Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#83784] Oaldsbygda på Sunnmøre - truleg ei feilskriving - men kva skal det vera?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

For fleire år sidan fekk eg opplysningar (eg hugsar ikkje kvar!) om denne huslyden:Ole Martinus Johannes Knutson Sæther vart døypt i Ørskog på Sunnmøre 2.7.1790. Foreldri hans var:Knut Olson Sæther og kona Guri Larsdotter, og denne Guri er det som vert sagt vera frå garden STOKKE i OALDSBYGDA.Her er huslyden i FT1801, på Olesæter: LenkeI tillegg til oppålysningar om opphavet til Guri, er eg likeins interessert i ei stadfesting av at Knut Olson er barnefødd på Sæther.Kanskje kan einkvan med lokal kunnskap eller tilgjenge til ei bygdebok hjelpa meg med dette?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ann-Mary Engum

Utdrag fra lenken: Oaldsbygda Bygda med flere garder ligger veiløst i et dalføre som ender ned i Synnylvsfjorden og hadde beboere helt frem til 1950-årene. Der er bare en kjerrevei mellom husene og ned til kaia ved sjøen.http://www.fjellside.com/oaldsbygda.htm

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for spennande innlegg!Om eg tolkar dette rett, so ligg Oaldsbygda og garden Stokke i Stranda kommune og prestegjeld. Kan nokon stadfesta dette?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ann-Mary Engum

Oaldsbygda: Grend i Stranda (Møre og Romsdal). Ligger på 62°09′44″N 07°01′57″Ø. ... Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

(4) ja og nei...Bygda ligg i dag i Stranda kommune, men ho har vel aldri vore i Stranda prestegjeld.I den grad grender utan fast busetnad høyrer til sokn, høyrer ho til Sunnylven sokn. Det som var under Ørskog prg. til 1673, og så under Norddal prg. (Norddal, Synnulven og Geiranger) til 1861, då Sunnylven og Geiranger vart eige prestegjeld.Sunnylven kommune (med Geiranger) vart slegen saman med/innlemma i Stranda i 1965.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Ivar for avklarande innlegg. Då tenker eg eg vil skriva ''frå Stokke i Sunnylven, Norddalen'' (utifrå det faktum at me er på 1700-talet...)Då sit me att med spørsmålet om opphavet til Knut Olson Sæther...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ronny Rismyhr Haugen

(8) Norddal/Norddalen:Etter det jeg har lest meg til har dette navnet tradisjonelt blitt uttalt med den bestemte formen. Skrivemåtene en finner på f.eks. 1700-tallet gjenspeiler vel også uttalen med bestemt form. Så selv om Norddal er offisiell skrivemåte i dag, er det ikke galt å bruke formen Norddalen - især ikke når en snakker om 1700-tallet. Jeg vil si begge former er gangbare i bygdeboka som Lars skriver.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar og Ronny for nye interessante innlegg!Dette med språkformer vil alltid vera tema for diskusjon; det er umogeleg å gjera alle til lags...Eg kjem ikkje inn i bygdeboki for Ørskog, men eg har skrive ned frå tidlegare at Guri Larsdotter skulle vera frå Stokke. Kan det vera oppgjeve ved vigsli? Kan detr vera tale om ein annan gard Stokke? Eg ser me har Stokke m.a. i Ålesund, i Ørsta og i Grytten (Rauma)...Eg har elles ein kommentar som gjeld det som står i bygdeboki for Ørskog og som gjeld yngste sonen etter Ole Knutson Sæther; Hans Severin Olson (1837-1873). Ved dødsfallet hans i Ørskog 7.4.1873 står det klart at han var ungkar og gardbrukarson (Lenke). Likevel skal det i bygdeboki stå at han var gift med ei Martha Johnsdotter Dyrkorn! Finst det noki forklaring på dette? Kanskje han var trulova eller fekk eit barn med denne jenta?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kirsti for spennande innlegg! Der har me nok forklaringi på utsegni frå bygdeboki. Men gifte var dei altso ikkje...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Øystein Nybø

Eg meinar det er Knut Olsen som er frå Stokke. Vi finn Knud døypt i Sunnylven Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunnylven i Norddal, Ministerialbok nr. 519A01 /2 (1736-1760), Kronologisk liste 1758, side 189. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=17005&idx_id=17005&uid=ny&idx_side=-69>Lenke Dom. XII p. Trinit. Son til Ole StaakkeKnud Ols. Stokke gifta seg med Guri Larsd. i Ørskog 20.06.1790. Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Ørskog, Ministerialbok nr. 522A03 (1773-1809), Kronologisk liste 1790, side 340-341. Permanent sidelenke: LenkeHan er og kalla Knud Stoche då sonen Ole Martinus Johannes vart døypt i Ørskog 25.07.1790 Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Ørskog, Ministerialbok nr. 522A03 (1773-1809), Kronologisk liste 1790, side 342-343. Permanent sidelenke: Lenke Fadderane var Peder Søvig, Ole Løset, Lars Lindset, Jomfr. Petrine Honningdal, Marte Løvold og Marte Lindset.Det er nærliggande å tru at Guri Larsd. var frå same kant av soknet som fadderane. På garden Lindset budde ei tid Lars Rasmussen Vestre og kona Siri Olsd. Løset gift 1752. Dei hadde borna: Guri f. 1753, Marte f. 1755 og Lars f. 1758. Denne familien hadde før budd på Ramstad og Løset.Marte og Lars Lindset, som var faddrar, hadde altså ei syster ved namn Guri Larsd. Eg trur difor at Guri Larsd, kona til Ole Knudsen Stokke, var den Guri som vart døypt 03.04.1753 Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Ørskog, Ministerialbok nr. 522A02 (1743-1773), Kronologisk liste 1753, side 817-818. Permanent sidelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

(14) det gjekk fort med Knut og Guri; dåp 25. juli, vigsel 20.juni - og trulovinga like før det igjen, 21.mai på sida framom. Guri er frå Op(p)sal, forlovarane frå Furnes og Løvoll.Oppsal ligg vel sør for fjorden og vart overført til Sykkylven på 1960-talet (eller 1950-t?), og er ikkje med i bygdeboka for Ørskog.(10) det kan hende bøkene i NBdigital berre er tilgjengelege frå norske ip-adresser, og det har du vel kanskje ikkje i Hinterzarten. (Då eg var i Tyskland hadde eg norsk ip-adresse v.j.a. VPN-tilknytning; altså virtuell innlogging på ein norsk maskin.)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Øystein Nybø

Guri Larsd. er nok fødd medan foreldra Lars Rasmussen Vestre og Siri Olsd. Løset budde på Ramstad. Døypt 03.04.1753 Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15984&idx_id=15984&uid=ny&idx_side=-129>LenkeMen så døydde faren 20.03.1761 etter at dei flytta til Lindset. (om lag midt på side 994) Permanent sidelenke: Lenke Mora, Siri, er truleg den enkja som gifta seg att (men her er eg på usikker grunn) i Ørskog kyrkje 03.07.1768. Permanent sidelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ole Øystein og Ivar for nye avklarande innlegg! Eg er glad for at desse opplysningane vert so godt sjekka av de som har lokal kunnskap. Eg hadde aldri greidd å finna ut av dette utan å måtta nytta uforholdmessig lang tid...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.