Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Kaptein Gerhard Munthe til Kroken i Hafslo (1726-1785) og huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg syner til det føregåande temaet mitt om sokneprest Christopher Munthe og går her vidare med sonen Gerhard Munthe i Kroken i Hafslo:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Gerhard Christopherson Munthe, opphavleg frå Hafslo prestegard, var f. 9.3.1726 og d. som kaptein i Kroken 28.4.1785. Gerhard gifte seg første gongen i Hafslo 13.10.1755 med Metta Andrea Frantzdotter Rieck, ei dotter av handelsmannsdotteri Bertha Marie Adamsdotter Reutz frå Heltne i Dale sokn, Luster (1703-1740). Metta var f. i Slidre 27.9.1730, men d. på Mo i Hafslo 16.11.1759. Gerhard gifte seg so andre gongen i Sogndal 18.3.1762 med Gjertrud Marie Hartvigsdotter Kaas frå Kjørnes i Sogndal. Ho var dotter av oberstløytnant Hartvig

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hans?)

 

Kaas og kona Maria Hansdotter Foss og vart døypt i Sogndal 1.6.1727, men d. i Kroken 20.9.1766. Gerhard gifte seg so tredje gongen

 

¤¤¤¤¤ (vigselsstaden?)

 

3.11.1772 med Inger Marie Olsdotter Hanning frå Jølster. Ho var dotter av sokneprest Ole

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hans?)

 

Hanning i Jølster og kona Dorthea Cathrine

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hennar?)

 

Leganger og var f.

 

¤¤¤¤¤ (fødestaden hennar?)

 

3.11.1752, men d. i Kroken 12.5.1778.

 

¤¤¤¤¤ (kaptein – budde på Mo frå 1762 til 1764!)

 

¤¤¤¤¤ (løytnant, sidan oberst - gardbrukar i Kroken frå 1764)

 

Born:

 

1. Christina Ørbech Gerhardsdotter Munthe, f. 3.4.1756,

Christina Munthe gifte seg i Lærdal 23.1.1781 med enkjemannen Peder Leganger Clausson Rumohr frå Rikeim i Lærdal. Han var son av gardbrukar Claus Johanson Rumohr på Rikeim og kona Margretha Alette Pedersdotter Leganger og vart døypt i Lærdal 28.4.1748. Han hadde før vore gift med Cathrina Sophie Hansdotter Lem (1752-1777), dotter av gardbrukar Hans Sørenson Lem på Frønningen i Leikanger (1714-1781), opphavleg frå Kvale i Luster. Peder Rumohr tok over heimebruket på Rikeim etter foreldri sine og budde på garden levetidi ut. Christina d. på Rikeim 26.4.1903, medan Peder Rumohr d. same staden 1.3.1807. Peder Rumohr og Christina fekk fem born i lag:

a. Gerhard Munthe Pederson Rumohr, f. i Lærdal 11.9.1781, d. i Christiania (Oslo) 17.8.1833. Han gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (vigselsstaden?)

 

16.11.1810 med Severina Christine Petersdotter Kirkegaard, døypt i Fredrikstad 11.2.1791. Ho d. i Nes i Hallingdal 10.11.1814.

 

¤¤¤¤¤ (militærkarriere og bustader??)

 

Dei fekk fire born i lag.

b. Margretha Alette Pedersdotter Rumohr, f. i Lærdal 14.3.1783, d. på Rikheim i Lærdal 22.3.1865. Ho gifte seg i Lærdal 27.12.1811 med Søren Hess Hansson Lem, f. på Stange i Hedmark 3.9.1785. Han d. på Frønningen i Leikanger 23.5.1852. Søren og Margretha var gardbrukarar på Frønningen i Leikanger og fekk sju born i lag, mellom anna denne dotteri:

- Elisabeth Marie Sørensdotter Lem (1821-1900), vart gift med landhandlar Ole Hansson Døsen på Døsen i Luster (1813-1868) (s.d.).

c. Christopher Munthe Pederson Rumohr, f. i Lærdal 15.5.1784, d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden? - Maristova?)

 

7.11.1845. Christopher var lensmann i Lærdal og Borgund og vart sidan gjestgjevar på Maristova i Borgund, Lærdal. Han var ugift.

d. Cathrina Sophie Lem Pedersdotter Rumohr, f. i Lærdal 19.11.1786, vart gravlagd i Bergen 30.5.1810, ugift.

e. Frantz Wilhelm Rieck Pederson Rumohr, f. i Lærdal 15.5.1791, d. i Lærdal 12.3.1792.

