Gå til innhold
Arkivverket

Birgithe Olufsdotter Rødberg - Nordfjord


Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Birgithe Olufsdotter Rødberg giftar seg i 1745 i Førde med Wilchen Abrahamsen Høyder.

 

Eg er på jakt etter opplysningar om denne Birgithe Olufsdotter (Eg veit dessverre ikkje noko meir om ho)

 

I Sogn og Fjordane FT 1801 finn eg gardsnamnet Rødberg to stadar:

 

I Selje (dvs. Vågsøy), no nemnd som Raudeberg

 

I Innvik, og då reknar eg med at det er det same som det eg på kartet finn nemnd som Robjørgane.

 

Er det nokon som har tilgang til bygdebøkene for Selje/Innvik som kan sjekke om det er opplysningar om Birgithe der?

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Rødberg var brukt som familienavn i Bergen, f. eks. Mogens Jespersen Rødberg, som tok borgerskap i 1659. Men noen Oluf Rødberg finner vi ikke i registrene fra Bergen.

 

Ættehistorisk Institutt har et kartotek over familienavn. Der finner vi et kort for Birgitte Olufsdatter, men ikke opplysninger om hvor hun kom fra. På kortet til Wilchen A. Høyder (Høyer) er hun kalt Birthe Olsdatter Hammerseth. Hun skal ha hatt datteren Abel, g.m. Conradus de Lange, og sønnen John Hammerseth, Kinn.

 

På Raudeberg bodde en Ole Hansen, død 76 år gammel i 1764. Han var bruker fra 1717, og gift med Kristi Olsdatter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når det gjeld Røberg i Innvik passar ho dårleg inn. Det finst ein Jakob Olsson Røberg, men han er son til Ola Dokset, og vi har skifte etter mor deira i 1731, og inga Birgitte/Brite er nemnd.

 

Eg ser der er ein god del skifte frå Raudeberg - kanskje kan du vere heldig å finne henne der?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Rødberg var brukt som familienavn i Bergen, f. eks. Mogens Jespersen Rødberg, som tok borgerskap i 1659. Men noen Oluf Rødberg finner vi ikke i registrene fra Bergen.

 

Ættehistorisk Institutt har et kartotek over familienavn. Der finner vi et kort for Birgitte Olufsdatter, men ikke opplysninger om hvor hun kom fra. På kortet til Wilchen A. Høyder (Høyer) er hun kalt Birthe Olsdatter Hammerseth. Hun skal ha hatt datteren Abel, g.m. Conradus de Lange, og sønnen John Hammerseth, Kinn.

 

På Raudeberg bodde en Ole Hansen, død 76 år gammel i 1764. Han var bruker fra 1717, og gift med Kristi Olsdatter.

 

Takk for tilbakemeldinga Yngve.

 

Birgitte Olufsdatter kan sjølvsagt være frå Bergen. Eg ser også at det finnes Rødberg i Haus.

 

Eg har registrert at Wilchen Abrahamsen Høyder har vore gift i alle fall tre ganger. Når han gifta seg med Birgitte Olufsdatter Rødberg i Førde i 1745, reknar eg med at dette er hans første ekteskap. I 1758 forlovar han seg i Førde med Brithe Olsdotter Hammerset, som han seinare giftar seg med. Ho dør i 1763. I 1765 giftar han seg i Kinn med Mette Malene Lexau. I skifte etter Wilchen Abrahamsen Høyder i 1785 er det totalt 9 barn, og seks av desse barna er fødde etter 1763. Den yngste er då berre tre år gamal, og desse seks må då tilhøyre hans tredje ekteskap

 

Wilchen Abrahamsen Høyder skal ha vore klokker i Førde i alle fall kring det andre ekteskapet, og han skal ha hatt store landeigedomar i Førde. Problemet mitt er at eg ikkje klarer å finne ut kva gard han budde på medan han budde i Førde.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når det gjeld Røberg i Innvik passar ho dårleg inn. Det finst ein Jakob Olsson Røberg, men han er son til Ola Dokset, og vi har skifte etter mor deira i 1731, og inga Birgitte/Brite er nemnd.

