Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Nicolai Henrik Carsbrech, borgar i Trondheim kring 1710-1720 - kven var han? - huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Under omtalen av sokneprestane i Hafslo prestegjeld i Sogn kjem eg fram i denne karen, som me diverre veit so altfor lite om:

 

Andreas H. CARSBRECH

fødd 7.1.1716 i Trondheim

døydde 10.10.1756 i Hafslo

 

far: Nicolai Henrik CARSBRECH, borgar i Trondheim

mor: Maria MØLLER

 

Eg finn ikkje fødsli (les dåpen) til Andreas i kyrkjebøkene for Trondheim Domkyrkje, og eg kan heller ikkje finna dette Carsbrech-namnet i nokon kjelder på nettet, so no snur eg meg mot lesarane av Brukerforum med von om at ein eller annan dreg kjensel på denne huslyden og kansje kan fortelja meg litt meir om dei, som til dømes:

 

* Kva var mellomnamnet til Andreas H. Carsbrech?

 

* Kva yrke hadde faren Nicolai Henrik Carsbrech?

 

* Kven var far til Nicolai Henrik Carsbrech, og kvar var Nicolai fødd/voks han opp?

 

* Kven var far til Maria Møller, og kvar var Maria fødd/voks ho opp?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Andreas Carsbrech giftet seg med Boel Margrethe Grønbech 19 okt 1745 .

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7511&idx_id=7511&uid=ny&idx_side=-142

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061023050492.jpg

 

Andreas Carsbrech giftet seg med Christine Gaarman 31 okt 1749 .

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9247&idx_id=9247&uid=ny&idx_side=-123

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603520344.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Her er det opplysninger om residerende kapellan Andreas Carsbrech Bastian Svendsen: Biografiske efterretninger om geistligheten i Hamars Stift. VIII. Nordre Gudbrandsdalen, s. 427.

 

Det henvises hos Bastian Svendsen til kateketene ved Christiania Tugthus. Vet ikke om dette er noe Svendsen selv har forfattet.

 

Ellers ser jeg at Svendsen sier at Carsbrech(t) var res. kap. i Vågå fra 1742 til 1754. Jeg finner også tre barn døpt i Våga, far Hr. Carsbrech:

 

1746 Christian

 

1750 Johan Christian

 

1751 Bolette Margrethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Hr Carbrech hadde også en datter til dåpen 19. juni 1747 - Oppland fylke, Vågå, Ministerialbok nr. 1 (1739-1810), Fødte og døpte 1747, side 16: Helvig Maria

 

Moren til Helvig Maria, Boel Margrethe, døde i april 1748, mens Helvig Maria døde i mai 1748

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Grethe for innlegg om Andreas Carbrech. Eg ser no at eg i innleiingi gløymde å presisera det var foreldri hans eg ikkje fann noko meir om på nettet. Her er elles kva eg veit pr. i dag om denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Andreas H.

 

¤¤¤¤¤ (mellomnamn? – kanskje Henrik?)

 

Nicolaison Carsbrech, opphavleg frå Trondheim, var son av

 

¤¤¤¤¤ (yrkestitel? – ”borgar”)

 

Nicolai Henrik

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hans?)

 

Carsbrech i Trondheim, opphavleg frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

og kona Maria

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hennar?)

 

Møller frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

og f. i Trondheim 7.1.1716. Andreas Carsbrech vart uteksaminert frå skulen i Christiania (Oslo) 18.12.1739 og fekk året etter post som huslærar hjå prosten i Christiania. I 1742 vart han konstituert kateket ved tukthuset i Christiania, men han vart cand.theol. i 1743 og vart 13.8.1745 tilsett som residerande kapellan til Vågå. Andreas gifte seg første gongen i Moss 19.10.1745 med Boel Margrethe Christiansdotter Grønbech frå Moss. Ho var dotter av handelsmann og borgar Christian Hansson Grønbech i Moss, opphavleg frå Strømsø, Drammen, og kona Helvig Marie Pedersdotter Hess frå Fredrikstad og f. i Moss ?.8.1723, men ho d. i Vågå alt ?.4.1748. Andreas vart buande på kapellangarden Smedsmo i Vågå fram til 1755. Andreas Carsbrech gifte seg att i Vågå 31.10.1749 med Christina Margrethe Johansdotter Garmann frå Sandbu i Vågå. Ho var dotter av kaptein Johan Christian (Johanson?) Garmann på Sandbu, opphavleg visstnok frå Fredrikshald, og kona Kirstina