 

2. Christopher Gerhardson Munthe (1757-1766).

 

3. Frantz Wilhelm Rieck Gerhardson Munthe (1758-1791), var løytnant og fekk ta over heimebruket i Kroken etter far sin.

 

4. Metta Andrea Rieck Gerhardsdotter Munthe (1759-1760).

 

5. Metta Andrea Rieck Gerhardsdotter Munthe, f. 20.9.1764,

Metta gifte seg i Hafslo 27.11.1788 med søskenbarnet Christopher Ludvigson Munthe, son av gardbrukar Ludvig Christopherson Munthe på Årøy i Sogndal (1717-1785), opphavleg presteson frå Hafslo prestegard i Hafslo. Christopher vart døypt i Sogndal 26.9.1751. Christopher vart i 1788 løytnant ved Første Bergenhusiske Regiment, og han og Metta tok over heimebruket hans på Årøy i Sogndal der Christopher d. i farangi 12.2.1793. Metta d. same staden i same farangi 3.3.1793. Dei fekk tre born i lag:

a. Christina Christophersdotter Munthe, døypt i Sogndal 2.2.1790, vart oppali hjå mosteri si på Kjørnes i Sogndal der ho d. ugift 26.1.1810.

b. Gerhard Christopherson Munthe (1791-1878), vart oppali hjå farbroren i Kroken i Hafslo og vart sidan gift med gardbrukardotteri Siri Olsdotter frå Urnes i Hafslo (1810-1904) (s.d.).

c. Ludvig Christopherson Munthe, døypt i Sogndal 20.8.1792, d. på Urnes i Hafslo 29.4.1793.

 

6. Hartvig Kaas Gerhardson Munthe (1766-1830), var major og fekk sidan hand om heimebruket her i Kroken (sjå nedanfor).

 

7. Gjertrud Marie Gerhardsdotter Munthe, f. 7.9.1771,

Gjertrud Marie Munthe gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar?)

 

1802 med Johannes

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hans?)

 

Rye frå

 

¤¤¤¤¤ (kvar var han ifrå?)

 

Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (fulle namn på foreldri hans med yrkestittel på far og farsnamni?)

 

og f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans? - 1759?)

 

Johannes var skipskaptein og marineløytnant, og han og Gjertrud Marie busette seg i Bergen der Johannes d. 2.11.1834. Gjertrud, som var sjuk i mange år, budde sidan hjå søsteri Margretha og mannen hennar og d. i Fana

 

¤¤¤¤¤ (dødsdatoen hennar? – sommaren!)

 

1847. Dei var barnlause.

 

8. Dorthea Cathrine Gerhardsdotter Munthe (1773-1773).

 

9. Dorthea Cathrine Gerhardsdotter Munthe, f. 17.11.1775,

Dorthea Munthe gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? - sommaren)

 

1800 med Casper Fredrik Munthe Peterson Brun frå

 

¤¤¤¤¤ (kvar var han ifrå?)

 

Han var son av generalmajor Peter

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hans?)

 

Brun i Sogndal og kona Anna Kaasbøll

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hennar?)

 

Munthe frå Tingvoll og f.

 

¤¤¤¤¤ (fødestaden hans? – Huusbøy – kvar er det??)

 

4.10.1770. Casper Brun vart kaptein og riddar, og han og Dorthea busette seg i Bergen der Casper d. 20.10.1825. Dorthea Brun d. same staden 4.8.1840. Dei fekk sju born i lag:

a. Peter Munthe Casperson Brun, f. i Sogndal 12.10.1800, d. i Salvador, Bahia i Brasil 8.8.1849. Han gifte seg i Bergen 16.12.1834 med Anne Mette Adelhorn Hermansdotter Schnell, f. i Bergen 14.11.1813. Ho d. som enkje i Bergen 6.11.1855. Peter var skipskaptein, og han og Anne budde i Bergen. Dei fekk åtte born i lag.

b. Inger Marie Hanning Caspersdotter Brun, f. i Sogndal 17.4.1802, d. i Sogndal 18.4.1802.

c. Inger Marie Hanning Caspersdotter Brun, f. i Norddalen 24.6.1803, d. som skipskapteinenkje i Bergen 14.5.1895. Ho gifte seg i Bergen 20.6.1828 med Reinert Lude Crispinusson Poulsen, f. i Bergen

 

¤¤¤¤¤ (1804?)

 

1806. Han miste livet på sjøen

 

¤¤¤¤¤

 

1839. Reinert var skipskaptein, og han og Inger budde i Bergen. Dei fekk seks born i lag.

d. Anna Kaasbøll Caspersdotter Brun, f. i Norddalen 19.2.1805, d. i Bergen 20.7.1891. Ho var syerske og budde i Bergen, ugift.

e. Gerhardine Andrea Caspersdotter Brun, f. i Norddalen 8.3.1808, d. i Bergen 16.11.1878. Ho gifte seg i Bergen 28.8.1846 med Christian Gerhard Reinholdson Ameln, f. i Bergen 30.11.1811. Han d. i Bergen 18.12.1891. Christian Ameln var kjøpmann, og han og Gerhardine vart buande i Bergen levetidi ut. Dei fekk seks born i lag.

f. Eiler Christopher Munthe Casperson Brun, f. i Bergen 26.12.1812, d. i Bergen 9.4.1815.

g. Olava Margrethe Munthe, kjend som Margrethe Caspersdotter Brun, f. i Bergen 4.5.1817, d. på Kronsminde i Årstad ved Bergen 25.9.1908. Margrethe gifte seg i Bergen 22.1.1849 med Ludvig Reinholdson Ameln, f. i Bergen 17.7.1817. Han d. som gardbrukar på Krohnsminde i Årstad ved Bergen 18.6.1890. Ludvig var ei tid kjøpmann i Bergen, men han og Olava vart sidan gardbrukarar og busette seg på Krohnsminde ved Bergen. Dei fekk tre born i lag.

