Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aase R Sæther

[#84367] Bøn om endring av nye sider -

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Eg har teke opp dette spørsmålet under fleire emne, men for å vere sikker på at det når fram til rette vedkomande lagar eg eit eige tema her.Den nye folketellinga 1910 har eg sett fram til lenge, men så langt har eg nesten ikkje brukt henne. Grunnen er hovudsakleg den rotete 'layout'en på sida med ulike skrift-typar, -storleikar og ikkje minst fargar. Tvers over heile skjermen ligg ein kraftig blå boks, som er så dominerande at eg knapt ser resten av innhaldet.Både med mine vanlege briller og spesielle databriller gjev denne boksen eit 3D-inntrykk; det ser ut som om han ligg 10 cm framfor skjermen.Det er viktig å hugse at svært mange (dei fleste?) av DA sine brukarar er 40 pluss, og dermed ikkje har så fleksible auge som dei hadde i sin ungdom. Eg vil derfor kome med ei innstendig bøn om at denne boksen blir fjerna, eller får ein meir dempa farge.Nedanfor finn vi også stempelet til Riksarkivaren i ein skarp raudfarge; også den er forstyrrande og gjer det vanskeleg å lese.Eg er ikkje motstandar av endringar når eg får tenkt meg om, men akkurat desse fargeklattane er så påtrengande at dei gjer det vanskeleg å bruke sidene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddbjørn Johannessen

Akkurat nå er 1910-tellinga så godt som tom for grafikk :)Det eneste jeg ser, er:Uh-oh! Page Not Found! The page you requested could not be found. It may have been moved or deleted.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anette S. Clausen

1910-tellingen er oppe nå.Hva gjelder designet så skal jeg ikke komme med hverken løfter eller avvisning her. Vi skal ha dine innvendinger i tankene i den videre prosessen Aase.Liten forklaring for hvorfor ting ser ut som de gjør: Designet for Digitalarkivet er betinget av designet til Arkivverkets nettsider. Det hele er laget av et designbyrå som har nettopp hatt brukere 40-50 i tankene. Den blå boksen er veldig sentral for Digitalarkivet for det er der det globale søket ligger (kalt enkelt søk og enn så lenge kun med 1910-tellingen). Nettopp fordi den kan være dominerende er den ordnet slik at den slår seg sammen når du ikke er på framsiden.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Tenkte meg at her måtte vere eit designbyrå, ja ;-)Sjølv i den smale varianten er boksen vanskeleg for meg; framleis står han framfor sida. Det kan sjå ut som dette blir forsterka av det grå feltet på kvar side - ? Hadde fargen vore nokre nummer lysare hadde truleg ikkje problemet vore så stort.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×