Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Kristian Morten Christiansen, fødd Bergen 1885, konf. Hafslo 1901 - lagnad?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Jenta Bolette Margrethe Wilhelmsdotter (Walaker), fødd i Kinn 17.5.1858, men oppvaksi på Valaker i Solvorn sokn, Hafslo, døydde som legdelem på Valaker 29.10.1900. Ho let etter seg minst to søner, Sjur Olson (1891-1975) utvandra i 1910 til fgar sin i Amerika og voks opp der, og so denne guten:

 

Kristian Morten (eller Martin?) Christiansen, fødd i Bergen 29.12.1885. Faren var ein skomakarsvein Christian Jenssen i Bergen.

 

Denne Kristian Morten (eller Martin?) vart konfirmert i Solvorn sokn i Hafslo i 1901 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5258&idx_id=5258&uid=ny&idx_side=-100), men vert sidan borte vekk.

 

Kanskje finst det militære rullar som kan fortelja oss noko meir om lagnaden hans? Eller andre kjelder?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Sesjonskommisjonen møtte i Hafslo 21. august 1907 og gikk gjennom listene over ungt mannskap født 1885. Om Kristian M. Kristiansen skrev de: "Siges i Bergen. Ukjendt. Forbigaaes. Efterforskes."

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for spennande svar!

 

Om lagnaden hans vart "etterforska", kvar vil ein då finna resultati av denne etterforskingi?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Det naturlig ville vel være at lensmannen i Hafslo og politimesteren i Sogn ble kontaktet, men jeg kan ikke finne anmeldelse i justisjournalen til politimesteren i Sogn mai-november 1907. Det er heller ikke satt inn etterlysing i Polititidende. Forsvaret har seinere hatt eget politi, men jeg tror ikke de var i virksomhet i 1907. Det var ikke uvanlig at unge mannskaper var borte, og jeg er ikke kjent med at man brukte store ressurser på å jakte på dem.

 

Kristian M. Kristiansen, født 1885, står ikke som sjømann mønstret fra Bergen, og jeg ser ham heller ikke blant emigrantene.

 

Han synes ikke stå i 1910-tellingen, i hvert fall ikke under oppgitt fødselsdato.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for nye kommentarar om Kristian M. Kristiansen. Det høyrest vel ut som ein ganske so vonlaus oppgåve å finna ut kvar han er vorten av. Om han sidan budde i Bergen, har eg sjølv søkt gjennom alle Kristian Kristiansen som døydde i Bergen fram til midten av 1930-talet, og i den påfølgjande tidi er det vel i grunnen berre eitt alternativ eg ikkje kan leita opp sjølv:

 

Kristian Kristiansen, død 7.3.1938 - pag. 318 - kan det vera han?

 

Eg ser òg to andre, men dei er vel mindre aktuelle...:

 

Christian Christiansen, død 25.12.1960 - pag. 334

Christian Christiansen, død 23.2.1969 - pag. 412

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Yngve Nedrebø

Kristian Kristiansen, død i 1938, var maskinist, 38 1/4 år gammel, og gift med Emma. Han kan etter sin alder ikke være identisk med Kristian M.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for avklarande svar kring dødsfallet i 1938.

 

Då får me vel berre vona at Kristian dukkar opp ein eller annan stad..., før eller sidan..., som me har opplevde nokre gonger før i liknande tilfelle...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få ta opp att denne saki som framleis står som uløyst!

 

Er det kome til nytt kjeldemateriale sidan 2011 som kan bidra med ei løysing?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Her er han innført som Kristian Bertin, nummer 23

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Sandviken, Ministerialbok nr. B 1 (1878-1891), Fødte og døpte 1886, side 184.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7172&idx_id=7172&uid=ny&idx_side=-183
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061124020549.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for nyttig og spennande innlegg!

 

Eg ser at eg hadde namnet til Kristian feilskrive (Morten i staden for Bertin), men må leggja skyldi på konfirmasjonsinnførsli frå Hafslo 1901.  Eg har vel aldri leitt fram fødsli hans...  Uansett; av innleggi i det nyoppretta emnet i Brukarforum om lagnaden hans ser eg at du har løyst heile problemet!  Kven hadde vel trudd at Kristian skifte namn til Ødegaard og flytte til Andenes?

 

Problemet med lagnaden hans er soleis løyst!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.