 

¤¤¤¤¤ (fullt namn med opphav?)

 

og truleg f. i Holt kring 1727. Dei flytte inn i Hafslo prestegard våren 1755 etter at Andreas 12.7.1754 vart utnemnd til sokneprest til Hafslo. Men dei vart ikkje gamle i Hafslo; Christina d. i barseng og vart gravlagd frå prestegarden 6.9.1756, medan Andreas sjølv d. i Hafslo 10.10.1756. Me kjenner til fem born etter Andreas Carsbrech, to frå første ekteskapet og tre frå det andre:

 

1. Christian Andreasson Carsbrech, f. i Vågå ?.4.1746, d. i Vågå ?.9.1750.

 

2. Helvig Marie Andersdotter Carsbrech, døypt i Vågå 19.6.1747, d. i Vågå ?.5.1748.

 

3. Johan Christian Andreasson Carsbrech, døypt i Vågå 30.6.1750, d. i Vågå ?.11.1754.

 

4. Boletta Margrethe Andreasdotter Carsbrech, døypt i Vågå 3.12.1751,

 

¤¤¤¤¤ (levde 1761 – lagnaden hennar?)

 

5. Christina Margrethe Andreasdotter Carsbrech, døypt i Hafslo 29.8.1756,

 

¤¤¤¤¤ (levde 1761 – lagnaden hennar??)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg ville tru at fleire opplysningar om denne huslyden (foreldri til Andreas) er tilgjengelege i Trondheim? Eller tek eg heilt feil?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveldens sommarvarme få trekka fram att denne uløyste floken frå Trondheim by. Eg har blatt litt i kyrkjebøkene frå Trondheim domkyrkje, men finn ikkje noko som helst om denne huslyden, heller ikkje dåpen til Andreas i 1716. Men kanskje dei høyrde til Vor frue, som ikkje byrjar før noko seinare...

 

Finst det ikkje borgarbøker, skattelister eller andre kjelder for Trondheim som nemner Nicolai Carsbrech? Er namnet so sjeldent og unikt? Er Nicolai komen utanlands ifrå?

 

Ogso lagnaden til dei to barneborni i Hafslo/Vågå står uløyst. Ein eller annan stad må jo òg dei finst...?

 

Som min gamle ven i Madison, Wisconsin, Gerhard Naeseth, pla seia når me stod fast i eit utvandrarspørsmål: "We just haven't looked at the right place, yet!"

 

So eg lever framleis i voni om at noko vil dukka opp kring denne Carsbrech-ætti og takkar so mykje på ny for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tove for spennande og interessant innlegg!

 

Det var ikkje stort Delgobe hadde å by på om denne ætti, men eitt viktig punkt var jo farsnamnet Henrik og likeins at huslyden tydeleg har røtene sine i Trondheim! Kanskje er dette Carsbrech-namnet kome inn på eit seinare tidspunkt, men underleg er det jo at Nicolai ikkje synest nemnd nokon stad før sonen Andreas var fødd i 1716. Finst det ikkje borgarbøker frå Trondheim for den tidi?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tove Karlsen

Hei

 

Statsarkivet i Trondheim har dette:

PA-0075 Brodahl, Johan Ernst Olaus, 1427 - 1958

 

http://www.arkivportalen.no/arkivportalen-web/side/arkiv/detaljer;jsessionid=1c59b9f8a16144fd81b832056dba?arkivId=no-a1450-08000000174372&aktivArkivFane=detaljer

 

Kanskje du kan stille et spørsmål direkte til statsarkivet og høre om de kan hjelpe deg.

