Gå til innhold
Arkivverket
Egil Russøy

Cathrine Lovise Nilsdtr og Henrik Mathias Olsen

Recommended Posts

Egil Russøy

Dette temaet har eg prøvd meg på fleire ganger i det gamle forumet. Eg gjer eit nytt forsøk, i fall det er nokon som klarer å knekke nøtta.

 

Cathrine Lovise Nilsdtr blei fødd på Øren i Kinn i 1828. Foreldra er Nils Kieldsen og Ingeborg Simonsdtr

 

Henrik Mathias Olsen blei fødd på Aanøen i Kinn i 1830. Foreldra er Ole Ingebriktston og Kristiane Jonasdotter

 

Eg har ikkje funne nokon av dei to dei i FT 1865, men 1. nov. 1866 giftar dei seg i Kinn: (tredje nederst) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 10 (1852-1869), Ekteviede 1866, side 76.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6894&idx_id=6894&uid=ny&idx_side=-77

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115310351.jpg

 

Eg har jakta på skifte etter både foreldre, søsken og halvsøsken, men dessverre er det ikkje nokon skifte som gir opplysningar om kor dei har blitt av.

 

Utfordringa er altså: Kor er Cathrine og Henrik i FT 1865, og kor i all verden blei dei av at dei blei gifte (truleg kan det eine gje svar på det andre)

 

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leif Øren

Kan det være den same Catharine Nilsdatter som er nemnd i folketeljinga for Bergen i 1865? Ho er då oppgjeven å være 32 år og født i Søndfjord i Bergen stift.

 

Mvh.

Leif Øren

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Det kan være ein kandidat Leif.

 

Eg ser at ho er noko ung i 1865 (skulle vel helst ha vore 37/38 år)

 

I farten finn eg berre ein motkandidat i Sunnfjord, fødd i Gaular 1833 http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=sogndaap&personpostnr=33241&merk=33241

 

Foreldra hennar fekk ei dotter til i 1834 http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=52&filnamn=sogndaap&gardpostnr=32225&merk=32225#ovre

 

Eg kan ikkje finne familien i Gaular i 1865. Kan dei ha flytta til Bergen?

 

Kanskje BB Gaular kan seie noko om dette. Forhåpentlegvis er familien ført under Lundekvam eller Bringeland. (Kanskje nokon som kan slå opp)

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

I staden for å starte endå eit nytt emne for same sak, så tar eg opp igjen det forrige, og eg håpar at nokon kan finne nye spor i denne jakta.

 

Kandidaten som blei funnen sist gong (sjå innlegg 2) har vist seg å være ei namnesyster frå Gaular.

 

Utfordringa er då framleis den same: Kor var Cathrine Lovise og Henrik Mathias i 1865, og kor blei dei av etter at dei gifta seg i Kinn i 1866?

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Takk for eit godt forslag Ann-Mary.

 

Det er ein utfordrande kandidat sidan alder manglar, og det ikkje er noko anna å knyte han til. Det er så vidt eg ser, berre tre Henrik Olsen i 1865 for Kinn, som også er fødde i Kinn.

 

Eg har sjekka litt gjennom andre kandidater som denne kan vere, og ser at der burde i alle fall vere ein til Henrik Olsen som burde vere i området, og som eg ikkje finn. Men eg er usikker på om denne er fødd i Kinn.

 

Om det er nokon som klarer å finne noko dokumentasjon for eller mot denne kandidaten på Stavøteig, så tar eg gjerne imot det.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.