Gå til innhold
Arkivverket

Kaptein Gerhard Munthe til Kroken i Hafslo (1726-1785) og huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Carsten, Ottar, Per, Berit Anne og Anne Lene for mange flotte innlegg om dette tema, som diverre er vorte liggjande altfor lengje utan oppfølgjing. Ein del av dei opne spørsmåli er sidan vortne handsama under andre tema, men eg ønskjer likevel å syna fram ein oppdatert versjon av denne huslyden frå Kroken i Hafslo, som strekkjer seg over fleire generasjonar. So svært mange detaljar er det ikkje som manglar på noverande tidspunkt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Gerhard Christopherson Munthe, opphavleg frå Hafslo prestegard, var f. 9.3.1726 og d. som kaptein i Kroken 28.4.1785. Gerhard gifte seg første gongen i Hafslo 13.10.1755 med Metta Andrea Frantzdotter Rieck, ei dotter av handelsmannsdotteri Bertha Marie Adamsdotter Reutz frå Heltne i Dale sokn, Luster (1703-1740). Metta vart døypt i Slidre 3.2.1730, men d. på Mo i Hafslo 16.11.1759. Gerhard gifte seg so andre gongen i Sogndal 18.3.1762 med Gjertrud Marie Hartvigsdotter Kaas frå Kjørnes i Sogndal. Ho var dotter av oberstløytnant Johan Hartvig, kjend som Hartvig Wenzelson Kaas på Kjørnes, opphavleg frå Stavanger, og kona Maria Hansdotter Mangor frå Foss i Sogndal og vart døypt i Sogndal 1.6.1727, men d. i Kroken 20.9.1766. Gerhard gifte seg so tredje gongen

 

¤¤¤¤¤ (vigselsstaden?)

 

3.11.1772 med Inger Marie Olsdotter Hanning frå Jølster. Ho var dotter av sokneprest Ole Pederson Hanning i Jølster, opphavleg frå Førde, og kona Dorthea Cathrine Iversdotter Leganger frå Leikanger og f. i Jølster 5.2.1752, men d. i Kroken 12.5.1778.

 

¤¤¤¤¤ (kaptein – løytnant - oberst - militær lagnad??

 

Gerhard var frå 1764 gardbrukar i Kroken i Hafslo og fekk desse borni:

 

1. Christina Ørbech Gerhardsdotter Munthe, f. 3.4.1756,

Christina Munthe gifte seg i Lærdal 23.1.1781 med enkjemannen Peder Leganger Clausson Rumohr frå Rikeim i Lærdal, ein steson av prestedotteri Karen Christophersdotter Munthe frå Hafslo prestegard (1722-1736). Han vart døypt i Lærdal 28.4.1748 og hadde før vore gift med Cathrina Sophie Hansdotter Lem (1752-1777), dotter av gardbrukar Hans Sørenson Lem på Frønningen i Leikanger (1714-1781), opphavleg frå Kvale i Luster. Peder Rumohr tok over heimebruket på Rikeim etter foreldri sine og budde på garden levetidi ut. Christina d. på Rikeim 26.4.1803, medan Peder Rumohr d. same staden 1.3.1807. Peder Rumohr og Christina fekk fem born i lag:

a. Gerhard Munthe Pederson Rumohr, f. i Lærdal 11.9.1781, d. i Christiania (Oslo) 17.8.1833. Han gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (vigselsstaden?)

 

16.11.1810 med Severina Christine Petersdotter Kirkegaard, døypt i Fredrikstad 11.2.1791. Ho d. i Nes i Hallingdal 10.11.1814.

 

¤¤¤¤¤ (militærkarriere og bustader?? – kaptein?)

 

Dei fekk fire born i lag.

b. Margretha Alette Pedersdotter Rumohr, f. i Lærdal 14.3.1783, d. på Rikheim i Lærdal 22.3.1865. Ho gifte seg i Lærdal 27.12.1811 med Søren Hess Hansson Lem, f. på Stange i Hedmark 3.9.1785. Han d. på Frønningen i Leikanger 23.5.1852. Søren og Margretha var gardbrukarar på Frønningen i Leikanger og fekk sju born i lag, mellom anna denne dotteri:

- Elisabeth Marie Sørensdotter Lem (1821-1900), vart gift med landhandlar Ole Hansson Døsen på Døsen i Luster (1813-1868) (s.d.).

c. Christopher Munthe Pederson Rumohr, f. i Lærdal 15.5.1784, d. som gjestgjevar på Maristova I Borgund, Lærdal 31.10.1845. Christopher var lensmann i Lærdal og Borgund og vart sidan gjestgjevar på Maristova i Borgund, Lærdal. Han var ugift.

d. Cathrina Sophie Lem Pedersdotter Rumohr, f. i Lærdal 19.11.1786, vart gravlagd i Bergen 30.5.1810, ugift.

e. Frantz Wilhelm Rieck Pederson Rumohr, f. i Lærdal 15.5.1791, d. i Lærdal 12.3.1792.

2. Christopher Gerhardson Munthe (1757-1766).

3. Frantz Wilhelm Rieck Gerhardson Munthe (1758-1791), var løytnant og fekk ta over heimebruket i Kroken etter far sin.

4. Metta Andrea Rieck Gerhardsdotter Munthe (1759-1760).

5. Metta Andrea Rieck Gerhardsdotter Munthe, f. 20.9.1764,

Metta gifte seg i Hafslo 27.11.1788 med søskenbarnet Christopher Ludvigson Munthe, son av gardbrukar Ludvig Christopherson Munthe på Årøy i Sogndal (1717-1785), opphavleg presteson frå Hafslo prestegard i Hafslo. Christopher var f. i Sogndal 21.9.1751. Christopher vart i 1788 løytnant ved første Bergenhusiske regiment, og han og Metta tok over heimebruket hans på Årøy i Sogndal der Christopher d. i farangi 12.2.1793. Metta d. same staden i same farangi 3.3.1793. Dei fekk tre born i lag:

a. Christina Christophersdotter Munthe, døypt i Sogndal 2.2.1790, vart oppali hjå mosteri si på Kjørnes i Sogndal der ho d. ugift 26.1.1810.

b. Gerhard Christopherson Munthe (1791-1878), vart oppali hjå farbroren i Kroken i Hafslo og vart sidan gift med gardbrukardotteri Siri Olsdotter frå Urnes i Hafslo (1810-1904) (s.d.).

c. Ludvig Christopherson Munthe, døypt i Sogndal 20.8.1792, d. på Urnes i Hafslo 29.4.1793.

6. Hartvig Kaas Gerhardson Munthe (1766-1830), var major og fekk sidan hand om heimebruket her i Kroken (sjå nedanfor).

7. Gjertrud Marie Gerhardsdotter Munthe, f. 7.9.1771,

Gjertrud Marie Munthe gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? – før 1801!)

