg Gunnar. Min mann's oldefar Martin Larsen Frøland f 2.07.1855 kjem frå garden Frøland i Ørsta. Har denne gardssoga. Har ikkje funne han døypt i Ørsta, her er konfirmasjonen hans i Borgund. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6379&idx_id=6379&uid=ny&idx_side=-196>Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne  Bjørlo Fiskå

Hei Gunnar Så fantastisk - igjen mange takk for artikkelen. Det var ei spannande forteljing. Det er gildt å ha gode hjelperar - dei er det mange av her på Debattforum. Det viser seg at det kan vera noko å henta i dei gamle segna. mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.