Gå til innhold
Arkivverket

[#83492] Jørgen Martin Tvedt i Bergen - fødd 1891 - kven var han og foreldri hans?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

FT1910 (Lenke) for Øvre Korskirkesmug 1 i Bergen syner:Martha Tvedt, enkje, fødd i Hafslo 8.1.1852Jørgen Martin Tvedt, son, maskinpussar, fødd i Bergen 8.2.1891~~~~~~~~~~~~~~~~~Denne Martha må vera identisk med Martha Jørgensdotter Urnæs, fødd i Hafslo 16.1.1851. Ho vart konfirmert i Hafslo i 1866 og budde framleis på Urnes i Hafslo i 1875.~~~~~~~~~~~~~~~~~FT1900 syner denne huslyden i Øvre Fjeldsmug 9 i Bergen:Marta Jørgensen, fødd Hafslo 1852, off. underst., ugiftJørgen Tvedt, fødd Bergen 1891 - son~~~~~~~~~~~~~~~~~Manntalet frå 1912 for Øvre Korskirkesmug 1 i Bergen syner:Marta Jørgensen, fhv. syerske, fødd Hafslo 8.2.1854, innflytt i 1878, ugiftJørgen Martin Tvedt, lagerarbeidar, fødd Bergen 2.8.1891, son hennar~~~~~~~~~~~~~~~~~Marthe Jørgensen Urnæs, sypige, busett Øvre Korskirkealm. 14 i Bergenm, fødd i Hafslo 1858, døydde i Krosskyrkja i Bergen 3.6.1913. Dødsmeldingi seier ho let etter seg ein son Olaf på 19 år!~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg har søkt i kyrkjebøkene for Bergen, men eg kan ikkje finna fødsli til denne Jørgen Martin Tvedt nokon stad. Kanskje er det augi mine som sviktar? Men kanskje einkvan er i stand til å identifisera sonen og far hans?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Eg trur ikkje det er auga dine det er noko gale med, kanskje heller registreringane i folketellinga.Her er konfirmasonen til Jørgen i Bergen 1906 med namn på foreldra (ser ikkje ut som det står Urnes bak mora, Aarøen eller noko sånt).Jørgen er oppgitt fødd i Sogndal. Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. C 6 (1893-1906), Konfirmerte 1906, side 192. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7128&idx_id=7128&uid=ny&idx_side=-191>Lenke Permanent bildelenke: LenkeHer er dåpen hans, som stadfester at det er rett mor, for her står det i alle fall Urnes, men bosted er då Aarøen (nr. 23). Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Stedje i Sogndal, Ministerialbok nr. B 1 (1878-1899), Fødte og døpte 1891, side 72. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for spennande og nyttig innlegg! Då er sambandet mellom Jørgen og Martha fastsett! Martha hadde ei søster som budde på Årøy i Sogndal!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.