 

med Johannes

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hans?)

 

Rye frå

 

¤¤¤¤¤ (kvar var han ifrå?)

 

Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (fulle namn på foreldri hans med yrkestittel på far og farsnamni?)

 

og f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans? - 1759?)

 

Johannes var skipskaptein og marineløytnant, og han og Gjertrud budde først i Fredrikstad, men flytte sidan til Bergen der Johannes d. 2.11.1834. Gjertrud, som var sjuk i mange år, budde sidan hjå søsteri Margretha og mannen hennar på Alvøen, Askøy, men d. på Paradis i Fana 7.5.1847. Dei var barnlause.

8. Dorthea Cathrine Gerhardsdotter Munthe (1773-1773).

9. Dorthea Cathrine Gerhardsdotter Munthe, f. 17.11.1775,

Dorthea Munthe gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? - sommaren)

 

1800 med Casper Fredrik Peterson Brun frå Nes i Sogndal. Han var son av generalmajor Peter Frantzon Brun på Nes i Sogndal, opphavleg frå Hof i Orkdal, og kona Anna Kaasbøll Petersdotter Munthe frå Tingvoll og vart døypt i Sunndal 4.11.1770. Casper Brun vart kaptein og riddar, og han og Dorthea busette seg i Bergen der Casper d. 20.10.1825. Dorthea Brun d. same staden 4.8.1840. Dei fekk sju born i lag:

a. Peter Munthe Casperson Brun, f. i Sogndal 12.10.1800, d. i Salvador, Bahia i Brasil 8.8.1849. Han gifte seg i Bergen 16.12.1834 med Anne Mette Adelhorn Hermansdotter Schnell, f. i Bergen 14.11.1813. Ho d. som enkje i Bergen 6.11.1855. Peter var skipskaptein, og han og Anne budde i Bergen. Dei fekk åtte born i lag.

b. Inger Marie Hanning Caspersdotter Brun, f. i Sogndal 17.4.1802, d. i Sogndal 18.4.1802.

c. Inger Marie Hanning Caspersdotter Brun, f. i Norddalen 24.6.1803, d. som skipskapteinenkje i Bergen 14.5.1895. Ho gifte seg i Bergen 20.6.1828 med Reinert Lude Crispinusson Poulsen, f. i Bergen 3.2.1804. Han miste livet på sjøen

 

¤¤¤¤¤ (kvar døydde han?)

 

16.2.1839. Reinert var skipskaptein, og han og Inger budde i Bergen. Dei fekk seks born i lag.

d. Anna Kaasbøll Caspersdotter Brun, døypt i Norddalen 12.1.1806, d. i Bergen 20.7.1891. Ho var syerske og budde i Bergen, ugift.

e. Gerhardine Andrea Caspersdotter Brun, døypt i Norddalen 1.5.1808, d. i Bergen 16.11.1878. Ho gifte seg i Bergen 28.8.1846 med Christian Gerhard Reinholdson Ameln, f. i Bergen 30.11.1810. Han d. i Årstad, Bergen 18.12.1891. Christian Ameln var kjøpmann, og han og Gerhardine vart buande i Bergen levetidi ut. Dei fekk seks born i lag.

f. Eiler Christopher Munthe Casperson Brun, f. i Bergen 26.12.1812, d. i Bergen 9.4.1815.

g. Olava Margrethe Munthe, kjend som Margrethe Caspersdotter Brun, f. i Bergen 4.5.1817, d. på Kronsminde i Årstad ved Bergen 25.9.1908. Margrethe gifte seg i Bergen 22.1.1849 med Ludvig Reinholdson Ameln, f. i Bergen 17.7.1817. Han d. som gardbrukar på Krohnsminde i Årstad ved Bergen 18.6.1890. Ludvig var ei tid kjøpmann i Bergen, men han og Olava vart sidan gardbrukarar og busette seg på Krohnsminde ved Bergen. Dei fekk tre born i lag.

10. Margretha Gerhardsdotter Munthe, f. 7.1.1777,

Margretha Munthe gifte seg i Bergen 30.3.1824 med Johan Julius Albertus Jacobson Dahm frå Bergen. Han var son av kjøpmann og offiser Jacob Christian Fredrik

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet?)

 

Dahm i Bergen, opphavleg frå Rostock i Tyskland, og kona Anne Wilhelmine Hansdotter Formann frå Bergen og f. i Bergen 21.9.1796. Johan og Margretha budde nokre år på Utsira, men flytte sidan til Bergen der Johan var skipsreiar. Dei flytte sidan til Alvøen, Askøy ved Bergen der Margretha d. 21.10.1866. Johan Dahm d. same staden 4.3.1872. Dei var barnlause.

11. Ole Hanning Gerhardson Munthe, f. 28.4.1778,

Ole Hanning Munthe kom i ung alder til Christiania (Oslo) der han gjekk på ein militærskule, men han vart sidan skipsførar og busette seg

 

¤¤¤¤¤ (bustaden hans? - i Bergen?)

 

Han d. ved eit ulukkeshende utanfor Utsira 7.12.1830, ugift.

 

~~~~~

 

Frantz Wilhelm Rieck Gerhardson Munthe, son av føregåande brukar og herifrå Kroken, var f. 16.11.1758 og vart gravlagd frå Kroken 10.8.1791. Frantz vart premierløytnant,

 

¤¤¤¤¤ (militær lagnad?)

 

men fekk ta over heimebruket i Kroken etter at faren var borte. Han dreiv garden dei få åri han levde. Franz var ugift.

 

~~~~~

 

Hartvig Kaas Gerhardson Munthe, bror av føregåande brukar og likeins herifrå garden, var f. 16.9.1766 og d. som major og riddar i Kroken 19.10.1830. Han gifte seg i Hafslo 12.11.1793 med Boletta Christina Pedersdotter Pavels frå Nedstrand, men sjå Hafslo prestegard. Ho var f. i Hjelmeland 2.7.1774 og d. som enkje i Kroken 21.9.1861. Hartvig Munthe vart major i forsvaret,

 

¤¤¤¤¤ (militær lagnbad?)

