Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#83983] Maria Hansdotter (1824-1912) og Johan Olson (1831-1895) - gardbrukarar på Værøy?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Det var fleire sogningar som på 1800-talet slo seg ned på Værøy i Lofoten, og ei av dei, som eg manglar ein del opplysningar om til bygdeboki vår, er denne jenta frå Urnes i Hafslo:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Maria Hansdotter (Urnæs), f. i Hafslo 15.11.1824, flytte i 1852 til Værøy der ho 16.9.1854 gifte seg med Johan Olsen frå Mostad på Værøy, f. på Værøy 14.6.1831. Johan var fiskar, og han og Maria er nemnde i fleire år som innerstfolk på Sørland på Værøy, men var frå kring 1862 gardbrukarar same staden. Johan Olsen d. som gardbrukar på Sørland, Værøy 10.5.1895, medan Maria d. som enkje same staden 28.11.1912. Dei fekk seks born i lag:a. Ole Marinius Johansen, f. på Værøy 6.10.1854, d. på Værøy 14.10.1854.b. Lorents Bugge Johansen, f. på Værøy 28.9.1855, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!)Lorents gifte seg på Værøy 10.6.1888 med Maria Kristine Jensdotter frå Breivik i Gildeskål, f. i Gildeskål 1.6.1866. Ho d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900!)¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1888: handelsmann Sørland på Værøy! – 1900: landhandlar same stad)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl.:* Johan Johansen, f. Værøy 1889, n. 1900* Alfred Johansen, f. Værøy 1891, n. 1900* Alfred Johansen, f. Værøy 1891, n. 1900 (feil for eit anna barn!!)* Ole Johansen, f. Værøy 1895, n. 1900* Adolf Johansen, f. Værøy 1897, n. 1900* Levie Johansen (dtr), f. Værøy 24.4.1899, n. 1900)c. Metta Jørgine Johansen, f. på Værøy 28.10.1858, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? - etter 1900!)Metta gifte seg på Værøy 30.5.1889 med enkjemannen Jacob Andreas Andersson, opphavleg frå Bergsnov i Vefsn, f. i Vefsn 17.5.1851. Han miste livet på sjøen ved Værøy 7.4.1891.¤¤¤¤¤ (yrke og bustad for Jacob og Metta? – 1889: innerst og fiskar på Tyrnæs, Værøy – 1891: strandsitjar Sørland – 1900: Metta Olsen: husmannsenkje på ein plass under Sørland i Værøy - sidan?)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl.:* Johan Jacobsen, f. Værøy 1888, n. 1900* Julia Jacobsen, f. Værøy 1890, n. 1900* Mathilda Albertson, f. Værøy 1896, n. 1900 - hennar dotter?)d. Olina Johansen, f. på Værøy 4.1.1861, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)Oline gifte seg på Værøy 28.9.1884 med Adolf Olsen, f. på Sørland på Værøy 10.3.1858. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1884: strandsitjar og fiskar Sørland på Værøy! – 1900: fiskar og husmann same stad!)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl.:* Ole Adolfsen, f. Værøy 1885, n.1900* Katrine Adolfsdatter, f. Værøy 1887, n. 1900* Anna Adolfsdatter, f. Værøy 1889, n. 1900* Olga Adolfsdatter, f. Værøy 1889, n. 1900* Konrad Adolfsen, f. Værøy 1891, n. 1900* Sigurd Adolfsen, f. Værly 1893, n. 1900* Ingrid Adolfsdatter, f. Værøy 1898, n. 1900)e. Johanna Marie Johansen, f. på Værøy 4.9.1864, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)Johanna gifte seg på Værøy 31.8.1884 med Johan Jacob Bernhard Andreassen, f. på Sørland på Værøy 1.1.1860. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1884: fiskar Sørland, Værøy – 1900: gardbrukar og fiskar Sørland, Værøy!)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl.:* Marie Johansen, f. Værøy 1885, n. 1900* Hilda Johansen, f. Værøy 1888, n. 1900* Anna Johansen, f. Værøy 1894, n. 1900* Ole Johansen, f. Værøy 1896, n. 1900* Kristian Johansen, f. Værøy 1898, n. 1900)f. Hardina Celette Johansen, f. på Værøy 29.1.1870, d. på Nestby i Saltdal¤¤¤¤¤ (dødsdatoen hennar?)1945. Hardina gifte seg¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar?)1895 med Johan Olaus Jakobsen, f. på Nestby i Saltdal 25.10.1868. Han d. på Nestby 5.12.1939.¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1900: bergverksarbeidar, budde hjå foreldri hans på Nestbymo under Nestby i Saltdal!)Dei fekk fem born i lag.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Kanskje finst det ei bygdebok for Værøy som kan hjelpa oss på veg med desse dødsfalli og barneflokkane?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest anne julie engmo