 

Eg ser der er ein god del skifte frå Raudeberg - kanskje kan du vere heldig å finne henne der?

 

Takk for at du sjekka ut Aase. Då kan vi sikkert sjå vekk i frå Innvik.

 

Dessverre er det ingen Ole/Oluf blant alle skifta på Raudeberg.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dessverre er det ingen Ole/Oluf blant alle skifta på Raudeberg.

Nei, men der er Ols-son/dotter, og der er kvinner som kan vere mor. Eg skal ta ein kikk mellom lammingane i dag. Av det du skriv ser eg at Birgitte Olsdtr Rødberg og Brite Olsdtr Hammerset er to ulike koner, ikkje same kvinna som ein kan få inntrykk av i Yngve Nedrebø sitt innlegg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skifte på Raudeberg:

 

Ragnhild Bersveinsdtr 1703, enkjemann Hans - uaktuell

 

Dorte Olsdtr 1703, enkjemann Johannes - uaktuell

 

Jetmund Olsson 1705, har livsarvingar, får dermed ikkje opplysningar om sysken

 

Isak Olsson 1708, har livsarvingar, får dermed ikkje opplysningar om sysken

 

Hans Olsson 1715, har livsarvingar, får dermed ikkje opplysningar om sysken

 

Sylvi Pedersdtr 1715, har vore gift med Ola i fyrste ekteskap, men borna heiter Jakob og Gunnhild

 

Magdeli Antonsdtr 1733, har ikkje born, uaktuell

 

Margrete Nilsdtr 1750, har ikkje born, uaktuell

 

Mette Mikkelsdtr 1769, har ikkje born, uaktuell

 

Kari Nilsdtr 1770, har ikkje born, uaktuell

 

Synnøve Nilsdtr 1770, har ikkje born, uaktuell

 

Ragnhild Olsdtr 1776, har livsarvingar, får dermed ikkje opplysningar om sysken

 

Eli Olsdtr 1789, har forholdsvis fjernslekta arvingar, men ingen som passar her

 

Mari Andersdtr 1789, har forholdsvis fjernslekta arvingar, men ingen som passar her

 

Mette Nilsdtr 1795, har ikkje born, uaktuell

 

Dette er vel dei som kan vere aktuelle, og som du ser fekk ein ikkje bekrefta eller avkrefta noko som helst her, men det er i alle fall gjort. Og skifteprotokollane i Nordfjord er min yndlingslesnad, så noko stort bryderi var det heller ikkje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser at Kjell Høyer også forsker på samme familie her på forumet med temaet

 

"Wilchen Høyer (Høyder) slekten(e) på Vestlandet"

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aase: Takk for at du sjekka skifta. Håpar det gjekk bra med lamminga. Det ser då ut til at vi kanskje kan sjå vekk frå Raudeberg også.

 

Då må vi kanskje sjå mot Bergen/Haus.

 

Ann-Mary: Ja, her var det mykje interessant. Litt vanskeleg å få oversikt over alt, men i alle fall er mysteriet løyst i forhold til kor Wilchen Abrahamsen var fødd. Dessverre lite om kor han budde i Førde.

 

Meir oppløftande kan det være at det er linkar til Bruvik, og då nærmar vi oss Rødberg i Haus. Ei kobling mellom Voss og Haus er vel heller ikkje utenkeleg.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Litt vanskeleg å få oversikt over alt, men i alle fall er mysteriet løyst i forhold til kor Wilchen Abrahamsen var fødd. Dessverre lite om kor han budde i Førde.