 

Jeg har vært borti mikrofilm på Trondheim folkebibliotek fra borgerboken 1794-1826, men jeg vet ikke om tilsvarende fins for perioden 1678-1743.

 

Sliter selv med å lese så gammel skrift...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Randi Broli

Jeg har boken "Trondhjems borgerskap 1680-1730. Utvalgte kilder". Red. Tore H Vigerust.

 

Jeg har gått gjennom "Manntall over kongelige sivile og militære betjenter samt borgere og innvånere i Trondhjem ca. 1714-1715", samt "Manntall over Trondhjems borgere 1722". Det er disse to manntallene som i denne boken ligger nærmest opp til året 1716. I 1722 er også tatt med utenbysboende borgere eller såkalte utliggere.

 

Har sett etter Nicolai/Nils Henrik(sen) evt. Carsbrech el. lign., men dessverre uten hell. Det er mange navn å gå gjennom, så jeg kan jo ikke utelukke at jeg har oversett noe.

 

M.h.t. Delgobe så ser jeg i min kartbok at Karrebæk finnes på Sjælland og at Karsbæk finnes på Jylland.

 

Tillegg: Jeg glemte å nevne at det er noen som står med bare fornavn og yrke. I 1722 noterte jeg meg Niels pibmager, Nicolaj i Wiumgården landsoldat og Niels Lodtz (dvs los). Kanskje var det flere også.

Endret av Randi Broli

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tove og Randi for nye interessante innlegg!

 

Etter dei siste opplysningane om manglande innførsle i borgarboki for Trondheim tek eg til å lura på om me har eit døme på ein huslyd som kanskje ikkje har gjeve heilt nøyaktige opplysningar om opphavet sitt. Kanskje hadde sokneprest Andreas Carsbrech behov for å vera av borgarætt utan at dette var heilt rett?

 

Den som visste kva kjelda var for opphavet hans...

 

Elles er eg ikkje overtydd om at ættenamnet har noko med dei danske stadnamni å gjera. Me saknar r-en i siste stavingi!. Då er det kanskje meir truleg at namnet er av tysk eller hollandsk opphav der me har talrike namn som ender på -brecht eller -brechs...?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Randi Broli

Jeg ser at Delgobe nevner Andreas Henriksen, og fører ham opp som stud Thj 1699 og som bacc 1701. Dette ser ut til å stemme godt.

 

Andreas Henrici 19 år ble immatrikulert ved København Universitet i 1699 fra Nidaros. I noten er tilføyd: KASBRECHIUS.

 

Og i 1701 står Andreas Henrici KASBRECH blant baccalaurer.

 

Jeg ser også at Andreas Carsbrech 23 år ble immatrikulert i Kbh 1739 fra Christiania skole.

 

Tillegg: Har tenkt på om denne familien hadde noe med gården Kastbrekken/Kastbrekka i Strinda å gjøre. Gårdsnavnet ble ifølge O. Rygh skrevet Carsbrechen i 1667. Men kirkebøkene for Strinda/Lade begynner ikke før i 1727 hvis jeg husker riktig. Det står litt om gården i WikiStrinda, men ser ingen sammenheng der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Bodil A.N.

Jeg vet ikke om dette kan gi noe mer svar på hvem Maria Møller var, men da en av mine tipper kjøpte Tangengt. 25 i Risør fikk Hans Taraldsen Garmann, sønn av Johanne Marie Elisabeth Garmann, (forvekslet i Kjell M. Nilssens "Öster Riisöer "Strandsidere og arbeidsfolk" med Hans Taraldsen Nipe) fikk han tollbetjent Ole Møller (Tangengt. 24) til å låne ham 100 rd mot pant i huset. S. 90 i ovennevnte bok. Hans Taraldsen Garmann døde i Risør i 1824.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.