Hei. Starter med Oline som ble gift 1884 med Adolf Olsen (siden jeg har dem i slektsprogrammet) Adolf ble født 1859 (datoen 10.03 er rett)Du har egentlig alle barna uten Margit som ble født 08.12 1903. Konrad f. 1891 er døpt Mons Konrad,og Sigurd f. 1893 er døpt Alfred Sigurd.Adolf døde 24.02 1942 og Oline døde 28.08 1937Mulig jeg har mer om disse,men må se på det i morgen !

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest anne julie engmo

Lorentz Bugge Johansen er gravlagt på Værøy kirkegård,han døde 18.09 1943 ifølge 'gravminner i Norge'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest anne julie engmo

Marie Johansen (Lorentz`hustru) døde 28.12 1956.Barna jeg har notert er : Johan 21.02 1889 død 12.11 1913(finner ham ikke reg. i kirkebok for Værøy) Alfred 24.05 1891 død 05.05 1966 Levia 22.06 1893 død 1898 Ole f. 02.02 1895 (finner en Ole Johansen d. Mostad i 1940,men ingen fødselsdato,trekors med navnene Ole og Berntine Johansen ) Adolf f. 23.03 1897 død 31.08 1974 Levie f. 22.04 1899 død dato ukjentAnna Marie f. 05.07 1902 død dato ukjentLorentz er skrevet som handelsmann ved barnas dåp.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest anne julie engmo

Johanna Marie Johansen og Johan J.B. Andreassen fikk etter det jeg finner ut hele 16 barn ! 6 av disse døde tidlig.( 1) Marie Katrine f. 22.10 1885 (2) Idar Jørgen f.01.08 1887 (3) Hilda Inga f. 26.12 1888 (4) Johan Jørgen f. 04.01 1890 død 28.01 s.å (5) Ole Alfred f. 03.01 1891 død 14.02 s.å (6) Jakob Lauritz f. 29.01 1892 død 26.03 s.å (7) Sigurd f. 14.01 1893 død 23.01 s.å (8) Anna Kristine f. 12.02 1894 (9) Jørgen Marselius f. 02.05 1895 død 15.08 s.å (10) Ole Astrup f. 17.05 1896 (11) Kristian f. 15.06 1898 (12) Johan Jørgen f. 27.03 1900 død 06.04 s.å (13) Elide Karoline f. 21.02 1901 (14) Toralv f. 18.12 1902 (15) Laura Elise f. 13.02 1904 (16) Konrad f. 22.08 1905 Johan J B Andreassen er skrevet som fisker og gbr ved de fleste barnas dåp,men også som skipper og styrmann i årene fra 1888 da Hilda ble døpt til 1895 da Jørgen ble døpt.Johan døde 28.01 1941 og Johanna Marie døde 31.12 1938. Begge er gravlagt på Værøy.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne Julie for mange flotte og nyttige innlegg! Her er mange detaljar komne på plass!Sjølv har eg funne at den yngste dotteri Hardina gifte seg i Saltdal 20.9.1895, og eg har funne ett ekstra barn etter handelsmann Lorents Johansen på Værøy:* Edna Bertine Marie, fødd på Værøy 6.2.1906.So vidt eg då kan sjå, manglar me berre opplysningar om lagnaden til Metta Jørgine og oversikt over borni hennar, i tillegg til dei konkrete dødsstadene til søskeni/svograne og svigerinnene hennar... Dette er kjempebra!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest anne julie engmo