 

10. Margretha Gerhardsdotter Munthe, f. 7.1.1777,

Margretha Munthe gifte seg i Bergen 30.3.1824 med Johan Julius Albertus Jacobson Dahm frå Bergen. Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (yrkestittel?)

 

Jacob Christian

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet?)

 

Dahm i Bergen, opphavleg frå Rostock i Tyskland, og kona Anne Wilhelmine

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet?)

 

Formann frå Bergen og f. i Bergen 21.9.1796. Johan og Margretha budde nokre år på Utsira, men flytte sidan til Bergen der Johan var skipsreiar. Dei flytte sidan til Alvøen, Askøy ved Bergen der Margretha d. 21.10.1866. Johan Dahm d. same staden 4.3.1872. Dei var barnlause.

 

11. Ole Hanning Gerhardson Munthe, f. 28.4.1778,

Ole Hanning Munthe kom i ung alder til Christiania (Oslo) der han gjekk på ein militærskule, men han vart sidan skipsførar og busette seg

 

¤¤¤¤¤ (bustaden hans? - i Bergen?)

 

Han d. ved eit ulukkeshende utanfor Utsira 7.12.1830, ugift.

 

~~~~~~

 

Frantz Wilhelm Rieck Gerhardson Munthe, son av føregåande brukar og herifrå Kroken, var f. 16.11.1758 og vart gravlagd frå Kroken 10.8.1791. Frantz vart løytnant, men fekk ta over heimebruket i Kroken etter at faren var borte. Han dreiv garden dei få åri han levde. Franz var ugift.

 

~~~~~~

 

Hartvig Kaas Gerhardson Munthe, bror av føregåande brukar og likeins herifrå garden, var f. 16.9.1766 og d. som major og riddar i Kroken 19.10.1830. Han gifte seg i Hafslo 12.11.1793 med Boletta Christina Pedersdotter Pavels frå Hafslo prestegard.

 

¤¤¤¤¤ (sjekk: stedotter av Nils Friis, 1741-1814)

 

Ho var f. i Hjelmeland 2.7.1774 og d. som enkje i Kroken 21.9.1861. Hartvig Munthe vart major i forsvaret, men fekk utlagd heimebruket i Kroken då skiftet etter broren Franz vart slutta 12.12.1792 og dreiv sjølv garden levetidi ut. Han og Boletta fekk åtte born i lag:

 

1. Gerhard Hartvigson Munthe (1795-1876), fekk ta over som gardbrukar i Kroken etter foreldri sine.

 

2. Peder Pavels Hartvigson Munthe (1796-1876), vart militærkaptein og busette seg i Kroken i Luster (bnr. 2).

 

3. Maria Cathrine Hartvigsdotter Munthe (1797-1867), d. ugift på Kroken.

 

4. Nicolina Birgitte Christine Hartvigsdotter Munthe (1799-1873), d. òg ugift på Kroken.

 

5. Metta Andrea Hartvigsdotter Munthe (1800-1833), d. ugift under opphald på Årøy i Sogndal.

 

6. Inger Marie Hartvigsdotter Munthe, f. 16.12.1802,

Inger Marie Munthe gifte seg i Hafslo 27.8.1830 med Jonas Eilertson Lund frå Farsund. Han var son av kjøpmann Eilert Jonasson Lund i Farsund og kona Henrietta Lovise Henriksdotter Rampe frå Gentofte på Sjælland, Danmark og f. i Farsund 9.9.1801. Jonas var prokurator, og han og Inger Marie busette seg først på Årøy i Sogndal og sidan på Kjørnes i Sogndal, men flytte so til Nygård i Bergen der Jonas d. 11.8.1871. Inger Marie Lund d. i Trondheim 5.2.1886. Dei fekk sju born i lag:

a. Hartvig Kaas Munthe Jonasson Lund, f. i Sogndal 31.12.1832, d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans?)

 

4.10.1915. Hartvig gifte seg i Ålesund 9.5.1877 med enkja Anna Marie Thomasdotter Watne Falkenberg, f. i Mandal 11.2.1848. Ho d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

1923. Hartvig vart cand. jur. i 1857 og var ei tid fullmektig i justisdepartementet til han i 1875 vart utnemnd til byfogd i Ålesund. Frå 1885 var han so rådmann i Bergen magistrat.

 

¤¤¤¤¤ (må vera flytte att herifrå før 1891! – seinare lagnad?)

 

Dei fekk to born i lag.

b. Eilert Jonasson Lund, f. i Sogndal 9.6.1836, d. i Bergen 14.11.1887. Eilert gifte seg i Bergen 23.10.1872 med Laura Mathilde Martinesdotter Larsen, f. i Bergen 18.11.1847. Ho d. i Bergen 3.3.1912. Eilert Lund var maskinist og sidan handelsmann i Bergen der han og Laura budde levetidi ut. Dei fekk ein son i lag.

c. Lovisa Augusta Jonasdotter Lund, f. i Sogndal 18.9.1838, d.i Førde 5.4.1892. Ho gifte seg i Hafslo 29.12.1868 med Andreas Diodorus Tjølson Jespersen. Han var f. i Oddernes, Vest-Agder 13.10.1843 og d. i Ås

 

¤¤¤¤¤ (dødsdatoen hans?)