 

men fekk utlagd heimebruket i Kroken då skiftet etter broren Franz vart slutta 12.12.1792 og dreiv sjølv garden levetidi ut. Han og Boletta fekk åtte born i lag:

1. Gerhard Hartvigson Munthe (1795-1876), fekk ta over som gardbrukar i Kroken etter foreldri sine.

2. Peder Pavels Hartvigson Munthe (1796-1876), vart militærkaptein og busette seg i Kroken i Luster (bnr. 2).

3. Maria Cathrine Hartvigsdotter Munthe (1797-1867), d. ugift på Kroken.

4. Nicolina Birgitte Christine Hartvigsdotter Munthe (1799-1873), d. òg ugift på Kroken.

5. Metta Andrea Hartvigsdotter Munthe (1800-1833), d. ugift under opphald på Årøy i Sogndal.

6. Inger Marie Hartvigsdotter Munthe, f. 16.12.1802,

Inger Marie Munthe gifte seg i Hafslo 27.8.1830 med Jonas Eilertson Lund frå Farsund. Han var son av kjøpmann Eilert Jonasson Lund i Farsund og kona Henrietta Lovise Henriksdotter Rampe frå Gentofte på Sjælland, Danmark og f. i Farsund 9.9.1801. Jonas var prokurator, og han og Inger Marie busette seg først på Årøy i Sogndal og sidan på Kjørnes i Sogndal, men flytte so til Nygård i Bergen der Jonas d. 11.8.1871. Inger Marie Lund d. i Trondheim 5.2.1886. Dei fekk sju born i lag:

a. Hartvig Kaas Munthe Jonasson Lund, f. i Sogndal 31.12.1832, d. i Christiania 4.10.1915. Hartvig gifte seg i Ålesund 9.5.1877 med enkja Anna Marie Thomasdotter Watne Falkenberg, f. i Mandal 11.2.1848. Ho d. i Christiania 31.10.1922. Hartvig vart cand. jur. i 1857 og var ei tid fullmektig i justisdepartementet til han i 1875 vart utnemnd til byfogd i Ålesund. Frå 1885 var han so rådmann i Bergen magistrat, og i

 

¤¤¤¤¤ (kva år?)

 

vart han borgarmeister i Bergen, men siste åri dei levde budde han og Anna i Christiania (Oslo). Dei fekk tre born i lag.

b. Eilert Jonasson Lund, f. i Sogndal 9.6.1836, d. i Bergen 14.11.1887. Eilert gifte seg i Bergen 23.10.1872 med Laura Mathilde Martinesdotter Larsen, f. i Bergen 18.11.1847. Ho d. i Bergen 3.3.1912. Eilert Lund var maskinist og sidan handelsmann i Bergen der han og Laura budde levetidi ut. Dei fekk ein son i lag.

c. Lovisa Augusta Jonasdotter Lund, f. i Sogndal 18.9.1838, d.i Førde 5.4.1892. Ho gifte seg i Hafslo 29.12.1868 med Andreas Diodorus Tjølson Jespersen. Han var f. i Oddernes, Vest-Agder 13.10.1843 og d. på Ås 6.10.1908. Som enkjemann gifte han seg 30.11.1893 att i Gamle Aker med Thora Pauline Birgitte Berntsdotter Aas, f. i Trondheim 26.2.1849. Ho d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Andreas vart cand.theol. i 1868 og vart 20.4.1872 residerande kapellan til Gloppen, men vart 27.11.1875 utnemnd til sokneprest til Kinn. So vart han 22.4.1881 sokneprest til Førde, og frå 22.6.1889 prost i Sunnfjord. Frå 5.3.1900 var han so sokneprest til Ås. Dei fekk sju born i lag.

d. Boletta Christine Jonasdotter Lund, f. i Sogndal 25.8.1840, d. i Sogndal 25.10.1845.

e. Henrietta Sophie Rampe Jonasdotter Lund, f. i Sogndal 30.6.1842, d. i Christiania 9.12.1916. Henrietta gifte seg i Sogndal 16.1.1867 med Elias Sophus Christopherson Lund, f. på Voss 11.4.1837. Han d. i Christiania 20.9.1918. Elias Lund studerte 1858-1861 ved den polytekniske høgskulen i Karlsruhe, Tyskland og arbeidde ei tid som sivilingeniør ved vegstellet til han i 1874 vart styrar for ein fyrstikkfabrikk. Frå 1897 var han so fabrikkinspektør. Dei budde i Christiania (Oslo) og fekk åtte born i lag.

f. Maria Nicoline Jonasdotter Lund, f. i Sogndal 3.9.1845, d. i Malvik 23.6.1929. Maria gifte seg i Henningsvær 13.5.1865 med Jacob Andreas Dankertson Heiberg. Han var f. i Bergen 17.1.1835 og d. i Trondheim 25.4.1910. Jacob Heiberg var lækjar og vart 7.2.1874 utnemnd til distriktslækjar i Midtre Fosen, men fekk avskil i 1886 og var sidan privatpraktiserande lækjar i Trondheim. Dei fekk åtte born i lag.

g. Boletta Christine Jonasdotter Lund, f. i Sogndal 18.10.1847, d. i Bergen 8.12.1904. Boletta gifte seg i Gloppen 6.11.1874 med Ole Johan Martinesson Larsen. Han var f. i Bergen 3.8.1845 og d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? - etter 1912)

 

Ole Johan Larsen var agent og bankfullmektig, medan Boletta var forfasttar. Dei budde i Bergen levetidi ut. Dei var barnlause.

7. Frantz Wilhelm Hartvigson Munthe (1808-1871), vart stabskaptein og busette seg på Høyeimsviken indre, Høyeim i Luster.

8. Christopher Pavels Hartvigson Munthe, f. 5.4.1816,

Christopher Munthe flytte i ung alder til Christiania (Oslo) som student og tok medisinsk eksamen i 1841. Han gifte seg i Land 20.3.1844 med Christina Margrethe Pedersdotter Aabel, dotter av Peder Pavels Olson Aabel (1795-1869), som ei tid var sokneprest busett på Jostedal prestegard i Jostedalen. Christina var f. i Sogndal 25.9.1827. Christopher Munthe var i korte periodar distriktslækjar i Land og sidan på Tynset, men vart i 1845 utnemnd til distriktslækjar i Sør-Østerdal, og parfolket busette seg på Alfheim, Elverum der Christopher d. 9.12.1884. Christina Munthe d. under eit opphald på Hvaler 19.8.1887. Dei fekk fjorten born i lag:

a. Hartvig Andreas Christopherson Munthe, f. på Elverum 9.12.1845, d. i Christiania 17.6.1905. Han gifte seg i Christiania 29.5.1874 med kjøpmannsdotteri Jeanette Camilla, kjend som Camilla Johansdotter Johannessen, f. i Christiania 7.10.1848. Ho d. i Christiania 20.10.1923. Hartvig var militær oberst, og han og Camilla budde levetidi ut i Christiania. Dei fekk ein son i lag.

b. Peter Pavels Christopherson Munthe, f. på Elverum 25.6.1847, d. i Christiania 27.10.1914. Han gifte seg i Christiania 11.10.1889 med Helga Ulriksdotter Johannessen, f. i Larvik 5.12.1864. Ho d. i Brevik 24.6.1951. Peter Munthe var student i 1866 og vart cand.jur. i 1872. Han vart i 1874 tilsett i Poststyret og var frå 1891 kongeleg fullmektig i Poststyrelsen. Han og Helga budde òg i Christiania og fekk tre søner i lag.

