Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#83786] Elling Ellingson og Christiane N. Olsdotter - 1865 plassfolk Gjelsten i Vestnes?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg sit med følgjande 'delbiografi' om dette parfolket:Elling Ellingson frå Jelle i Ørskog, Sunnmøre, var fødd i Ørskog 15.9.1820 og gifte seg i Ørskog 8.6.1851 med:Christiane Nicoline Olsdotter frå Sæter i Ørskog, fødd i Ørskog 1.11.1823.Eg har fått opplyst at Elling og Christiane alt i 1851 flytte til Vestnes og der var gardbrukarar, først på Fiksdalsstrondi og sidan på Gjelsten og at dei døydde på Gjelsten, Elling i 1898 og Christiane i 1909.Her er dødsfalli: Elling 14.1.1898 som husmann på Gjelsten ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2691&idx_id=2691&uid=ny&idx_side=-212>Lenke), og Christiane 18.12.1909 som husmannsenkje same staden (Lenke).Her ser eg at dei alt i 1865 var plassfolk under Gjelsten: LenkeFT1865 nemner to søner etter Elling og Christiane, men eg veit ho hadde minst ein son til fødd før ekteskapet: Rasmus Antonson, fødd 1846.Eg finn fødsli til Elling Olaus i Vestnes 28,7,1853 (Lenke), Då er foreldri gardfolk på Fiksdalsstrand. Det er dei òg då sonen Halvor var fødd 16.9.1855 (

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ann-Mary Engum

Etterslekt av Lars Ellingsen Valgermo Hjelle (191) Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for eit kjempemessig innlegg! I denne teksten fann eg svar på alle spørsmåli mine; eg går berre utifrå at årstalet for flytting til Gjelsten var 1858 og ikkje 1885...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Osvald Rydjord

Ellen og Nikolina er 1851 ført innflytta frå Ørskog som ektefolk'for at drive en plads under gården Fiksdalsstrand'. Dei to barna deira er dødde der. Men 1855 sel dei stykket dei hadde kjøpt innpå Stranda, og set seg so ned her på Hagara som plassfolk under Nerigarden og Innigarden. Dette er ytste Hagarplassen.Kristianna Nikoline Olsdatter Sætre, og Elling Ellingsen Sollid Gjelsten, hadde barna Elling Olaus 1853 og Halvard 1855, i tillegg hadde Nikolina Rasmus Antonsson frå før.Elling får seg plass på Røterå, Nakken. Halvard kjøper Bnr. 2 på Hagara (Hagardsmyr br.nr u Gjelsten). Rasmus vart sersjant og kjøpte seg stor gard på Tennfjordneset.Opplysningene frå Rekdal: Fiksdal sogn s 401 og 402.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Osvald for oppretting av årstalet for flyttingi frå Fiksdalsstrand til Hagara! Då skulle dette kapitlet vera bra komplett so langt som eg treng det!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.