Mette Jørgine Johansdatter f. 1858 fikk 6 barn, etter det jeg kan se.(1)Jenny Marie f.29.05 1884 (far : ungk. Martin Pedersen Værøy f.1856) (2) Johan Hagerup f. 25.11 1888 (3) Martin Bernhard) f. 13.01 1890 (4) Julie Marie f. 29.05 1891Som enke fikk Mette to barn : (5)Mathilde f. 29.06 1896 (oppgitt barnefar gift mann Albert Kristiansen. Her har presten skrevet i en kommentar 'den opgivne fader har nægtet Parerniteten'. (6) Anna Ovidia f. 05.03 1904 (barnefar gift mann,fisker Nikolai Johansen- 'hennes 3. leiermaal')Har ikke funnet nårtid Mette døde. I folketellinga 1910 bor hun på Sørland i Værøy sammen med døtrene Jenny f. 1884 og Anna f. 1904,samt barnebarnet Johanna f.1907 (Jennys barn født u.e)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne Julie for nok eit kjempeflott innlegg!Då har me etter kvart fått eit godt bilete av denne huslyden, og her følgjer ei oppdatering der eg har utelete barneborni:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Maria Hansdotter (Urnæs), f. i Hafslo 15.11.1824, flytte i 1852 til Værøy i Nordland der ho 16.9.1854 gifte seg med Johan Olsen frå Mostad på Værøy. Han var son av innerst Ole Hansson på Mostad og kona Maren Hansdotter frå Røst og f. på Værøy 14.6.1831. Johan var fiskar, og han og Maria er nemnde i fleire år som innerstfolk på Sørland på Værøy, men var frå kring 1862 gardbrukarar same staden. Johan Olsen d. som gardbrukar på Sørland, Værøy 10.5.1895, medan Maria d. som enkje same staden 28.11.1912. Dei fekk seks born i lag:a. Ole Marinius Johansen, f. på Værøy 6.10.1854, d. på Værøy 14.10.1854.b. Lorents Bugge Johansen, f. på Værøy 28.9.1855, d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans?)18.9.1943. Lorents gifte seg på Værøy 10.6.1888 med Maria Kristine Jensdotter frå Breivik i Gildeskål, f. i Gildeskål 1.6.1866. Ho d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar?)28.12.1956. Lorents var landhandlar, og han og Maria budde på Sørland på Værøy. Dei fekk åtte born i lag.c. Metta Jørgine Johansen, f. på Værøy 28.10.1858, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? - etter 1910!)Metta gifte seg på Værøy 30.5.1889 med enkjemannen Jacob Andreas Andersson, opphavleg frå Bergsnov i Vefsn, f. i Vefsn 17.5.1851. Han miste livet på sjøen ved Værøy 7.4.1891. Jacob var fiskar, og han og Metta budde som strandsitjarar på Sørland på Værøy. Dei fekk tre born i lag, men Metta hadde òg eitt barn frå og to born som enkje.d. Oline Johansen, f. på Værøy 4.1.1861, d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar?)28.8.1937. Oline gifte seg på Værøy 28.9.1884 med Adolf Olsen, f. på Sørland på Værøy 10.3.1858. Han d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans?)24.2.1942. Adolf var fiskar, og han og Oline budde som husmannsfolk på Sørland på Værøy. Dei fekk åtte born i lag.e. Johanna Marie Johansen, f. på Værøy 4.9.1864, d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – gravlagd Værøy)31.12.1938. Johanna gifte seg på Værøy 31.8.1884 med Johan Jacob Bernhard Andreassen, f. på Sørland på Værøy 1.1.1860. Han d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans?)28.1.1941. Johan var fiskar, og han og Johanna var dessutan gardbrukarar på Sørland på Værøy. Dei fekk seksten born i lag.f. Hardina Celette Johansen, f. på Værøy 29.1.1870, d. på Nestby i Saltdal 31.7.1945. Hardina gifte seg i Saltdal 20.9.1895 med Johan Olaus Jakobsen, f. på Nestby i Saltdal 25.10.1868. Han d. på Nestby 5.12.1939. Johan var gruvearbeidar, men han og Hardine var òg gardbrukarar på Nestby i Saltdal. Dei fekk fem born i lag.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Det er vel truleg at dei alle døydde heime på Værøy, men kyrkjebøkene vil eventuelt syna om nokon av dei vart sende til eitt eller anna sjukehus...?Nok ein gong ein stor takk til Anne Julie for verifulle opplysningar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.