c. Gerhard Peter Frantz Wilhelm Christopherson Munthe, f. på Elverum 19.7.1849, d. på Lysaker i Bærum 15.1.1929. Han gifte seg i Christiania (Oslo) 21.12.1886 med Sigrun Jørgensdotter Sandberg frå Nedre Eiker, f. i Fredrikstad 26.2.1869. Ho d. i ein brann i Asker 8.1.1949. Gerhard var kunstmålar, og han og Sigrun budde på Lysaker i Bærum, men vart skilde i 1919. Ho gifte seg att med Fridtjof Nansen. Ingen born.

d. Olaf Andreas Jens Wilhelm Christopherson Munthe, f. på Elverum 16.4.1851, d. i Christiania 14.7.1914. Han gifte seg i Meldal 11.10.1881 med prestedotteri Helene Andrea Abrahamsdotter Støren frå Meldal, f. i Spydeberg 9.6.1857. Ho d. i Oslo 14.12.1939. Olaf Munthe vart bakarmeister i Christiania (Oslo) der han og Helene budde levetidi ut. Dei fekk åtte born i lag.

e. Christopher Pavels Christopherson Munthe, f. på Elverum 22.6.1852, d. i Christiania 28.5.1913. Han gifte seg i Langesund 4.8.1880 med reiardotteri Karithe Marie Frøstrup, kjend som Kate Larsdotter Berg. Ho var f. i Langesund 14.6.1857 og d. i Oslo 28.9.1932. Christopher Munthe var ei tid kontormann og vart sidan kjøpmann innan bruksrekvisita og verkty. Han og Kate budde likeins i Christiania (Oslo) og fekk sju born i lag.

f. Ludvig Christopherson Munthe, f. på Elverum 14.4.1854, d. på Elverum 17.6.1854.

g. Ludvig Christopherson Munthe, f. på Elverum 11.2.1856, d. i Oslo 26.9.1926. Ludvig var handelsfullmektig og dreiv sidan sportsforretning i Christiania (Oslo), ugift.

h. Bolette Christine Pavels Christophersdotter Munthe, f. på Elverum 22.6.1857, utvandra til Amerika i 1886 og gifte seg i Winfield, Mich. 7.11.1886 med Bernhard Geodor Martinusson frå Nødsel på Elverum, i Amerika kjend som Bernhard Storm. Han var son av gardbrukar Martinus Gunderson på Nødsel og kona Martha Gundersdotter, òg frå Nødsel og f. på Elverum 7.12.1859, men utvandra til Amerika i 1883. Bernhard og Bolette slo seg ned som farmarar i Winfield township, Montcalm Co., Mich., men flytte kring 1900 til ein farm i Cascade township, Kent Co., Mich. der Bolette d.

 

¤¤¤¤¤ (place of her death to be verified!?)

 

13.9.1935. Bernhard Storm d. same staden

 

¤¤¤¤¤ (place of his death to be verified!?)

 

26.6.1940. Dei fekk ein son i lag, som d. i ung alder, men adopterte sidan ein gut.

i. Margretha Aabel Christophersdotter Munthe, f. på Elverum 27.5.1860, d. i Oslo 20.1.1931. Margretha Munthe var lærar og budde i Christiania (Oslo), ugift.

j. Carl Oscar, kjend som Oscar Christopherson Munthe, f. på Elverum 12.12.1861, d. på Fantoft i Fana, Bergen 20.12.1952. Han gifte seg første gongen i Trondheim 26.9.1893 med Valborg Wilhelmsdotter Bøgh, f. i Trondheim 27.11.1862. Ho d. i Bergen 17.2.1925, og Oscar gifte seg att i Bergen 6.11.1944 med Sigvor Ellingsdotter Molle, f. i Bergen 20.9.1894. Ho d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

1988. Oscar Munthe vart generalmajor i forsvaret og budde først i Christiania, men flytte

 

¤¤¤¤¤ (kva år flytte han til Bergen?? – etter 1912!?)

 

til Bergen. Han fekk fem born, som alle var frå første ekteskapet.

k. Inger Marie Nicoline Christophersdotter Munthe, f. på Elverum 18.6.1864, d. i Christiania 20.2.1889. Inger gifte seg i Christiania 29.5.1888 med Holm Hansen Adolphson Munthe, f. i Stange 1.1.1848. Han d. i Christiania 23.5.1898. Holm var statsarkitekt, og han og Inger budde i Christiania. Dei var barnlause.

l. Louise Anna Marie Nicoline Christophersdotter Munthe, f. på Elverum 14.1.1866, d. i Stockby, Danderyd i Sverige 29.7.1931. Ho gifte seg i Christiania 13.6.1891 med Helge Åke Rudolf, kjend som Åke Wilhelmson Munthe, f. i Jönköping, Sverige 7.8.1859. Han d. i Stockby, Danderyd i Sverige 29.1.1933. Åke var lærar og sidan skulestyrar. Dei budde for det meste i Stockholm i Sverige og fekk tre born i lag.

m. Petra Elise Christophersdotter Munthe, f. på Elverum 12.4.1867, d. i Oslo 6.3.1947. Petra var lærar og budde i Christiania (Oslo), ugift.

n. Alf Christopherson Munthe, f. på Elverum 27.5.1870, utvandra til Amerika i 1890 og gifte seg første gongen i Manistee, Mich. 20.5.1897 med Bertha Amalie, kjend som Amalie Larsen, f. i Racine Co., Wis. 29.10.1875. Alf og Amalie busette seg i St. Paul, Ramsey Co., Minn. der Alf livnærte seg som jarnbanefunksjonær (”railroad emplouee”). Men Amalie d. i St. Paul, Minn. 16.9.1913, og Alf gifte seg att i Brooklyn, Kings Co., N.Y. 11.3.1915 med Olina Marie Christensdotter Steen frå Holmestrand, i Amerika kjend som Lena Steen. Ho var dotter av kjøpmann Christen Peterson Steen i Holmestrand, opphavleg frå Drammen, og kona Petrine Olava, kjend som Olava Pedersdotter Eriksen frå Holmestrand og f. i Holmestrand 13.10.1872, men utvandra til Amerika i 1915. Alf og Lina budde nokre år i St. Paul, Ramsey Co., Minn., men flytte i 1919 attende til Noreg og busette seg i Christiania (Oslo) der Alf dreiv eigi forretning som representant for amerikanske fabrikker for signalmateriell, medan Lina var lærar. Lena d. i Oslo 25.7.1943, medan Alf Munthe d. same staden 5.11.1948. Han fekk i alt seks born, som alle var frå første ekteskapet.

