Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#84390] Jacob Olsen (1827-1862), Godtfred Pihl (1819-1903) og Øllegaard - ætt i Borge?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Rosemålaren Lars Anfindson Natvik i Årdal (1774-1841) hadde to døtrer som flytte til Lofoten, den yngste av dei var Øllegaard. Eg freister å fylla ut denne ætti for bygdeboki vår i Luster og har so langt samla dette:--------------------Øllegaard Larsdotter, f. i Årdal 21.9.1832, flytte i 1850 med mor si og stefaren frå Hafslo til Buksnes der ho gifte seg første gongen 1.11.1855 med Jacob Olson frå Svartfjell i Hammarøy. Han var son av gardbrukar Ole Christenson på Svartfjell, opphavleg frå Øvereng, og kona Synneva Jacobsdotter frå Svartfjell og f. i Hammarøy 3.2.1827. Jacob og Øllegaard slo seg ned som husmannsfolk på ein plass under Kortnes i Borge, men Jacob kom bort på sjøen under fiske 8.11.1862. Etter ei tid som tenestejente, mellom anna på Kangerøy i Buksnes, gifte Øllegaard seg att i Borge 10.1.1870 med Godtfred Godtfredson Pihl frå Bergen. Han var son av kjøpmann Godtfred Godtfredson Pihl i Bergen og kona Margrethe Dorthea Henrksdotter Mejer frå Bergen og f. i Bergen 8.5.1819. Godtfred var komen til Borge som lærar, men han og Øllegaard busette seg som gardbrukarar på Steira i Borge der Godtfred d. som kårmann 7.11.1903. Øllegaard Pihl d. som enkje same staden 12.1.1913. Ho fekk i alt fem born, tre døtrer frå første ekteskapet og to søner frå det andre:a. Olianna Lovise Jacobsdotter, f. i Buksnes 16.9.1855, d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – gravlagd Smedvik, Borge!)9.3.1943. Olianna gifte seg første gongen i Borge 24.5.1881 med Peder Joachim Christiansen frå Steira i Borge, f. i Borge 16.5.1855. Peder og Olianna var husmannsfolk på ein plass under Alvestad i Borge¤¤¤¤¤ (kva plass?)der Peder d. 14.12.1884. Olianna gifte seg so att i Borge 13.7.1886 med enkjemannen Knut Peter Thomassen frå Alvestad i Borge, f. i Borge 23.1.1847. Han d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans?)7.1.1935. Knut var fiskar, og han og Olianna budde som plassfolk på Gjerdet under Alvestad i Borge¤¤¤¤¤ (har eg oppfatta dette rett?)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer frå hennar to ekteskap? – 1900: Godtfred Pedersen 1882, Petra Pedersen 1884, Selmer Knutsen 1890)b. Anna Nicoline Jacobsdotter, f. i Borge 11.8.1858, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)Anna gifte seg i Borge 30.6.1877 med Carl Johan Peter, kjend som Karl Anderssen frå Torvdal i Borge, f. i Borge 13.11.1849. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)Karl var fiskar, og han og Anna busette seg som husmannsfolk på Langvåg under Borgefjord ytre¤¤¤¤¤ (budde dei alltid der?)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – 1900: Leonhard 1877, Gyda 1882, Rangvald 1885, Selma 1888, Marianna 1891, Gotfred 1893, Kasbara 1895, Kristofa 1899)c. Sanna Amalie Jacobsdotter, f. i Borge 8.2.1861, d. som husmannskone på Alvestad i Borge 20.10.1886. Sanna gifte seg i Borge 3.10.1884 med enkjemannen Peter Eleaser Thomassen frå Alvestad i Borge, f. i Borge 25.11.1834. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!)Peter var husmann på Pålfjorden under Alvestad i Borge der han budde levetidi ut.¤¤¤¤¤ (har eg oppfatta dette rett?)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer?)d. Godtfred Martin Godtfredson Pihl, f. i Borge 29.5.1870,¤¤¤¤¤ (n. 1875 – lagnaden hans?)e. Gerhard Johan Godtfredson Pihl, f. i Borge 19.4.1873, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)Gerhard gifte seg i Borge 4.6.1899 med Leonharda Kristine Sivertsdotter frå Vikjord i Borge, f. i Borge 26.9.1877. Ho d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – gravlagd Smedvik i Borge – Vestvågøy)15.1.1966.¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1900: gardbrukar og fiskar Steiro i Borge – sidan kva??)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – 1900: Godtfrida)--------------------Kanskje treffer eg på ein eller annan med lokal kunnskap i Borge? Ellen nokon som har høyrt gjete desse folki?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips til utfylling av detaljar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

a) Peder J. Christiansen døde på Alvestad. Sønnen Gotfred Martin ble født på Steiro, og datterene Petra Jensine på Alvestad. Oleanna m/fam. i 1910 Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

d) Godtfred, ingen funn i FT etter 1875.e) Gerhard i 1910 Lenke Og Øllegaard følger.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

c) Sanna Amalie døde i 1886, grl. 1887, nr.25 Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.