Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Olaf Nilsson Løken frå Nannestad (1862) - til Amerika 1885 - fleire detaljar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld å ta opp att tema #64473 frå det gamle brukarforum (http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=64473&sok=L%F8ken+%D8yane&nr=2&antinnlegg=7&startnr=&antall=&spraak=n#anker) og attgjev her det siste innlegget mitt frå i haust:

 

~~~~~~~~~~

 

Etter at Arne (sjå innlegg #5) fann utvandringi til denne huslyden i 1885, er eg sidan ikkje komen noko lenger med det norske opphavet til dette parfolket. Eg har i dag på ny studert kyrkjebøkene for Nannestad, særleg Holter sokn, der både Løken og Edset finst som gardsnamn, men noko lenger er eg vel neppe komen.

 

Oluf Nilsson Løken og Karen Edset er IKKJE vigde i Nannestad, og ikkje heller er dotteri Minda døypt der. Opphavet til Oluf har eg truleg funne før (sjå innlegg #1), og når det gjeld Karen Edset, so må det vel vera ei av desse konfirmantane:

 

* Karen Olsdotter Edset-eiget, fødd 26.6.1856 og konfirmert her: Lenke

 

* Karen Mathea Gulbrandsdotter Edset, fødd 21.10.1858 og konfirmert her: Lenke

 

Ingen av desse kan eg finna utflytte frå Nannestad.

 

Det store spørsmålet er framleis:

 

* Kvar kan Oluf Løken og Karen Edset vera flytte for å gifta seg?

 

* Kvar er Minda fødd?

 

Kanskje var Minda ei dotter som Karen Edset fekk FØR ho gifte seg med Oluf?

 

Eg vonar framleis at einkvan kan finna løysingi på dette problemet og takkar på ny for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

~~~~~~~~~~

 

Trass i at det her ligg føre fleire gode "element", er dette problemet framleis uløyst. No lurer eg på: Finst det kanskje ei BYGDEBOK for Nannestad som kan ha svar på nokre av desse spørsmåli? Bygdeboki bør i alle fall kunna fortelja om lagnaden til Oluf Nilsson Løken(-stuen)?

 

Eg krossar fingri og vonar på ei løysing!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×