 

~~~~~

 

Gerhard Hartvigson Munthe, son av føregåande brukar og herifrå Kroken, var f. 4.1.1795 og d. som kaptein og riddar i Kroken 15.12.1876. Gerhard gifte seg første gongen i Hafslo 19.8.1831 med Torborg Tøgersdotter Hansen frå Døsen i Luster. Ho vart døypt i Luster 10.5.1809, men d. som frue i Kroken alt 31.5.1842. Gerhard Munthe gifte seg so att i Luster 24.10.1843 med Ragnhild Susanna, kjend som Susanna Tøgersdotter Hansen, søster til første kona og likeins frå Døsen i Luster. Susanna var f. i Lærdal 24.10.1812 og d. som frue i Kroken 15.4.1853. Gerhard gifte seg so tredje gongen i Hafslo 4.1.1855 med Cathrina Pauline Gerhardsdotter Suhrland frå Steigen i Nordland. Ho var dotter av sokneprest Gerhard Busch Rasmusson Suhrland til Selbu, opphavleg frå Trondheim, og kona Mariane Benonisdotter Hausmann frå Hammarøy og f. i Steigen 26.10.1823. Men Cathrina d. i Kroken 27.1.1869, og Gerhard gifte seg fjerde gongen i Hafslo 16.6.1870 med Ingeborg Dorthea, kjend som Dora Andreasdotter Kjønig frå Glemmen, som i mange år hadde vore hushaldar hjå Gerhard og Cathrina. Ho var dotter av kjøpmann Andreas Aagaard

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet?)

 

Kjønig og kona Trine

 

¤¤¤¤¤ (fullt namn og farsnamn?)

 

Monsen og f. i Glemmen 3.7.1837. Gerhard vart utdanna kaptein i hæren, og det gjekk mange år før han fekk ta over heimebruket. Mori sat med styringi heilt til skiftet etter Hartvig Munthe vart slutta 6.7.1841, og Gerhard då endeleg fekk hand om garden. Han budde sidan i Kroken levetidi ut, men alt i 1850-åri lét han paktarar driva sjølve garden for seg.

 

¤¤¤¤¤ (enkja Dora må vera fari frå Hafslo - kvar vart ho av? – 1900 og 1910 husstyrar hjå ein ugift bror som var kapellan og budde på Kirkerud i Lier)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

1927. Gerhard Munthe fekk tre døtrer, som alle var frå andre ekteskapet:

1. Torborg Andrea Gerhardsdotter Munthe (1844-1846).

2. Boletta Marie Gerhardsdotter Munthe, f. 16.7.1846,

Boletta Munthe gifte seg i Hafslo 9.10.1877 med Nils Gregers Ingvald Johnson Wulfsberg frå Bergen. Nils var son av byskrivar John Collett Nilsson Wulfsberg i Bergen, opphavleg frå Stockholm i Sverige, og kona Thora Elisabeth Gregersdotter Wulfsberg frå Moss, men f. i Christiania (Oslo) 25.7.1847. Nils Wulfsberg vart cand.med i 1873 og vart sidan kompanikirurg og deretter overlækjar ved diakonissehuset i Christiania. Våren 1887 vart Nils alvorleg kreftsjuk, og hausten same året flytte han og Boletta til Alger i Algérie for å bu i eit varmare klima. Men dette hjelpte ikkje på helsa, og Nils d. på vegen heim att utanfor Arendal 10.6.1888. Boletta d. i Christiania 4.12.1917. Dei var barnlause.

3. Thora Andrea Margrethe Gerhardsdotter Munthe (1848-1875), d. ugift i Kroken.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar at nokre av dei detaljane som framleis manglar, vil dukka opp og held fingri krossa...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Iflg. Ovenstad var Gerhard Rumohr elev ved det Militære Institutt i 1803. - Stod som uoff. "paa Avantage" ved Bergenh. nasj. inf.regt.s Lysterske komp., da han i sept. 1803 blev forbeholdt fenr.s anc. fra 5-8 s.å. - Virks. fenr. 2-3-1804. - Ansatt som repetent ved det Mil. Institutt 12-7 s.å. - Avgikk derfra til regt.ets 2.gev. gren.komp. 13-6-1805.

 

Sek.ltn. ved N.fjeldske inf.regt.s gev.musk.komp.er 8-11-1805 med anc. fra 21-6 s.å. - Pr.ltn. ved samme regt.s 2. gev. gren.komp. 13-2-1807, men forflyttet til det nasj. Askerske komp. 20-10-1809 og derfra til Skedsmoske komp. 6-2-1810. - Kpt. ved samme regt. og chef for Y.Hall.dalske komp. 7-3-1812. - Utsatt på vartpenger, antakelig fra 1-1-1818.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja nå går det visst litt surr her Lars for opplysningene om Jespersen hadde du jo fra før. Jeg hadde selv funnet dem tidligere :rolleyes:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Iflg. Norges militære embedsmenn 1929 var Carl Oscar Munthe bl.a. chef for Valdres batj. 1911-12, chef for Vestoplandenes I.R. nr.6 1912-16, chef for Smålenenes I.R. nr.1 og plasskommandant i Fredrikstad 1916-24, chef for 4.div. og kommandant på Bergenhus 1924-29.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Frantz Wilhelm Rich Munthe ble opptatt på den Matem. Skole i Christiania våren 1775. - Stod i 1778 som sersj. ved 2.Bergenhusiske nasj. inf.regt. og blev da nedsendt til Kjøbenhavn forat han "efter utstandne Examen kunde blive Antagen som Styk-junker ved det Kongel. Artillerie Corps".

 

Sek.ltn. a` la suite ved 2.Bergenh. nasj. inf.regt. fra 1-8-1781, utn. 11-7 s.å. - Han kalles da stykkjunker. - Pr.ltn. ved samme regt.s Lysterske komp. 26-5-1786.

 

Ved den nye hærordning fra 1-5-1789 blev de to Bergenhusregt.er slått sammen til ett "Bergenhusiske inf.regt", og Munthe blev da med Lysterske komp. overført til dette.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hartvig Kaas Gerhardsen Munthe var elev ved den Matem. Skole i Kr.ania i 1780-årene. - Korp. 1-4-1786. - Var uoff. ved 2. Bergenh. nasj. inf.regt. til 6-6-1788, da han blev fenr. a la suite i korp.s nr. ved samme regt.

 

Virk. fenr. der ved Hierdalske komp. 5-9-1788. - Var med i toget til Sverige samme år. - Ved den nye hærordningen fra 1-5-1789 blev han satt som fenr. a la suite ved Telemarske nasj. inf.regt. fra 29-5 s.å. - Sek.ltn.s kar. 12-11-1790.

 

Virk. sek.ltn. ved Bergenh. nasj. inf.regt.s N.Hardangerske komp. 9-9-1791, men forflyttet til Sogndalske komp. i 1793.

 

Pr.ltn. ved samme regt.s Aurlandske komp. 24-10-1794, men forflyttet til Sogndalske komp. i 1797, til Lysterske i 1806 og endelig til 2. tj.gj. gren.komp. 25-7-1808.- Fikk kapteins kar. 14-12-1804.

 

Marsjerte våren 1808 med den Bergenske gren.batj. til svenskegrensen og deltok i affæren i Enningdalen. - Virk. kapt. og chef for N.Sønhordlandske komp. 19-12-1808. - R.D.O. 28-1-1809. - Efter ansøkn. p.g.a. "Legems Svaghed" blev han 21-5-1811 meddelt avskjed i nåde med maj.s kar. og vartpenger.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for mange flotte og nyttige innlegg! Manuskriptet tek etter kvart fin form, men eg lurte på; er det mogeleg å utdjupa den militære lagnaden til:

 

* Gerhard Christopherson Munthe til Kroken (1726-1785)?

 

* Gerhard Hartvigson Munthe til Kroken (1795-1876)?

 

Eg takkar på ny for kjempemessige bidrag!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

 

PS: Eg gløymde å nemna, opphavet til Dora Kjønig er med dette på plass, men framleis manglar eg dato og stad for dødsfallet hennar i 1927...?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gerhard Munthe, f. ca. 1725/26 i Norge. - Fenr. ved 2.Bergenh. nasj. inf.regt.s Aurlandske komp. 9-11-1752. - Pr.ltn. ved samme regt.s Lysterske komp. 17-3-1756. - Kpt. og chef for samme komp. 9-3-1763.

 

Ved reduksjonen fra 1-1-1766 fikk han det sammeslåtte Lyster og Aurlandske komp. - Ved den nye hærordningen fra 1-7-1767 ble de to Bergenhusregt.er slått sammen til ett "Bergenhusiske inf.regt.", og Munthe blev der chef for Lysterske komp. - Fra 1-5-1769 kom det atter en ny hærordning.

 

De to Bergenh.regt.er blev gjenopprettet og Munthe blev igjen plasert ved 2.Bergenh.regt. som chef for Lysterske komp. fra nevnte dato. - Avskjed 4-3-1773 med pens.

 

Gerhard Munthe f.4-1-1795, kom i tjeneste i 1811. - Virksom kadett ved Norske Landkadettkorps fra aug. 1807. - Sek.ltn. ved Valderske Skarpsk.batj. under norske Jegerkorps fra 1-1-1812 med anc. fra 1-7-1811. Var tegner ved den kombinerte opmåling.

 

Pr.ltn. ved Bergenh. Skarpsk.batj. også under norske Jegerkorps 20-4-1813. - Var med i krigen 1814. - Ved den nye hærordning fra 1-1-1818 blev han satt som pr.ltn. ved Bergenske inf.brig.s Sogndalske komp. av Sognske nasj. musk.korps. - Kpt.s grad 11-10-1825.

 

Stod fremdeles ved samme komp. som da tilhørte brig.ens Sognske Jegerkorps. - Stod i 1835 surn. kalles stabsadj. og var lærer ved Krigsskolen. - Efter ansøkning p.g.a. øiensykdom meddelt avskjed 31-10-1845. - Bekjent som historisk gransker, geograf og topograf.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for kjempeflott svar! Det var godt å få denne opplysningi på plass!

 

Carsten, kan du kanskje ta ein titt på problemet Johannes Rye (sjå eige tema)? Eg vil so gjerne identifisera rett mann...? Kva meiner du?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Dette tema har lege "i dvale" i over to år, og det har vel ikkje skjedd so mykje med denne huslyden sidan den tid. Framleis manglar eg fleire viktige detaljar, og eg vil difor gjerne få syna fram status av manuskriptet pr. i dag, med von om at nokon kan hjelpa meg fylla ut ein eller fleire av dei detaljane som framleis manglar (For [ letta oversynet har eg lete ute dei "seksjonane" som alt er komplette):

 

