Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#84042] Claus Johnson og Anna Olsdotter - frå Hafslo til Bud - og til Sommernes i Fræna?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Mange indresogningar flytte i 1820- og 1830-åri til Romsdalen, men ein av dei som til dels har vore vanskeleg å spora opp, er denne huslyden, som ifølgje kyrkjeboki for Bud flytte inn der i 1831 (Lenke) (her kalla Hans Johnson, men skal vera Claus Johnson!):~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Claus Johnson Sommernæs, frå Kinserdalen, var f. i Hafslo kring 1791 og gifte seg i Hafslo 19.4.1824 med Anna Olsdotter frå Kroken, f. i Hafslo kring 1797. Dei var først plassfolk i Kinserdalen under Urnes fram til 1831, men flytte hausten 1831 til Bud i Romsdalen der dei ei kort tid var gardbrukarar på garden Farstad, men ikkje lenge etter flytte dei vidare til Fræna der me finn dei att som husmannsfolk på ein plass under Sommernes.¤¤¤¤¤ (kanskje dei budde på Myri under Sommernes der sonen Ole sidan vart husmann??)Anna d. som husmannskone på Sommernes 31.3.1850, medan Claus d. som husmann same staden 13.11.1854. Dei fekk seks born i lag:¤¤¤¤¤ (kanskje var det fleire born fødde i Romsdalen? - oppl.?)a. John Clausson, døypt i Hafslo 23.11.1817, flytte med foreldri til Bud i 1831 og¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)b. Hans Clausson, f. i Hafslo 21.7.1824, flytte med foreldri til Bud i 1831 og¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)c. Ole Clausson, f. i Hafslo 1.8.1826, flytte i 1831 med foreldri til Bud og d. som husmann på Sommernes i Fræna 21.6.1892. Ole flytte i 1851 til Nordland, men kom snart attende til Fræna og gifte seg der 18.11.1855 med Anna Christensdotter frå Sommernes i Fræna, dotter av gardbrukar Christen Torgerson på Sommernes (1808-1889), opphavleg gardbrukarson frå Nes i Luster. Anna var f. i Luster 9.3.1828, men flytte til Romsdalen med foreldri sine i 1830 og d. som¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)1907. Ole og Anna vart plassfolk på Myri under Sommernes og fekk¤¤¤¤¤ (talet på born? - minst fire - Knut Andreas 1857, Christian 1859, Berit Anna 1863 og Martha Susanna 1865 - kanskje fleire?)d. Gjert Clausson, f. i Hafslo 23.2.1829, flytte òg med foreldri til Bud i 1831 og d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1900 då han var kårmann på Sande 1900!)Gjert gifte seg i Fræna 15.7.1860 med enkja Anna Pedersdotter, opphavleg frå Lærdalsøyri i Lærdal. Ho var f. i Lærdal 4.12.1815 og d. som kårkone på Sande 2.1.1898. Anna hadde før vore gift med gardbrukar Peder Larsson på Sande øvre i Fræna (1812-1855), opphavleg frå Vindedal i Lærdal og ein son av gardbrukardotteri Gjertrud Pedersdotter frå Skildeim i Luster (1771-1844) (s.d.). Gjert tok over styringi av garden på Sande øvre i Fræna då han gifte seg med enkja, og vart buande her levetidi ut. Gjert og Anna fekk ikkje born i lag.e. Berit Clausdotter, f. i Bud 10.8.1832,¤¤¤¤¤ (konf. Fræna 1847 – lagnaden hennar?)f. Christopher Clausson, f. i Fræna 22.6.1840, d. ugift på Sommernes 6.8.1862 etter han hadde vore sjuk i tre år.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg har søkt etter konfirmasjonar og dødsfall for dei to eldste sønene både i Bud og i Vågøy (Fræna), men utan resultat, og ikkje heller ser eg noko meir til Berit etter konfirmasjonen hennar i 1847. Det er merkjeleg kor godt desse borni ''gøymer'' seg, men kanskje er det nokon med lokal kunnskap som kan fortelja meg meir om lagnadane deira?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Litt på siden: ved konfirmasjonen til Ole er det Christen Torgersen og kona som er innført i rubrikken for foreldre - Møre og Romsdal fylke, Vågøy i Aukra, Klokkerbok nr. 565C01 (1817-1844), Konfirmerte 1841, side 508-509. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16069&idx_id=16069&uid=ny&idx_side=-189>Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kirsti og Grethe for nye spennande innlegg!Eg har òg lagt merke til at Christen Torgerson Sommernes og kona Berta var ''foreldre'' ved konfirmasjonen hans Ole, og om eg hugser rett, er dei òg skrivne som foreldre då broren Gjert vart konfirmert eit par år etter. Christen var jo òg komen frå Luster og budde på ein naboplass til Claus og Anna på Sommernes, men eg ser ikkje nokon grunn til at dei skal vera oppskrivne som ''foreldre''...Elles er det godt å vita at Berit framleis levde i 1853, men kvar vart det sidan av ho? Kan ho ha utvandra til Amerika? Dei ''merkelegaste'' personane her er likevel dei to eldste sønene; kvar i all verdi vart dei av? Kan huslyden ha butt ein annan stad etter dei kom til Bud og før dei flytte til Fræna??Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørg Hukkelberg

Bygdebøkene for Fræna kan kanskje gi svar, hvis nokon har dei for handen...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Reidar Sande