 

1908. Andreas vart cand.theol. i

 

¤¤¤¤¤ (dato og/eller år?)

 

og vart

 

¤¤¤¤¤ (kva dato?)

 

utnemnd til sokneprest til Førde i Sunnfjord. Sidan vart han

 

¤¤¤¤¤ (kva dato?)

 

utnemnd til sokneprest til Ås. Dei fekk sju born i lag.

d. Boletta Christine Jonasdotter Lund, f. i Sogndal 25.8.1840, d. i Sogndal 25.10.1845.

e. Henrietta Sophie Rampe Jonasdotter Lund, f. i Sogndal 30.7.1842, d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar?)

 

9.12.1916. Henrietta gifte seg i Sogndal 16.1.1867 med Elias Sophus Christopherson Lund, f. på Voss 11.4.1837. Han d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

1918. Elias Lund var sivilingeniør og styrar for ein fyrstikkfabrikk i Christiania

 

¤¤¤¤¤ (seinare yrke og bustader?)

 

Dei fekk åtte born i lag.

f. Maria Nicoline Jonasdotter Lund, f. i Sogndal 3.9.1845, d. i Malvik 23.6.1929. Maria gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (vigselsstaden hennar?)

 

13.5.1865 med Jacob Andreas Dankertson Heiberg. Han var f. i Bergen 17.1.1835 og d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans? – Trondheim?)

 

26.4.1910. Jacob Heiberg var lækjar og vart

 

¤¤¤¤¤ (kva dato?)

 

utnemnd til distriktslækjar i Ytre Fosen, men var frå

 

¤¤¤¤¤ (kva år?)

 

privatpraktiserande lækjar i Trondheim. Dei fekk åtte born i lag.

g. Boletta Christine Jonasdotter Lund, f. i Sogndal 18.10.1847, d. i Bergen 8.12.1904. Boletta gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli deira?)

 

1874 med Ole Johan Martinesson Larsen. Han var f. i Bergen 3.8.1845 og d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? - etter 1912)

 

Ole Johan Larsen var agent og bankfullmektig, og han og Bolette budde i Bergen levetidi ut. Dei var barnlause.

 

7. Frantz Wilhelm Hartvigson Munthe (1808-1871), vart stabskaptein og busette seg på Høyeimsviken indre, Høyeim i Luster.

 

8. Christopher Pavels Hartvigson Munthe, f. 5.4.1816,

Christopher Munthe flytte i ung alder til Christiania (Oslo) som student og tok medisinsk eksamen i 1841. Han gifte seg i Land 20.3.1844 med Christina Margrethe Pedersdotter Aabel, dotter av Peder Pavels Olson Aabel (1795-1869), som ei tid var sokneprest busett på Jostedal prestegard i Jostedalen. Christina var f. i Sogndal 25.9.1827. Christopher Munthe var i korte periodar distriktslækjar i Land og sidan på Tynset, men vart i 1845 utnemnd til distriktslækjar i Sør-Østerdal, og parfolket busette seg på Alfheim, Elverum der Christopher d. 9.12.1884. Christina Munthe d. under eit opphald på Hvaler 1.8.1887. Dei fekk fjorten born i lag:

a. Hartvig Andreas Christopherson Munthe, f. i Elverum 9.12.1845, d. i Christiania 17.6.1905. Han gifte seg i Christiania 29.5.1874 med kjøpmannsdotteri Jeanette Camilla, kjend som Camilla Johansdotter Johannessen, f. i Christiania 7.10.1848. Ho d. i Christiania 20.10.1923. Hartvig var militær oberst, og han og Camilla budde levetidi ut i Christiania. Dei fekk ein son i lag.

b. Peter Pavels Christopherson Munthe, f. i Elverum 25.6.1847, d. i Christiania 27.10.1914. Han gifte seg i Christiania 11.10.1889 med Helga Ulriksdotter Johannessen, f. i Larvik 5.12.1864. Ho d. i Brevik 24.6.1951. Peter Munthe var fullmektig,

 

¤¤¤¤¤ (kva slag fullmektig? – var han ikkje jurist??)

 

og han og Helga budde òg i Christiania. Dei fekk tre søner i lag.

c. Gerhard Peter Frantz Wilhelm Christopherson Munthe, f. i Elverum 19.7.1849, d. på Lysaker i Bærum 15.1.1929. Han gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (vigselsstaden hans?)

 

21.12.1886 med Sigrun Jørgensdotter Sandberg, f. i Fredrikstad 26.2.1869. Ho d. i Asker

 

¤¤¤¤¤ (dødsdatoen hennar?)

 

1949. Gerhard var kunstmålar, og han og Sigrun budde i

 

¤¤¤¤¤ (bustaden deira?)

