Gå til innhold
Arkivverket
Anett Ytre-Eide

Anders Viken, spelemann frå Jølster - slektstilknytning

Recommended Posts

Anett Ytre-Eide

Problemstillinga er at faren min fleire gonger har fortalt at Anders Viken er slekt, og at han ”egentlig er ein Kjøsnes”.

 

Anders Viken er fødd i Jølster i 1898 og farens navn er Ola. I folketellinga frå 1910 finner eg to Anders Olsen i rett alder, og ein av dei bur på garden Viken. Regnar med at dette er rett person. Foreldrene står her oppførd som Aagot Andersdatter og Ole Olsen, f. 1863 og –48.

 

Eg leiter etter bryllupet deira og finn:

 

Foreldrene til Anders sitt bryllup 9/7 1888 Ole Olsen gm. F 1848, skolelærer gift m. Agathe Oline Andersdatter f. 1863 Kjøsnes

 

Eg tenker at Aagot og Agathe Oline er den same. Brudens far er Anders Andersen Viken og brudgommens far er Ole Johannesen Viken. Eg trur no at Agathe Oline er søster til min tipp- oldefar Samuel Andersson Kjøsnes.

 

 

Kjøsnes-familien:

 

Eg har tidligare sett i 1865 folketellinga at Samuel står der med foreldrene Anders Andersen og INGEBOR Ellingsdatter. Men kor er Agathe Oline? Og kvifor heiter Engel her Ingebor? LENKE

 

Eg finn dåpen til alle borna, inkludert Agathe Oline:

 

Agathe Oline Andersdatters dåp 1863 21. juni(?) foreldre Anders Andersen og Engel Ellingsdatter Kjøsnes. LENKE

 

Dåpen til den eldste Elling 7. des 1855. LENKE Mor heter Engel Ellingsdatter Vedeberg

 

Dåpen til Anders 30 mai/3 juni 1860 mor heter nå Engel Ellingsdatter Kjøsnes. LENKE

 

Døbt 3. nov, f. 31 oktober Samuel Andersen Kjøsnes 1861 foreldre Anders Andersen og Engel Ellingsdatter Kjøsnes.LENKE

 

Dåpen til Johannes Gabriel f. 20., døpt 30. nov 1864, foreldre Anders Aandersen Kjøsnes og Engel Ellingsdatter.LENKE

 

Finn også foreldrenes bryllup. Anders Andersen og Engel Ellingsdatter. Brudgommens far heiter Anders Nilsen. Brudgommens oppholdssted står som Bevring. LENKE

 

I folketellinga 1865 finn eg ei Agathe Andersdatter som er ”føderådsfolkenes fosterdatter”, tenker då at Anders Nilsen på Befring er farfaren hennar. LENKE

 

Her er altså nokre detaljar som ikkje stemmer 100%. Det er navnet Ingebor, som finnes i folketellinga av 1865, og at Agathe i 1910 folketellinga brått heiter Aagot. Men det er vel slik at navnet ikkje var det viktigaste i folketellingane. Etter det eg har funne vil eg seie det er ganske sikkert at Agathe Oline og Samuel er søsken. Altså er "min" Samuel onkel til Anders Viken.

 

Det er lurer på er altså om dette heng på greip, og om det kan ha vore fleire spelemenn i slekta. Anders Viken skal vel i følge det lille eg har funne ha lært å spele av far sin, men mora kan vel og ha vore musikalsk. I alle fall dro ”min” Samuel til Eid og vart musikkfanejunker og leiar for ”Kjøsnesmusikken”. Han starta også opp Eid musikklag. Han har og mange musikalske etterkommarar.

 

Håper dette ikkje var for uoversikteleg. Er sengeliggande og litt redusert, håper likevel hovudet er delvis med... Kommentarar??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Ole Olsen Viken (1848-1926) var lærer, gardbruker, ordfører, spelemann og komponist, og bodde på Viken i Jølster. Han var først gift med Brite Eliasdatter Viken (1846-1887), deretter med Agathe Andersdatter Kjøsnes (1863-1941). Anders Viken (1898-1977) var yngste sønn i andre ekteskap.

 

Agathe Andersdatter var født 21. juni 1863, og døde i Jølster 23. oktober 1941. Hun var søsteren til Samuel A. Kjøsnes, som følgelig var morbror til Anders Viken.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anett Ytre-Eide

 

Agathe Andersdatter var født 21. juni 1863, og døde i Jølster 23. oktober 1941. Hun var søsteren til Samuel A. Kjøsnes, som følgelig var morbror til Anders Viken.

 

Ja, det er jo det eg har gått ut i frå. Då er det altså slik at så lenge kyrkjebøkene stemmer, så spelar det inga rolle kva folk vert kalla i folketellingane? Eg lurer og på kva bakgrunnen kan være for at Agathe bur hos besteforeldra så ung. Har høyrt det var ein del fattigdom på desse gardane, men ville ikkje ein forpaktar ha nok mat til ungane? Eller kan det være at det var mange små å passe på i heimen på ein gong, og at Agathe difor vart "satt bort" til besteforeldra?