Eg har ikkje mykje å leggje til, men i ministralboka finn eg to frå Hafsloe som døyr i november 1854, båe 67 år gamle, sjå nr 35 og nr 3, LenkeDet er Claus Johnson og Claus Sommernes. Dei har etter det eg kan sjå ikkje samme dødsdag, eller dag for gravferd. Men det er vel samme person dette? Eller har du Lars to stk Claus frå Hafsloe, som døyr omtrent like gamle i Fræna, som naboar?Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Kan dette være Hans Clausen Sommernes som pasient ved Reknes hospital? - LenkeGrethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Her er registreringene på Hans ved Reknes hospital - [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=REKNES&gardpostnr=135&merk=135#ovre>Lenke ogLenkeSer ut som søsteren var der også:Lenke og Lenke og Lenke Siste gangen står det at Berit ble utskrevet 24.1.1857 og da ser det ut som hun var død. Og her dødsfallet hennes - Møre og Romsdal fylke, Molde, Reknes hospital i Bolsøy, Klokkerbok nr. 558C01 (1818-1868), Døde og begravede 1857, side 274-275. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Det ser m.a.o. ut som to av barna til Claus og Anna var spedalske. Kan det være grunnen til at to av sønnene bodde hos Christen Torgersen fordi de ikke skulle bli utsatt for samme sykdommen?? Kanskje en litt hypotetisk tanke...Vet ikke jo ikke hvor lenge Hans var på Reknes. Og John vet jeg heller ikke noe mer om.... Da står nok bygdeboka igjen (innlegg 6). Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Reidar Sande

Det er ikkje skrive bygdebøker i Fræna som omfatter Sommernes.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Flott å få avklart det!Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Reidar Sande

Her er Hans konfirmert, på Reknes hospital.LenkeBroren John har eg ikkje lukkast finne her. Ein kan prøve i Molde og Bolsøy for å finne konfirmasjon.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Jeg får opp lenke til døde mandkjøn i stedet for konfirmasjonen...Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bjørg, Knut Reidar og Grethe for spennande og nyttige innlegg!Det høyrest ut som ein heller tragisk lagnad denne huslyden laut gå gjennom. Hans og Berit båe spedalske, og kven veit kva som skjedde med eldsteguten John...? Om ogso han vart spedalsk, var det kanskje FØR Reknes hospital vart opna? Då var han kanskje send ein annan stad? Reitgjerdet eller Bergen?Eg har ikkje noki forklaring på dei to innførslene i kyrkjeboki for Fræna for dødsfallet til Claus Sommernæs. Det var berre EIN person med dette namnet!Elles manglar eg framleis eit par dødsdatoar som ligg etter 1900, men dei bøkene er tydeleg ikkje enno innskanna?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Randi Hagen

Vi er også etterkommere av sogninger som flyttet til Bud i Romsdal rundt 1830-40. Kikket i bygdeboka for Sogndal og der stod det at også flere familier fra samme gård og område flyttet til Bud. Var det uår i Sogn - og hva var det som lokket med Bud?mvh Randi

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Randi for interessant spørsmål!Det var ikkje berre Bud som lokka folk frå indre Sogn i åri kring 1830. Det var ei omfattande flytting frå bygdene i indre Sogn til store deler av Romsdalen og dels både Nordmøre og Sunnmøre gjennom heile første helfti av 1800-talet. Nei, det var ikkje meir uår i Sogn enn andre stader i landet, men skal ein sjå etter ein fellesnemnar, so er det nok Hans Nielsen Hauge! Dei fleste av dei tidlege utflyttarane var ihuga haugianarar, og i Romsdalen fanst det på den tidi mange gardar til sals som lokka desse venene til Hauge oppover.Det finst nok ein del litteratur om denne folkevandringi, men eg kan ikkje nett no peika på nokon særskild...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Randi Hagen

Så spennende, Lars! Skal sjekke folkebiblioteket i Sogndal om det kan finnes noe litteratur om dette der. Har nettopp flyttet hit fra Oslo. Artig å ta tak i den delen av slekta som kommer herfra. :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Dette har du kanskje fra før...Har ikke funnet noen flere barn av Ole Clausen enn de du har regnet opp.Dette er vel giftermålet til yngste datter Martha Susanna - Møre og Romsdal fylke, Indre Fræna i Fræna, Ministerialbok nr. 564A01 (1880-1899), Ekteviede 1884, side 141. Permanent sidelenke:  [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2698&idx_id=2698&uid=ny&idx_side=-132>Lenke Permanent bildelenke: LenkeHer er gifermålet til storebror Knut Andreas Olsen - Møre og Romsdal fylke, Indre Fræna i Fræna, Ministerialbok nr. 564A01 (1880-1899), Ekteviede 1886, side 143. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: LenkeKnut Andreas med kone og barn i 1900 Lenke Lurer på om dette er broren Kristian i 1900 - LenkeDåpen til sønnen Konrad Martin - Møre og Romsdal fylke, Indre Fræna i Fræna, Ministerialbok nr. 564A01 (1880-1899), Fødte og døpte 1884, side 17. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: LenkeKristians giftermål som viser at dette er sønnen til Ole Clausen – se par nr. 4 i 1884 - Møre og Romsdal fylke, Indre Fræna i Fræna, Ministerialbok nr. 564A01 (1880-1899), Ekteviede 1884, side 141. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Randi og Grethe for nye innlegg.Om eg tolkar innlegget ditt rett, Grethe, so har du vore på leiting eller fleire born i denne huslyden utan å lukkast, så då lyt me tru dei ikkje fekk fleire.Då er det berre dei to dødsfalli etter 1900 som manglar attåt lagnaden til John Clausson...Kanskje ein dag...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.