 

men vart separerte i 1919. Ingen born.

d. Olaf Andreas Jens Wilhelm Christopherson Munthe, f. i Elverum 16.4.1851, d. i Christiania 14.7.1914. Han gifte seg i Meldal 11.10.1881 med prestedotteri Helene Andrea Abrahamsdotter Støren frå Meldal, f. i Spydeberg 9.6.1857. Ho d. i Oslo 14.12.1939. Olaf Munthe vart bakarmeister i Christiania (Oslo) der han og Helene budde levetidi ut. Dei fekk åtte born i lag.

e. Christopher Pavels Christopherson Munthe, f. i Elverum 22.6.1852, d. i Christiania 28.5.1913. Han gifte seg i Langesund 4.8.1880 med reiardotteri Karithe Marie Frøstrup, kjend som Kate Larsdotter Berg. Ho var f. i Langesund 14.6.1857 og d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar?)

 

28.9.1932. Christopher Munthe var kjøpmann

 

¤¤¤¤¤ (kva slag kjøpmann?)

 

og han og Kate budde likeins i Christiania (Oslo). Dei fekk sju born i lag.

f. Ludvig Christopherson Munthe, f. i Elverum 14.4.1854, d. i Elverum 17.6.1854.

g. Ludvig Christopherson Munthe, f. i Elverum 11.2.1856, d. i Oslo 26.9.1926. Ludvig var handelsfullmektig og sidan butikkeigar

 

¤¤¤¤¤ (kva slag butikk?)

 

i Christiania (Oslo), ugift.

h. Boletta Christine Pavels Christophersdotter Munthe, f. i Elverum 22.6.1857, utvandra til Amerika i

 

¤¤¤¤¤ (year of her emigration?)

 

og gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (place of her marriage?)

 

7.11.1886 med Bernhard

 

¤¤¤¤¤ (norsk namn? – Martiniusdotter Nødsel?)

 

frå

 

¤¤¤¤¤ (kva gard?)

 

i Elverum, i Amerika kjend som Bernhard Storm. Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (Martinius og Martha Nødsel)

 

og f. i Elverum 7.12.1859, men utvandra til Amerika i

 

¤¤¤¤¤ (year of his emigration?)

 

Bernhard og Bolette slo seg ned som farmarar

 

¤¤¤¤¤ (various places of their residence? – incl. Grand Rapids, Itasca Co., MN 1887-1888 – other places??)

 

men flytte i

 

¤¤¤¤¤ (year of removal to Kent Co., Michigan?? – prior to 1930!!)

 

til ein farm i Cascade township, Kent Co., Mich. der Bolette d.

 

¤¤¤¤¤ (place of her death to be verified!?)

 

13.9.1935. Bernhard Storm d. same staden

 

¤¤¤¤¤ (place of his death to be verified!?)

 

26.6.1940. Dei fekk ein son i lag.

i. Margretha Aabel Christophersdotter Munthe, f. i Elverum 27.5.1860, d. i Oslo 20.1.1931. Margretha Munthe var lærar og budde

 

¤¤¤¤¤ (bustaden hennar? – Christiania?)

 

ugift.

j. Carl Oscar, kjend som Oscar Christopherson Munthe, f. i Elverum 12.12.1861, d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – ikkje registrert i Bergen!!)

 

1952. Han gifte seg første gongen i Trondheim 26.9.1893 med Valborg Wilhelmsdotter Bøgh, f. i Trondheim 27.11.1862. Ho d. i Bergen 17.2.1925, og Oscar gifte seg att i

 

¤¤¤¤¤ (vigselsstaden hans?)

 

6.11.1944 med Sigvor Ellingsdotter Molle, f. i Bergen 20.9.1894. Ho d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Oscar Munthe vart generalmajor i forsvaret og budde først i Christiania, men flytte

 

¤¤¤¤¤ (kva år flytte han til Bergen?? – etter 1912!?)

 

til Bergen. Han fekk fem born, som alle var frå første ekteskapet.

k. Inger Marie Nicoline Christophersdotter Munthe, f. i Elverum 18.6.1863, d. i Christiania 20.2.1889. Inger gifte seg i Christiania 29.5.1888 med Holm Hansen Adolphson Munthe, f. i Stange 1.1.1848. Han d. i Christiania 23.5.1898. Holm var statsarkitekt, og han og Inger budde i Christiania. Dei var barnlause.

l. Louise Anna Marie Nicoline Christophersdotter Munthe, f. i Elverum 14.1.1866, d. i Stockby, Danderyd i Sverige 29.6.1931. Ho gifte seg i Christiania 13.6.1891 med Helge Åke Rudolf, kjend som Åke Wilhelmson Munthe, f. i Jönköping, Sverige 7.8.1859. Han d. i Stockby, Danderyd i Sverige 29.1.1933. Åke var lærar og sidan skulestyrar. Dei budde for det meste i Stockholm i Sverige

 

¤¤¤¤¤ (stemmer dette?)

 

og fekk tre born i lag.

m. Petra Elise Christophersdotter Munthe, f. i Elverum 12.4.1867, d. i Oslo

 

¤¤¤¤¤ (dødsdatoen hennar?)

 

1947. Petra var lærar og budde

 

¤¤¤¤¤ (bustaden hennar? – Christiania?)