~~~~~~~~~~

 

Gerhard Christopherson Munthe, opphavleg frå Hafslo prestegard, var f. 9.3.1726 og d. som kaptein i Kroken 28.4.1785. Gerhard gifte seg første gongen i Hafslo 13.10.1755 med Metta Andrea Frantzdotter Rieck, ei dotter av handelsmannsdotteri Bertha Marie Adamsdotter Reutz frå Heltne i Dale sokn, Luster (1703-1740). Metta vart døypt i Slidre 3.2.1730, men d. på Mo i Hafslo 16.11.1759. Gerhard gifte seg so andre gongen i Sogndal 18.3.1762 med Gjertrud Marie Hartvigsdotter Kaas frå Kjørnes i Sogndal. Ho var dotter av oberstløytnant Johan Hartvig, kjend som Hartvig Wenzelson Kaas på Kjørnes, opphavleg frå Stavanger, og kona Maria Hansdotter Mangor frå Foss i Sogndal og vart døypt i Sogndal 1.6.1727, men d. i Kroken 20.9.1766. Gerhard gifte seg so tredje gongen

 

¤¤¤¤¤ (vigselsstaden?)

 

3.11.1772 med Inger Marie Olsdotter Hanning frå Jølster. Ho var dotter av sokneprest Ole Pederson Hanning i Jølster, opphavleg frå Førde, og kona Dorthea Cathrine Iversdotter Leganger frå Leikanger og f. i Jølster 5.2.1752, men d. i Kroken 12.5.1778. Gerhard vart 9.11.1752 fenrik ved Aurlandske kompani av andre Bergenhusiske nasjonalinfanteriregiment og 17.3.1756 premierløytnant ved Lysterske kompani av same regiment. Frå 9.3.1763 var han so kaptein og sjef for same kompani. Han fekk avskil med pensjon frå 4.3.1773. Gerhard Munthe budde først på Mo, men flytte i 1764 til Kroken og budde sidan her levetidi ut. Han fekk i alt elleve born, fire frå første ekteskapet, to frå det andre og fem frå det siste:

 

7. Gjertrud Marie Gerhardsdotter Munthe, f. 7.9.1771, gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? – før 1801!)

 

med Jens Johan Lassenius, kjend som Johannes Lasseniusson Rye frå Tønnevold i Fjære. Han var son av kaptein Lassenius Jensson Rye på Tønnevold, opphavleg frå Basmo i Rødenes, Austfold, og kona Olava Georgsdotter Bernhoft frå Askim og vart døypt i Bamble 25.3.1759. Johannes var skipskaptein og marineløytnant, og han og Gjertrud budde først i Fredrikstad, men flytte sidan til Bergen der Johannes d. 2.11.1834. Gjertrud, som var sjuk i mange år, budde sidan hjå søsteri Margretha og mannen hennar på Alvøen, Askøy, men d. på Paradis i Fana 7.5.1847. Dei var barnlause.