 

mvh Egil

 

I Førde bygdebok er Høyder nemnd i bd. I s.590 under Terva (Tefre). Der er han kalla Wilhelm Høyder og det kjem fram at han fekk bygsel på br. nr. 2 i 1742, men ein Jens Simonson er oppført som brukar der 1713 til 1748.

 

Sitat: "I 1742 fekk klokkarsonen Wilhelm Høyder bygsel på bruket, men det ser ut til at Jens er brukar til sin død. Han skulle ha 16 rdl frå Høyder for "Gaardens Indrømmelse", og for desse pengane stemna Jens Høyder til sommartinget i 1746.Retten festa her lit til Høyders framstilling som gjekk ut på at beløpet skulle betalast i 4 terminar. Høyder vart difor dømd til å betale første termin."

 

Så er han nemnd i ei sak mot Lars Olsen Furebøen på side 591 (Terva) i 1746 som ikkje gjev oss noko nærare peikepinn på kvar han fysisk var busett, men til slutt strår det: -"Seinare finn vi Høyder på ein plass på Hafstad. Han fann seg ei enkje frå Hammarstad i Kinn og flytta dit". - (Hammarstad skal være Hammarset)

 

 

Eg har leitt etter Høyder under Hafstad, men kan ikkje finne han nemnd der i bygdeboka.

 

- Harald.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk for det Harald. Då har vi i alle fall funne spor av han i BB Førde. Eg skal sjå nærmare på dette i morga.

 

Ut frå dette har han vel då i alle fall kome til Førde før 1742, men kan han ha budd ein annan stad enn Tefre fram til 1748, sidan denne Jens er nemnd som brukar? Far hans (Abraham) døde her i 1747, og truleg budde vel Vilchen same stad som faren, men kor faren budde, ja, det har eg heller ikkje funne ut av (har også lett etter skifte etter han, utan å finne noko).

 

mvh egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tenkte eg ville prøve å oppsummere litt det som er kome fram her, i tillegg til det eg har funne sjølv.

 

Dessverre har det vore vanskeleg å finne ut så mykje om denne Birgithe Olufsdotter Rødberg. Vi kan kanskje konkludere med at ho ikkje er frå Nordfjord, og truleg er Haus/Bergen aktuelle stadar.

 

Om eg ikkje veit så mykje meir om Birgithe, så har eg blitt desto klokare på Wilchen Abrahamsen Høyder. Sidan utgangspunktet mitt for å leite etter Birgithe var å finne ut meir om denne Wilchen, og spesielt kor dei budde i Førde, så var det jo ikkje så heilt mislykka likevel. Nøyaktig kva gard han budde på kan vi ikkje fastslå, men eg har i alle fall fått sirkla han inn litt, og at han i alle fall har budd på gardar i Førde sokn. Samtidig ser eg at han også har vore mykje nytta som fadder i Naustdal sokn, så kanskje kan han til tider ha budd der ute. Han skal jo også ha eigd fleire gardar utan at desse er kjente, så kanskje er det leiglendingar han har vore fadder for. Det kan sjå ut som om han i liten grad har vore brukar på gardane han har budd på, og då er det lite opplysningar å finne om husmannsplassar o.l. i BB Førde tilbake på 1700-talet.

 

Med bakgrunn i opplysningane som Harald har funne og som knyt han til gardane Tefre og Hafstad, har eg pløyg BB Førde ein gong til. Dessverre ikkje så mykje meir eg har funne, men han var i 1751 i strid med ein brukar på Halbrend, etter at denne brukaren og Wilchen Høyder hadde vore i lag på ei jekt i Batalden. Hafstad er nabogarden til Halbrend, så då kan det passe godt at han har budd på ein plass der.

 

I 1744 finn eg i tillegg faren Abraham Høyder nemnd som klokkar i Førde, men utan at det er oppgitt bustad.

 

Så litt oppsummering fødsel og giftemål m.m.