 

ugift.

n. Alf Christopherson Munthe, f. i Elverum 27.5.1870, utvandra til Amerika i

 

¤¤¤¤¤ (year of his emigration?)

 

og gifte seg første gongen i Manistee, Mich. 20.5.1897 med Bertha Amalie, kjend som Amalie Larsen, f. i Racine Co., Wis. 29.10.1875. Alf og Amalie busette seg i St. Paul, Ramsey Co., Minn. der Alf livnærte seg som

 

¤¤¤¤¤ (his occupation?)

 

Men Amalie d. i St. Paul, Minn. 16.9.1913, og Alf gifte seg att i Brooklyn, Kings Co., N.Y. 11.3.1915 med Olina Marie Christiansdotter Steen frå Holmestrand, i Amerika kjend som Lena Steen. Ho var dotter av

 

¤¤¤¤¤ (Christian Steen og Olava Erichsen)

 

og f. i Holmestrand 13.10.1872, men utvandra til Amerika i

 

¤¤¤¤¤ (year of her emigration?)

 

Alf og Lena budde nokre år

 

¤¤¤¤¤ (place of their residence?)

 

men flytte i 1919 attende til Noreg og busette seg i Christiania (Oslo) der Alf var

 

¤¤¤¤¤ (yrket hans i Oslo? – disponent for kva??)

 

medan Lena var lærar. Lena d. i Oslo 25.7.1943, medan Alf Munthe d. same staden 5.11.1948. Han fekk i alt seks born, som alle var frå første ekteskapet.

