Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

God kveld, godtfolk :)

 

Eg har eit spørsmål i tilfelle nokon er kjent i området Vevring/Førde... Min 3*tipp-oldefar, Ole Pedersson, er sagt å vere født på "Horne i Førdefjorden" i 1738. Så vidt eg kan skjønne må dette vere Horne i Naustdal:

 

(kart)

 

Dette ser ut til å vere i noverande Vevring sokn i Førde prestegjeld.

 

Spørsmålet i fyrste omgang er i grunnen - er det nokon som har vore borte i folk frå Horne i dene tida? Eg har kikka på kyrkjebøkene for Førde frå 1730-talet, og ser eg har ein jobb å gjera med "de-chifferering", for dette var ikkje lett. :unsure:

 

Ole Pedersson vart gift med ei Alete Olsdotter, f. ca 1740-49 (sprikande kjelder) og slo seg etter kvart ned på Husefest i Flora.

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/170103-horne-i-f%C3%B8rdefjorden/
Del på andre sider

Jeg har en Ole Pederson fra Horne i Naustdal. Han er f. i flg. bygdeboka rundt 1743. Han er sønn av Peder Trulson Horne f.1702 og Anna Kolbeinsdtr. f.ca 1700 fra Vatne i Naustdal. Peder ble gift 2 gang med Ragnhild Olsdtr. f.1721 og fra Medvatne i Naustdal. Kilde Naustdal bygdebok I, side 44.

Mvh. Johan Arthur Hansen :)

Ole Pedersson døyde i 1796: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510610619.jpg (nederst på høgre sida). Anne og Ole døyde begge i 1799.

 

Om den informasjonen eg har fått er rett, skal Anne vere født omlag 1770. Do er sagt å ha døyd på "Hospitalet" i Bergen i april 1799, og kan da vere den Anne Olsdotter som er gravlagd i mai 1799, død 29 år gamal.

 

Tenkte så å sjekke kyrkjeboka i Førde kring 1770, men denne ser ut til å vere borte mellom 1764 og 1781. Imidlertid fann eg link til sjeleregister for Førde i 1780, der ein i alle fall ikkje finn nokon Ole Pedersson (men derimot Mads Olsen (21), Nell Pedersdt. (20) og Colban Pedersen (34). Om desse er i slekt er umulig å seie)...

 

Dernest har eg sjekka litt og funne skiftet etter Ole Pedersson, og ting blir litt klarare:

Truls Pederson Horne er verge for eldste sonen

Truls Olsen Muller(?) er verge for mellomste sonen

Rasmus Olsen (H?)ring er verge for yngste sonen

 

1. Cristopher Nagel får ein sum - han er etter det eg veit eigaren av bruket

2. Anne Olsdatter Husefest får utlagt si morsarv(?)

3. klarer eg diverre ikkje å tyde enno

4. Enkja får sin halvpart av buet - er ikkje overnemnte Colban Horne nemnt her?

5.-8. Borna får sine lutar.

Det ser ut som du har funne rette far til Ole Pedersen.

 

Eg har funne skifte etter Peder Trulsen Horne i 1776. Her er barna oppgitt, og blant anna Ole Pedersen myndig, tiene hos ein eller annan hr. Nagel (slit litt med å tolke litt der)

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Svanø birk tinglag, Skifteprotokoll A 14 , 1772-1779, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Merknader: Register.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24203/342/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081127610648.jpg

 

mvh Egil

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.