 

Wilchen Abrahamsen Høyder er då fødd på Voss i 1717. Foreldre: Abraham Høyder og Boel Jonsdtr Linge (ukjent kven dei var, og kva gard dei budde på på Voss). Truleg har dei budd midlertidig på Voss, og det er ukjent om Wilchen hadde søsken.

 

Før 1742 flyttar dei til Førde. Wilchen blei gift i 1745 med Birgithe Olufsdotter Rødberg, ukjent fødestad.

 

Ut frå skifte etter Wilchen og registreringar i kyrkjeboka, har eg identifisert fire barn frå dette ekteskapet.

 

1749 Abel

 

1751 Abraham (Han er død i 1785, truleg død før 1767).

 

Jan Ditlev, ukjent fødselsår, truleg kring 1748-1750.

 

Margrete, ukjent fødselsår.

 

I mars 1747 blir Wilchen Høyder si kone introdusert. Det må bety at ho har fått eit barn kort tid før dette.

Kanskje kan det være Jan Ditlev (kyrkjeboka er litt utfordrande å lese desse åra, så kanskje står dåpen her ein stad?)

 

Wilchen sin far, Abraham Høyder dør i Førde i juni 1747, 75 år (dessverre ikkje skifte etter han).

 

Brithe Høyder nemnd som fadder i 1754. Kanskje er dette den same som Birgithe Olufsdotter Rødberg. I alle fall er Birgithe død før 1758.

 

1758/59: enkemann Wilchen Abrahamsen Høyder forlova/gift med Brite Olsdtr Hammerset, f. Batalden.

 

Dei to blir buande på Hammerset i Kinn, men får ikkje barn. (Brite Olsdtr Hammerset har ei dotter frå tidlegare ekteskap). Brite dør i 1763.

 

1765: Wilchen Abrahamsen Høyder giftar seg tredje gang med Mette Malene Lexau. Dei blir buande på Hammerset.

 

Eg har registrert 7 barn av desse, der det eine truleg dør første leveåra.

 

1765: Johanna Catharina Lexau.

 

1767 Abraham

 

1769 Brithe Kristina, truleg død før 1771.

 

1771 Birthe Kristina

 

1775 Lisbeth Maria

 

1777 Henricha Sophia

 

Ca. 1782 Vilhelmine Margrethe

 

Wilchen Abrahamsen Høyder dør på Hammerset i 1785. I skifte etter han er det då tre barn frå første ekteskap og seks barn frå det tredje ekteskapet.

 

---------------------------------------------------------

 

Vidare framover har eg dei opplysningane eg treng, men om det er nokon som veit meir om familien medan dei budde i Førde, evt. før dei flytta til Førde, så tar eg gjerne i mot det.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Hei!

 

Jeg har funnet en tinglysing fra 1688 (Protokoll 1B, side 103b) etter Johannes Jespersen Rødberg, borger i Bergen (Mulig slektning av den nevnte Mogens?) og hans kone Elisabeth Christensdatter. Der en av mine forfedre er nevnt.. Jan Jensen Svart og hans kone Alheit Hansdatter. Er usikker på hvorfor han og kona blir nevnt, men mulig det har noe med et lån å gjøre? Lurte da på om du har funnet noe mer om slekten Rødberg?

Endret av David Widerberg Howden
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei David.

 

Nei, eg har nok ikkje kome noko nærmare. Eg meiner eg fann at Wilchen Abrahamsen Høyder og foreldra hans var på plass i Førde allereie tidleg på 1720-talet (ein bror Abraham blei fødd her rundt 1722)

 

Birgithe Olufsdtr Rødberg har eg ikkje funne noko meir om

 

Dette var noko eg hjalp andre med for nokre år sidan, så eg har berre gitt frå meg det eg fann den gang, og gav meg der.

 

Men sidan temaet er vekt til live igjen, så kan det kanskje vere andre som finn noko.

 

mvh Egil

Endret av Egil Russøy - Førde
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.