 

Ellers lurer eg og på om det fantes spelemenn bakover i mi slekt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Agathe kan skrives på rundt 20 ulike måter, Aagot/Ågot, er en av variantene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Anders Viken hadde nok sin musikalitet fra både fars- og morssiden. På morssiden skal han ha vært i slekt med spelemennene fra Dvergsdalen, kjent for sine musikalske ferdigheter tilbake til 1700-tallet. Musikaliteten i denne etterslekten er omtalt i flere artikler.

 

Det var ikke lett å forsørge store barneflokker i Jølster i perioden 1840-1870, så det var nok ikke bare Agathe som (delvis) vokste opp hos besteforeldre eller andre slektninger.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anett Ytre-Eide

Yngve, kor skal eg leite for å finne desse artiklane? Er det lokalhistorikarar i Jølster som står bak desse, eller er det mogeleg for meg å få fatt i td. på Universitetsbiblioteket?

 

Når det gjeld stavemåte, så må eg vel seie at den var svært konsekvent i kyrkjebøkene. Spanande det du fortel, faren min kjem og til å være interessert i det.

 

Ein ting til, navnet Engel. Såg det fleire stadar når eg leitte etter dåpane. Er dette et navn som er typisk for Jølster? Veit jo at kona til målaren Astrup heitte Engel.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Ved folketellingen i 1900 var det 24 kvinner Engel i Jølster. Den eldste av dem er Engel Ellingsdatter Viken, født i 1832. Engel var på Vestlandet brukt både som manns- og kvinnenavn. Kjerneområdet for navnet Engel var Fusa i Hordaland, men der var det brukt som mannsnavn (noen ganger også skrevet Ingjald). I Jølster synes navnet første gang brukt om Engel Marie, datter av Ludvig Andersen Stortre, i 1781.

 

A. Egge har skrevet i "Hyrdingrøysta" (menighetsbladet i Jølster) om den musikalske slekten fra Dvergsdalen i Jølster, som bl.a. Johannes Haarklou, Klaus Egge og en rekke andre musikere stammet fra. Jeg mener det seinere har vært minst en artikkel til i samme blad bygd videre på den artikkelen, og mener det også har stått en artikkel i "Jul i Sunnfjord". Jeg har en samling med "Hyrdingrøysta", og kan forsøke å finne artikkelen til Egge.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

og mener det også har stått en artikkel i "Jul i Sunnfjord".

 

I jul i Sunnfjord 1998 finnes det eit hundreårsminne over Anders Viken. Det er sikkert det du tenker på.

 

mvh Egil Russøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anett Ytre-Eide

Interessant at det står noko i eit slikt blad! Då mora mi gjekk lærarhøgskulen i Volda skreiv ho ei oppgåve om dans (i skulen eller generelt, er ikkje helt sikker). I alle fall kom det fram at forholdet til instrument som t.d. fela hadde vore noko anstrengt. Kristenfolket på Sunnmøre såg på det som eit djevlens instrument. Og ein del andre stadar var det vel like eins. Men i Jølster var altså kristenfolket stolte av felespelarane, det visste eg ikkje.

 

Interessant med det du fortel om Engel, eg var veldig overraska då eg første gong støtte på det, i forb. med Astrup. Det blir jo nesten som den katolske bruken av Jesus.

 

Hadde vore kjekt å få lese den artikkelen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Dette med forholdet mellom kyrkja og folkemusikken i gamle dagar får meg til å tenkje på "opprøraren" Jacob Sande, som m.a. skreiv diktet "Tale ved Kleng spelemanns grav". Heldigvis har folk eit anna syn på mangt og mykje no enn før, og jølstringane er nok stolte av alle spelemennene dei har fostra, akkurat som folk her i Fjaler er stolte av den folkekjære diktaren "vår".

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anett Ytre-Eide

Kanskje jølstringar og sunnmøringar har litt ulik mentalitet? Det at dans med kroppskontakt ikkje var bra har vore vanleg meining i enkelte sunnmørs-miljø langt inn på 1900-talet etter det eg har høyrt, men kanskje ikkje akkurat blant "folk flest". Bra at jølstringane er stolte over tradisjonane sine!

 

De som har greie på det; er det noko poeng for meg å lese bygdebøker frå Jølster, vil eg finne noko om spelemennene der? Ser at dei har i alle fall ei på UB, og ei i magasinet (men det er alltid så irriterande å bestille bøker for sidan å finne ut at den ikkje er det du ser etter...).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

På Nasjonalbiblioteket sine heimesider er denne boka om spelemenn og spelemannslag lagd ut. Her er iallefall Viken nemnd. Spelemannslaget i området heiter Indre Sunnfjord Spelemannslag.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anett Ytre-Eide

Takk for det!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.