 

9. Dorthea Cathrine Gerhardsdotter Munthe, f. 17.11.1775, gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? - sommaren - eldste barn døypt Sogndal oktober 1800!)

 

1800 med Casper Fredrik Peterson Brun frå Nes i Sogndal. Han var son av generalmajor Peter Frantzon Brun på Nes i Sogndal, opphavleg frå Hof i Orkdal, og kona Anna Kaasbøll Petersdotter Munthe frå Tingvoll og vart døypt i Sunndal 4.11.1770. Casper Brun vart kaptein og riddar, og han og Dorthea busette seg i Bergen der Casper d. 20.10.1825. Dorthea Brun d. same staden 4.8.1840. Dei fekk sju born i lag:

 

c. Inger Marie Hanning Caspersdotter Brun, f. i Norddalen 24.6.1803, d. som skipskapteinenkje i Bergen 14.5.1895. Ho gifte seg i Bergen 20.6.1828 med Reinert Lude Crispinusson Poulsen, f. i Bergen 3.2.1804. Han miste livet på sjøen

 

¤¤¤¤¤ (kvar døydde han?)

 

16.2.1839. Reinert var skipskaptein, og han og Inger budde i Bergen. Dei fekk seks born i lag.

 

10. Margretha Gerhardsdotter Munthe, f. 7.1.1777,

Margretha Munthe gifte seg i Bergen 30.3.1824 med Johan Julius Albertus Jacobson Dahm frå Bergen. Han var son av kjøpmann og offiser Jacob Christian Fredrik

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet?)

 

Dahm i Bergen, opphavleg frå Rostock i Tyskland, og kona Anne Wilhelmine Hansdotter Formann frå Bergen og f. i Bergen 21.9.1796. Johan og Margretha budde nokre år på Utsira, men flytte sidan til Bergen der Johan var skipsreiar. Dei flytte sidan til Alvøen, Askøy ved Bergen der Margretha d. 21.10.1866. Johan Dahm d. same staden 4.3.1872. Dei var barnlause.

 

11. Ole Hanning Gerhardson Munthe, f. 28.4.1778, kom i ung alder til Christiania (Oslo) der han gjekk på ein militærskule, men han vart sidan skipsførar og busette seg

 

¤¤¤¤¤ (bustaden hans? - i Bergen?)

 

Han d. ved eit ulukkeshende utanfor Utsira 7.12.1830, ugift.

