Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Arne T. Aabø

[#83834] Slekt frå Lårdal og Lunde

Recommended Posts

Gjest Arne T. Aabø

Eg er interessert i etterkomarar etter Olav A. Nygård, f. 1877 i Lårdal og Margit Gunnarsdotter Djuve, f. 1878 også i Lårdal. Dei gifte seg i 1903 og fekk to born, Hildegunn f. 1904 og Hjørdis f. 1907. Olav døydde i 1911, og Margit gifte seg att i 1913 med Tor Kristensen, f. ca 1887 frå Lårdal. Dei fekk sonen Gunnar. Margit og Tor flutte til Lunde, og dei tri borni voks nok opp der. Tor trur eg døydde i 1928. No er eg interessert i å høyre om det er etterkomarar etter dei. Mange hugsar sikkert Hildegunn, Hjørdis og Gunnar, men så spørs det om desse les debattforumet. For ordens skuld: Far min var tremenning med Olav A. Nygård, som vert hugsa i Lårdal som ein av pionerane innan arbeidarrørsla og som kunne nådd langt om han hadde fenge fleire leveår. Helsing Arne T. Aabø

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gro Berit Sternang

Kan detta vera Hjørdis? Godt nyttår forresten!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gro Berit Sternang

Nei nå gjeng det for fort, gløymde, ikkje gøymde

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne T. Aabø

Godt år til deg og, Gro Berit! Godt forsøk dette, men diverre. Iflg. klokkarbok for Lårdal og folketeljing 1910 er 'mi' Hjørdis fødd 17.01.1907.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jonas Jonsson Hove

På Eidanger gamle i Porsgrunn finn eg gravlagt: Hjørdis Andersen 17.1.1907-8.12.1997. Di Hjørdis?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne T. Aabø

Takk, Jonas for innspeli. Lenkene du syner til, gjeld Hjørdis. Eg hev funne dei same. Derimot er eg litt usikker på denne som er gravlagd i Eidanger. Søk på folketeljingi 1910 syner at det er tre Hjørdis i heile landet som er fødde 17.01.1907. Den eine er frå Porsgrunn. Me må ha fleire opplysningar for å slå fast om det er den rette. Elles må me kanskje til Lunde og der omkring for å finne folk med lokalkunnskap. Vonar på fleire innspel.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne T. Aabø

Det må ikkje stoppe opp her. Eg hev ikkje hatt tilgang til internett sidan sundag pga. feil med breibandet. men ein dag tidlegare i veka ringde eg til ei eldre dame i Lunde. Ho kunne fortelje at Margit hadde hus på Bjervamoen i Lunde og hadde systoge der, skulle vera veldig flink. Hildegunn budde hjå henne. Ho var ugift. Hjørdis vart gift på Rjukan og hadde i alle fall ei dotter, men truleg fleire born og. Ho hugsa ikkje etternamnet. Kanskje det no er mogeleg å koma vidare for å finne etterkomarar etter Hjørdis. Gunnar hadde ho ikkje greie på kor vart av; han flutte vidare ut frå Lunde. Helsing Arne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne T. Aabø

Hei! Eg såg akkurat i klokkarbok for Rjukan 1928- 1937. Der fann eg vigde 28. oktober 1931: Hjørdis Nygård, ekspeditør Rjukan fødd i Lårdal 17.01.1907 og Torleif Olsen, sjåfør Rjukan, fødd i Heddal 17.09.1908. Døypte får eg ikkje tilgang på etter denne tid pga. sperrefristen på 80 år. Men eit godt spor skulle det vel vera likevel.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne T. Aabø

No gjekk det visst for fort. Dei gifte seg 17. oktober 1931, ikkje 28.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gro Berit Sternang

Under DIS gravminne finn vi, gravlagd Rjukan på Rjukan:Hjørdis Olsen f. 17.01 1917, død 07.01 1993Thorleif Olsen (uten født dato), død 22.11 1977Ja det står 1917 på Hjørdis, der er ikkje bilde av gravstøtta, så eg veit ikkje kvar feilen ligg. Dei ser ut til å vera gravlagd i same grav.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne T. Aabø

Takk Gro Berit, eg fann også dette nettopp. Eg er nokså sikker på at 1917 er feilskriving og skal vera 1907. Dette er nok den Hjørdis eg søkjer etter. No hadde det vore interessant å finne etterkomarar. Det kan gjerne vera born av dei som lever i dag.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne T. Aabø

Nei då, eg hev ikkje gløymt spørsmålet mitt. Derimot hev eg hatt vanskar med internett og breibandsignali. Slik er det når ein bur ute i 'bushen'. I dag fungerer det att så tolleg. No hev eg gjort fylgjande: Eg hev teke kontakt med biblioteket på Rjukan og bede dei skrive av eller kopiere dødsannonsene til Thorleif og Hjørdis Olsen. Eg veit dei hev alle avisene liggjande, og biblioteket hev tidlegare hjelpt meg masse med kopiar frå avisene. Tenesteytingane deira er berre fantastisk gode. Når eg fær svar, skal eg koma attende med meir informasjon.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne T. Aabø

No hev eg fenge svar frå Rjukan bibliotek. Hjørdis var 86 år då ho døydde i 1993. Difor er 1917, som det stod i DIS Norge gravregister, feil. Me hev funne den rette. Ho og Thorleif hadde ei dotter, Bjørg, truleg fødd tidleg på 1930- talet. Ho var gift med ein Asle og hadde ei dotter, Berit Synnøve. I 1993 hev Berit to born, Petter og Marte. Så er det om nokon kjennest ved desse namni?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.