 

~~~~~~

 

Gerhard Hartvigson Munthe, son av føregåande brukar og herifrå Kroken, var f. 4.1.1795 og d. som kaptein og riddar i Kroken 15.12.1876. Gerhard gifte seg første gongen i Hafslo 19.8.1831 med Torborg Tøgersdotter Hansen frå Døsen i Luster. Ho vart døypt i Luster 21.5.1809, men d. som frue i Kroken alt 31.5.1842. Gerhard Munthe gifte seg so att i Luster 24.10.1843 med Ragnhild Susanna, kjend som Susanna Tøgersdotter Hansen, søster til første kona og likeins frå Døsen i Luster. Susanna var f. i Lærdal 24.10.1812 og d. som frue i Kroken 15.4.1853. Gerhard gifte seg so tredje gongen i Hafslo 4.1.1855 med Cathrina Pauline Gerhardsdotter Suhrland frå Steigen i Nordland. Ho var dotter av sokneprest Gerhard Busch

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hans?)

 

Suhrland til Selbu og kona Mariane

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hennar?)

 

Haumann og f. i Steigen 26.10.1823. Men Cathrina d. i Kroken 27.1.1869, og Gerhard gifte seg fjerde gongen i Hafslo 16.6.1870 med Ingeborg Dorthea, kjend som Dora Andreasdotter Kjønig frå Fredrikstad, som i mange år hadde vore hushaldar hjå Gerhard og Cathrina. Ho var dotter av kjøpmann Andreas Aagaard

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet?)

 

Kjønig og kona Trine

 

¤¤¤¤¤ (fullt namn og farsnamn?)

 

Monsen og f. i Fredrikstad 3.7.1837. Gerhard vart utdanna kaptein i hæren, og det gjekk mange år før han fekk ta over heimebruket. Mori sat med styringi heilt til skiftet etter Hartvig Munthe vart slutta 6.7.1841, og Gerhard då endeleg fekk hand om garden. Han budde sidan i Kroken levetidi ut, men alt i 1850-åri lét han paktarar driva sjølve garden for seg.

 

¤¤¤¤¤ (enkja Dora må vera fari frå Hafslo - kvar vart ho av?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

1927.

Gerhard Munthe fekk tre døtrer, som alle var frå andre ekteskapet:

 

1. Torborg Andrea Gerhardsdotter Munthe (1844-1846).

 

2. Boletta Marie Gerhardsdotter Munthe, f. 16.7.1846,

Boletta Munthe gifte seg i Hafslo 9.10.1877 med Nils Gregers Ingvald Johnson Wulfsberg frå Bergen. Nils var son av byskrivar John Collett

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hans?)

 

Wulfsberg i Bergen og kona Thora Elisabeth

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hennar? - f. i Luster 1817!)

 

Wulfsberg, men f. i Christiania (Oslo) 25.7.1847. Nils Wulfsberg vart cand.med i 1873 og vart sidan kompanikirurg og deretter overlækjar ved diakonissehuset i Christiania der han d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsdatoen hans?)

 

1888. Boletta d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar?)

 

4.12.1917. Dei var barnlause.

 

3. Thora Andrea Margrethe Gerhardsdotter Munthe (1848-1875), d. ugift i Kroken.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar igjen so mykje på førehand for alle gode tips om opplysningar som kan bidra til å fylla "hòli" i denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Nils Gregers Ingvald Wulfsberg var søn av byskriver i Bergen John Collett Wulfsberg (f.13-11-1817, død i Bergen 17-2-1888) og Thora Elise f. Wulfsberg (f.27-4-1817). Nils blev forsommeren 1887 angreben af en ulægelig sygdom (mavekræft). I slutten av novbr. 1887 reiste han med sin hustru over Frankrige til Algier i haab om, at et ophold i syden kunde virke heldigt.

 

Sygdommen skred imidlertid stadig fremad og han begav sig derfor hjem, men døde paa dampskibet "Garonne" 10.juni 1888, strax efter at det havde passeret Arendal.

 

Bolette Marie døde 4-12-1917 i Kristiania. (Norges læger).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ottar Solberg

Far til sokneprest Ole Hanning var Peder (Ole Pedersen Hanning). Far til Dorthea Cathrine Leganger var Iver Iversen Leganger, (Kjelde: Bergen Stifts Biskoper og Præster).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per Nermo

Gerhard gifte seg so andre gongen i Sogndal 18.3.1762 med Gjertrud Marie Hartvigsdotter Kaas frå Kjørnes i Sogndal. Ho var dotter av oberstløytnant Hartvig

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hans?)

 

Her er ob.lt. Hartvig Kaas' foreldre Wentzel og Gjertrud, i tillegg med sønnen Ahasverus:

http://nermo.org/slekt/d0028/g0000005.html#I10722 / 'http://nermo.org/slekt/d0028/g0000005.html#I10722'.

.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Anne Munthe Lund

Foreldrene til Hartvig Kaas f. 1695 var Wenzel Rothkirch Kaas og Gjertrud de Crequi de la Roche.

 

Hartvig Kaas Munthe Jonasson Lund døde 04.10.1915 i Oslo og hustruen Anne Marie døde 30.10.1922 i Oslo.

De hadde 3 barn:

Inger Marie Kaas Munthe Lund f. 02.10.1878 i Ålesund

Hartvig Kaas Munthe Lund f. 11.09.1890 i Ålesund, d. 14.11.1891

Hartvig Kaas Munthe Lund f. 15.10.1884 i Ålesund, d. 06.07.1932

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per Nermo

Gerhard gifte seg so tredje gongen 3.11.1772 med Inger Marie Olsdotter Hanning frå Jølster. Ho var dotter av sokneprest Ole Hanning i Jølster .....

 

På bakgrunn av ovenstående har jeg mitt register allerede

'flyttet' Inger Marie over til Ole Hanning (fra hans bror, Tingvoll-presten Peder Pederesen Hanning, som altså ikke er hennes far ...).

Dette kommer med på web'en min ved første oppdatering ...

.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Lars

 

Jeg kan ikke se at du har med en sønn av Carl Oscar og Valborg, nemlig Gert Munthe, f. i Kr.a. 9-7-1895.

 

Eks. fra Krigsskolens øverste avd. 1916, premierltn. i 5. Brigades infanteri 1916, kaptein 1922.

 

Tj.gjort i distr.tj. ved Tromsøy I.R. 16 1916-17, adjutant ved samme regt. 1917-18, ved 5.div. underoff.skole 1920-21, chef for 10. komp. av Tromsøy I.R. nr.16 1922-27, chef for 4.komp. av N.Hålogaland I.R.nr.15 1927-30, chef for 9.komp. av Sør-Trøndelag I.R.nr.12 fra 1930, i vpl. stilling fra 1930. Infanteriets skyteskole 1926.

 