 

~~~~~~~~~~

 

Hartvig Kaas Gerhardson Munthe, bror av føregåande brukar og likeins herifrå garden, var f. 16.9.1766 og d. som major og riddar i Kroken 19.10.1830. Han gifte seg i Hafslo 12.11.1793 med Boletta Christina Pedersdotter Pavels frå Nedstrand, men sjå Hafslo prestegard. Ho var f. i Hjelmeland 2.7.1774 og d. som enkje i Kroken 21.9.1861. Hartvig Munthe vart 9.9.1791 utnemnd til sekondløytnant ved Nordre Hardangerske kompani av Bergenhusiske nasjonalinfanteriregiment, men vart i 1793 flytt til Sogndalske kompani. So vart han 24.10.1794 tilsett som premierløytnant ved Aurlandske kompani av same regiment, men vart i 1797 flytt til Sogndalske kompani. Han vart 14.12.1804 utnemnd til kaptein same stad, men vart i 1806 flytt til Lysterske kompani og 25.7.1808 til tenestegjerande grenaderkompani. Han marsjerte våren 1808 med den Bergenske grenaderbatajonen til svenskegrensen og deltok i affæren i Enningdalen. Han vart 19.12.1808 kaptein og sjef for Nordre Søndhordlandske kompani og vart 28.1.1809 ridder av Dannebrog. Grunna ”Legems svaghed” fekk han 21.5.1811 avskil i nåde med grad av major. Hartvig fekk utlagd heimebruket i Kroken då skiftet etter broren Franz vart slutta 12.12.1792 og dreiv sjølv garden levetidi ut. Han og Boletta fekk åtte born i lag:

 

6. Inger Marie Hartvigsdotter Munthe, f. 16.12.1802, gifte seg i Hafslo 27.8.1830 med Jonas Eilertson Lund frå Farsund. Han var son av kjøpmann Eilert Jonasson Lund i Farsund og kona Henrietta Lovise Henriksdotter Rampe frå Gentofte på Sjælland, Danmark og f. i Farsund 9.9.1801. Jonas var prokurator, og han og Inger Marie busette seg først på Årøy i Sogndal og sidan på Kjørnes i Sogndal, men flytte so til Nygård i Bergen der Jonas d. 11.8.1871. Inger Marie Lund d. i Trondheim 5.2.1886. Dei fekk sju born i lag:

 

c. Lovisa Augusta Jonasdotter Lund, f. i Sogndal 18.9.1838, d.i Førde 5.4.1892. Ho gifte seg i Hafslo 29.12.1868 med Andreas Diodorus Tjølson Jespersen. Han var f. i Oddernes, Vest-Agder 13.10.1843 og d. på Ås 6.10.1908. Som enkjemann gifte han seg 30.11.1893 att i Gamle Aker med Thora Pauline Birgitte Berntsdotter Aas, f. i Trondheim 26.2.1849. Ho d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Andreas vart cand.theol. i 1868 og vart 20.4.1872 residerande kapellan til Gloppen, men vart 27.11.1875 utnemnd til sokneprest til Kinn. So vart han 22.4.1881 sokneprest til Førde, og frå 22.6.1889 prost i Sunnfjord. Frå 5.3.1900 var han so sokneprest til Ås. Dei fekk sju born i lag.

 

8. Christopher Pavels Hartvigson Munthe, f. 5.4.1816, flytte i ung alder til Christiania (Oslo) som student og tok medisinsk eksamen i 1841. Han gifte seg i Land 20.3.1844 med Christina Margrethe Pedersdotter Aabel, dotter av Peder Pavels Olson Aabel (1795-1869), som ei tid var sokneprest busett på Jostedal prestegard i Jostedalen. Christina var f. i Sogndal 25.9.1827. Christopher Munthe var i korte periodar distriktslækjar i Land og sidan på Tynset, men vart i 1845 utnemnd til distriktslækjar i Sør-Østerdal, og parfolket busette seg på Alfheim, Elverum der Christopher d. 9.12.1884. Christina Munthe d. under eit opphald på Hvaler 19.8.1887. Dei fekk fjorten born i lag:

 

j. Carl Oscar, kjend som Oscar Christopherson Munthe, f. på Elverum 12.12.1861, d. på Fantoft i Fana, Bergen 20.12.1952. Han gifte seg første gongen i Trondheim 26.9.1893 med Valborg Wilhelmsdotter Bøgh, f. i Trondheim 27.11.1862. Ho d. i Bergen 17.2.1925, og Oscar gifte seg att i Bergen 6.11.1944 med Sigvor Ellingsdotter Molle, f. i Bergen 20.9.1894. Ho d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

1988. Oscar Munthe vart generalmajor i forsvaret og budde først i Christiania, men flytte i 1924 til Bergen. Han fekk fem born, som alle var frå første ekteskapet.

 

~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om dei detaljane som framleis står opne!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ad Gjertrud #42:

I Per Assevs "Frivold krets" (Fjære bygdebok b7, utg 2009) om bla. Tønnevold står det s 149 om at "Capitaine des Armes Hans Lassenius Rye" kjøpte hele Tønnevold i 1766 for 700rd fra Gunder Hansen. Hans Lassenius Rye f 1706, d 1783 gm Olava Bernhoft, d.e. 1783.

Barn:

a) Georg Christian Bernhoft f 1749, d 1833.

b) Anne Dorothea Rye d 1733.

c) Lovise Rye f 1767. Enka solgte Tønnevold i 1784 til fogden Andreas dahl.

 

Finner ikke noe mer om Lassenius der....?

 

 

PS! måtte redigere for å få bort smiley for barn nr 2; - "b)"....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Lars,

 

Jeg har litt på Munthe familien, men det meste har du sikker allerede. Men kanskje det er et par ting du ikke har. Jeg kan lage en rapport og sende deg på mail. Kan du sende meg en mail på soestuen(at)gmail.com og oppgi hvilken person du vil ha som proband, så kan jeg lage en etterkommerrapport jen kan sende deg.

 

Mvh,

Jan

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jarl og Jan for nye innlegg om Munthe-ætti!

 

Eg har i mellomtidi fått greie på at Sigvor Molle Munthe døydde i Bergen 21.1.1988. So er den detaljen på plass!

 

Til Jan vil eg gjerne seia; eg ser i grunnen liti hensikt med å senda ein "proband". Eg set ikkje opp ei ættetavle, men eg skriv ei bygdebok der eg fortel om huslydane i den generasjonen dei budde på dei respektive gardane samt ein generasjon etter utflytting. Eg treng soleis berre svar på dei konkrete spørsmåli som eg har stilt i teksten ovenfor, og dersom du eller andre sit med dei konkrete opplysningane som eg der spør om, so ville det vera plenty godt nok for mitt føremmål!

 

Eg kan elles leggja til ei grein av Munthe-ætti som kjem inn under gnr. 183, Urnes, der ei av døtrene til gardbrukar Ole Rolandson gifte seg med Gerhard Munthe på Årøy i Sogndal. Her manglar eg òg nokre små detaljar, som eg vonar einkvan kan hjelpa meg med:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Siri Olsdotter, f. 1.11.1810, gifte seg i Hafslo 17.9.1835 med Gerhard Christopherson Munthe frå Årøy i Sogndal, ein son av kapteindotteri Metta Andrea Rich Gerhardsdotter Munthe frå Kroken i Hafslo (1764-1793). Gerhard var f. i Sogndal 25.3.1791, men voks opp hjå ein farbror på Kroken i Hafslo. Gerhard og Siri tok over heimebruket hans på Årøy i Sogndal der dei vart buande levetidi ut. Gerhard d. som prorietær på Årøy i Sogndal 22.12.1878, medan Siri Munthe d. same staden 24.8.1904. Dei fekk åtte born i lag:

 

a. Metta Andrea Christine Gerhardsdotter Munthe, f. i Sogndal 19.4.1836, d. ugift på Årøy i Sogndal 17.11.1927.

 

¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – hushaldar hjå bror sin på Årøy??)

 

b. Christopher Hartvig Gerhardson Munthe, f. i Sogndal 25.3.1838, d. som kårmann på Årøy i Sogndal 16.3.1925. Christopher tok over som gardbrukar på Årøy i Sogndal etter foreldri sine, men var likeins ugift.

 

c. Ludvig Gerhardson Munthe, f. i Sogndal 19.3.1841, d. i Düsseldorf i Tyskland 30.3.1896. Ludvig flytte i ung alder til Bergen og sidan til Düsseldorf i Tyskland der han 1.3.1872 gifte seg med Lene Willemine Arysdotter Vlierboom, f. i Rotterdam, Holland 6.3.1853. Ho d. i Den Haag, Holland 20.2.1901. Ludvig var kunstmålar, og han og Lene vart buande i Düsseldorf, Nordrhein-Westfalen i Tyskland. Dei fekk fire born i lag.

 

d. Ole Andreas Gerhardson Munthe, f. i Sogndal 14.4.1843, d. på Årøy i Sogndal 22.1.1929. Ole var huslærar og budde for det meste på Årøy i Sogndal,

 

¤¤¤¤¤ (stemmer bustaden hans?)

 

ugift.

 

e. Gerhard Gerhardson Munthe (1845-1869), utvandra til Amerika i 1866 og vart der borte gift med Synneva Johannesdotter frå Dalaker i Sogndal (1854-1927), som sidan vart attgift med husmannssonen Erik Olson frå Gruvlebakken under Leirdalen i Luster (1853-1929) (s.d.).

 

f. Wollert Kaas Gerhardson Munthe, f. i Sogndal 3.5.1846, d. i Sogndal 2.12.1847.

 

g. Olivia Wollitella Gerhardsdotter Munthe, f. i Sogndal 8.5.1850, d. i Oslo 28.3.1930. Olivia var ei tid hushaldar for broren Christopher på Årøy i Sogndal, men flytte sidan

 

¤¤¤¤¤ (seinare lagnad? – yrke og bustad?)

 

ugift.

 

h. Boletta Margrethe Gerhardsdotter Munthe, f. i Sogndal 18.10.1852, d. i Oslo 23.5.1935. Boletta gifte seg i Bergen 23.5.1880 med

Eivind Andreas Johnson Wulfsberg frå Bergen. Han var f. på Røros 23.5.1857 og d. som styrmann ved innsegling til Newcastle i England 27.9.1898 . Eivind Wulfsberg var styrmann, og han og Boletta budde i Bergen. Dei fekk fire born i lag, mellom anna denne dotteri:

- Sigrid Thora Désirée Eivindsdotter Wulfsberg (1884-1982), vart gift med major Peder Pederson Tang frå Tang (1882-1954) (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for hjelpi med frambringing av desse siste detaljane om Munthe-ætti som, sovidt eg har kunna slå fast, ikkje finst i nokon av dei kjende Munthe-biografiane!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.