Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Svein Arild Bergset

[#83597] Tips om dataverktøy

Recommended Posts

Gjest Svein Arild Bergset

Eg tenkte eg skulle tipse folk her om eit dataverktøy som er perfekt til mellom anna slektsgransking.Evernote er eit program og netteneste som let deg lagre informasjon og ikkje minst finne tilbake til informasjonen på ein enkel og strukturert måte. Det er basert på å lagre tekst, bilder og ulike andre filtypar som notat i 'notatbøker' (tilsvarar folderar).I Evernote blir data lagra både på maskina di lokalt og synkronisert online. Du kan dermed bruke Evernote på fleire maskiner og automatisk ha tilgang på same data på alle maskiner. I tillegg til Windows og Mac finst programmet også for ulike mobiltypar som IPhone/IPad og Android. Du har dermed tilgang på same data enten du sit ved maskina heime, med bærbar PC på toget eller nyttar mobilen hos gamle tante Berta. Det at data ligg online er også ei god forsikring i forhold til backup.Det finst såkalla 'bookmarklets' for alle nettlesarar som gjer det enkelt å merke av tekst på ei webside og med eit klikk blir det lagra i Evernote. Feks når du finn interessante slektstre, artiklar eller debattinnlegg på web. Dette er ein fordel istaden for å berre lagre linkar til websider, sidan linkar (og websider) av og til kan forsvinne. Du har då heile teksten lagra på din private Evernote-konto for alltid. Du får også ei eiga epostadresse tilknytta din konto slik at du kan vidaresende epost til den adressa og få innhaldet rett inn i Evernote, klart til å søkast i. Det er også andre praktiske måtar å legge data inn i Evernote.Evernote er svært populært til å lagre scanna versjonar av alle typar papirbasert materiale som ein har liggande i heimen. Når du har scanna eit papir eller dokument kan du trygt legge det vekk og vite at du truleg aldri meir treng å ta fram originalen. Ein av dei viktigaste funksjonalitetane ved Evernote er nemleg at alle bilde og PDF'ar blir automatisk gjort tekstgjenkjenning på. Teksten blir då søkbar i Evernote. Dette fungerar også overraskande bra med handskrift (iallfall for dei som har normalt leseleg handskrift). Du kan feks scanne sider frå bygdebøker, 'familiesider' i aviser, brev og namnelister frå slektningar i Amerika, og alt vil kunne søkast i. Bilder av folketellingar i USA eller kyrkjebøker hos Digitalarkivet er også gode kandidatar å lagre i Evernote, sjølv om tekstgjenkjenninga på slike eldre dokument nok ikkje vil fungere like bra.I tillegg til søking kan informasjonen strukturerast i 'notatbøker' og ved å knytte merkelappar (tags) til notata. Dette gjer det enklare å avgrense søk. Du kan og geotagge notat. Feks er det naturleg å geotagge slektsinformasjon til den garden en person kjem frå, eller geotagge bilder frå kyrkjebøker til rett sokn eller folketelling til rett by. Så kan du søke etter informasjon geografisk og finne alt som er knytta til ein spesiell lokasjon.Evernote er såkalla 'freemium'. Det vil seie at det i utgangspunktet er gratis å bruke, men du kan også betale for 'premium' der du får noko ekstra funksjonalitet og meir lagringskapasitet. Vilkåra for lagring og bruk av kontoen er svært brukarvennleg. Er du gratiskunde kan du lagre 60MB pr månad online. Dvs at ved starten på kvar ny månad har du nye 60MB til råde. Så om du brukar Evernote i eitt år vil du kunne lagre 720MB gratis. Om du går over til premium har du heile 1GB lagringsplass pr månad (dvs 12GB pr år ved full utnytting), noko som truleg er meir enn nok for dei aller fleste. Det fine er at Evernote let deg betale for premium i ein eller fleire månadar og så gå tilbake til gratisversjonen. Du vil då framleis ha tilgjengeleg alt du lagra den månaden du var premium. Dette er ei fin løysing dersom du har ei stor mengde data du vil lagre i starten, men ikkje nødvendigvis kjem til å lagre så mykje seinare.Du kan dele 'notatbøker' med andre, noko som gjer det lett å feks samarbeide med andre om tolking av eit spesielt dokument, deling av scanna tekstar eller liknande.I forhold til slektsgransking er Evernote ein fin måte å samle råinformasjon før du evt registrerar det i slektsprogrammet ditt. Du kan lett strukturere og søke i informasjonen din og du har alltid online backup av dine data.Eg har brukt Evernote i halvanna år og det er blitt mitt viktigaste verktøy til innsamling og arkivering av all type informasjon. Det kan sjølvsagt brukast til andre ting enn slektsgransking. Eg brukar det til å lagre alt frå kvitteringar og kontoutskrifter til jobbdagbøker og postkort. Eg har hatt premiumkonto frå første veka eg var kunde, og kan absolutt anbefale andre å prøve det.Sjå meir informasjon her: http://www.evernote.com

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aslak Smedal

Hei Tusen takk for et nyttig tips. Har lastet ned appen for android. Hilsen Aslak

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Litta Olsen

Takk for tipset!Har lastet ned til Macen min og skal sync'e med iPhonen. Ser veldig bra ut.Hilsen Litta

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.