Eks.art. 1913. Diploming. fra Norges Tekn. Høiskole (kjemilinjen) 1921. Vikar i lærerembede vewd Tromsø off.høiere almenskole 1922-24, ass. ved Geofysiske Institutt, Tromsø 1924-25.

 

Driftsing. ved A/S Porsa, Porsa i Alten (kobbergruben) 1925-26. Redaktør for bladet Nordland, Bodø 1927. Fra 1928 selger i Nord-Norge for Lade fabriker A/S, Trondheim.

 

Gift i Lødingen 25-6-1920 med Asbjørg Olsen, f. i Lødingen 15-4-1893, 3 døtre. (Norges militære embedsmenn 1929).

 

Iflg. studentbiografien til Gert, så døde hans far 20-12-1952.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne Lene Hagen.

Lovise Anne Marie Nicoline Munthe hustru til Helge Åke Rudolf Munthe dør den 29/7-1931 (ikke 29/6) og gravlegges 3/8. Hun dør på centralhospitalet og var bosatt på Stockby i Danderyd.

 

Om du søker i rotemannsarkivet i Stockholms stadsarkiv http://www2.ssa.stockholm.se/Rotemansarkivet/Search.aspx så finner du info fra 1890-1925.

 

Der fremkommer det at de fikk barna: Alf 8/5-92, Siv 3/1-94 og Sofia 3/6-96

*********************************

 

Alf Munthes dødsfall fra Sveriges Dødbok (CD):

 

18920508-0030

 

Munthe, Alf

 

Postlåda 1086

793 00 Leksand

(Boendeadress 1 nov 1970)

 

Död 20/12 1971.

 

Kyrkobokförd i Leksand, Leksands kn (Kopparbergs län, Dalarna).

 

Född 8/5 1892 i Katarina (Stockholms stad, Uppland).

 

Gift man (30/11 1917).

--------------

Motsvarande kyrkobokföringsförsamling(ar) 1/1 2005:

Leksand, Leksands kn (Dalarnas län, Dalarna)

 

Födelseförsamling i källan:

KATARINA (Stockholms län)

 

Källor:

MTL 71e / RFV 70 / UTD 71d

**************************************************************

 

 

Her er nok Siv Munthe i tellingen 1980:

 

1894-01-03

 

Malmsten, Siv

 

Malmstens Hus

171 73 SOLNA

 

Mantalsskriven i Solna (Solna kn, Stockholms län, Uppland), fastigheten Stg 1435.

 

Född 3/1 1894 i Katarina (Stockholms stad, Uppland).

--------------

Källa: Mtl Stockholm län 1981

 

********************************************

 

Og her er nok Sofia Munthe i tellingen 1980:

 

1896-06-03

 

Vallin, Sofia

 

Gudhemsg 22

541 31 SKÖVDE

 

Mantalsskriven i Skövde (Skövde kn, Skaraborgs län, Västergötland), fastigheten Berget 1.

 

Född 3/6 1896 i Katarina (Stockholms stad, Uppland).

--------------

Källa: Mtl Skaraborgs län 1981

*******************************************************''''

 

Hilsen Anne Lene

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Jacob Heiberg og Marie Lund ble gift i Henningsvær Kapel i Østlofoten 13-5-1865. Han døde av skrumpnyre i Trondheim 25-4-1910, blev 7.febr. 1874 befordret til distriktslæge i Midtre Fosen og måtte søke permission pga nefrit i 1883, og 23-1-1886 fik han avsked, hvorefter han bosatte sig i Tronhjem. Der praktiserte han til sin død. (Norges læger).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Peter Pavels Munthe var student i 1866, cand.jur. i 1872, ansatt i Poststyret 1874, kgl.fullm. 1891 i Poststyrelsen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Christopher Pavels Munthe, f.22-6-1852 i Elverum, eks. ved Kristiania Borgerskole 1869, ansatt i J.H.Schwensens bankierforretning 1869, kontorsjef 1872, hos generalkonsul Chr. Christophersen 1877, egen spesialforr. i bruksrekvisita og verktøy 1878, aktieselskap og dettes direktør 1912. Karithe døde i Oslo 28-9-1932. (Norsk slektskalender II, 1951)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Alf Munthe, f.27-5-1870 i Elverum, ble i 1890 ansatt ved jernbaneanlegg i Toronto, Ontario, forflyttet 1892 til Smiths Falls, fra 1895 engasjert i meieribedrift i Coon Valley og i Minneapolis. 1900 kontorsjef ved jernbanen i St.Paul og i 1905 ved N.Pacific Railway; tok avskjed 1919, vendte hjem og begynte egen forr. som representant for amreikanske fabrikker for signalmateriell, ondannet til aktieselskap 1938. (Norsk slektskalender II)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Elias Sophus Lund var student 1856, cand.phil. 1857, Karlsruhe polytekn. høiskole 1858-61, ansatt Statens veivæsen 1864-74, best. av Nitedals tændstikfabr., fabr.insp. i det søndenfj.distr. 1897, form. Polytekn. Foren. 1895-97, medlem 2den parlament. arbeiderkomm. 1900-02. Ridder St.O. (Hvem er hvem 1912)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Anne Munthe Lund

Bolette Christine Pavels foreldre var Peder Pavels (sogneprest i Hjelmeland) f. 05.05.1724 i Hjelmeland og d. 19.04.1777 i Hjelmeland og hustru

Birgitte Christine Hielm (hans kusine) f. 1739 på Rennesøy, d. 05.01.1820 på Gloppen prestegård i Nordfjord. Birgitte giftet seg 2.gang med sogneprest Nils Friis i 1780.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Elverum en bygdebeskrivelse av Finne-Grønn:

 

Østre Nøtsel.

 

Martinius Gundersen, f.15-6-1835 og død 7-6-1891, gaardbruger paa Østre Nøtsel, gift 23-8-1858 med Marthe Gundersdtr. Svevad, f.11-6-1831 og død 18-7-1874.

 

Deres børn har alle forladt Elverum; tre sønner er farmere i Amerika, deraf Bernhard Geodor "Storm", f.28-12-1859, farmer i Winfield Township, Minnesota, hvor gift 7-11-1886 med Bolette Munthe, dtr. av distr.læge Christopher Pavels Munthe.

 

Bernhards dåp

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8895&idx_id=8895&uid=ny&idx_side=-34

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Aftenposten 7.mars 1947:

 

Vår inderlig kjære søster og tante Petra Munthe døde idag, Oslo 6.mars 1947.

 

Oscar Munthe og Alf Munthe

 

Svigerinner, nieser og nevøer

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Peter Brun, f. 28-8-1729, men sies døpt 12-8-1731 i Ørkedal. Sønn av major Frantz Brun og Anne Cathrine Frost. Gift 2.gang 26-6-1766 med Anne Kaasbøll Munthe, f.1740, død 26-5-1824 i Sogndal, datter av prost Peter Munthe til Tingvold og 1.hustru Elisabeth Marie Dass. (Ovenstad).

 

Dåpen til Caspar Friderich Munthe 3-11-1768 i Sunndal M & R.

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16131&idx_id=16131&uid=ny&idx_side=-22

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.