Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Teiste-ætti frå Kroken i Hafslo (del II) 1600-1700-talet - fleire detaljar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

For å komplettera bygdeboki for Hafslo (Luster) har eg dei siste dagane freista oppgradera den andre delen av manuskriptet om Teiste-huslyden på og frå Kroken i Hafslo. I desse generasjonane finn me mykje flytting, og det er vanskeleg å skaffa seg full oversikt, men kanskje er det mogeleg å få hjelp til ei og anna tilleggsopplysning?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jan Janson Teiste, steson av den føregåande brukaren og herifrå Kroken, var f. kring 1633 og d. i Kroken kring 1692. Han gifte seg kring 1663 med Maren Pedersdotter Hanning frå Sogndal. Ho var dotter av sokneprest Peder Olson Hanning på Stedje i Sogndal og første kona Margretha Samuelsdotter og f. i Sogndal kring 1643. Ho d. truleg i Kroken kring 1710. {gardbrukarar Kroken} Dei fekk sju born i lag:

1. Metta Jansdotter Teiste (1664-1692), vart gift med landhandlar og gjestgjevar, enkjemannen Peder Nilsson Hjermann på Stønjum i Lærdal (1640-1709), opphavleg frå Flahammar i Luster (s.d.).

2. Peder Janson Teiste (1667-1722), fekk ta over heimebruket i Kroken etter foreldri sine.

3. Hans Janson Teiste, f. kring 1669,

 

¤¤¤¤¤ (fråverande ved skiftet 1693 – lagnaden hans?)

 

4. Søren Janson Teiste, f. kring 1671,

 

¤¤¤¤¤ (fråverande ved skiftet 1693 – lagnaden hans?)

 

5. Øllegaard Jansdotter Teiste, f. kring 1674,

Øllegaard Teiste flyttei ung alder til Bergen og gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? – e. 1693/før 1702)

 

med Søren Jensson frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans?)

 

¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – busette i Bergen!?)

 

¤¤¤¤¤ (dødsfalli deira?)

 

Born:

a. Margretha Sørensdotter, døypt i Bergen 16.6.1702,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

¤¤¤¤¤ (fleire born? – lagnad?)

 

6. Margretha Jansdotter Teiste, f. kring 1677,

 

¤¤¤¤¤ (n. 1693 – lagnad?)

 

7. Kirstina Jansdotter Teiste, f. kring 1680,

Kirstina Teiste flytte til Bergen og gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar?)

 

med Cordt Mikkelson Koch frå Bergen. Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (yrkestitel? – byborgar!)

 

Mikkel

 

¤¤¤¤¤ (farsnanet?)

 

Koch i Bergen, opphavleg frå Reinfeld io Holstein, Tyskland, og andre kona Gretha Cordtsdotter frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

Han var f. i Bergen kring 1690. Cordt var ei tid i kongens sjøteneste, men vart sidan

 

¤¤¤¤¤ (yrke?)

 

Han og Kirstina vart buande i Bergen. Kirstina vart gravlagd frå Domkyrkja i Bergen 12.12.1757, medan Cordt vart gravlagd same staden 8.5.1760. Born:

a. Hans Jørgen Cordtson Koch, døypt i Bergen 4.2.1722, vart gravlagd i Bergen 17.9.1723.

 

¤¤¤¤¤ (fleire born? – lagnad?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Janson Teiste, son av føregåande brukar og herifrå garden, var f. kring 1667 og d. i Kroken kring 1722. Han gifte seg kring 1691 med Maren Jensdotter Engeslef frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar? – truleg søster av Søren Jensson Engeslef på Mareim!)

 

Ho var f.

 

¤¤¤¤¤ (fødestaden hennar? – Danmark?)

 

kring 1668 og d. som enkje i Kroken kring 1730. {gardbrukarar Kroken} Born:

1. Anna Pedersdotter Teiste, f. kring 1692,

Anna Teiste flytte i ung alder til Bergen og gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? – før 1722!)

 

med Peder Pederson frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans? – òg kalla Petter Pettersen!)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hans?)

 

¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – kjøpmann? - budde i Bergen!)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1745!)

 

medan Anna Teiste vart gravlagd frå Domkyrkja i Bergen 13.5.1756. Born:

 

¤¤¤¤¤ (berre dotteri Maren har etterkomarar!)

 

a. Maren Pedersdotter, f. i Bergen kring 1721, vart gravlagd i Bergen 13.11.1750. Maren gifte seg i Nykyrkja i Bergen 17.2.1750 med Anders Gjertson Fasting frå Bergen, døypt i Bergen 26.9.1723. Han vart gravlagd i Bergen 3.2.1786. Han gifte seg att i Krosskyrkja i Bergen 13.9.1752 med Maria Cathrine

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hennar?)

 

Kling frå

 

¤¤¤¤¤ (kvar oppvaksi?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – 1715!?)

 

Ho vart gravlagd i Bergen 5.3.1789. Anders Fasting var matros og budde i Bergen levetidi ut. Han fekk i alt

 

¤¤¤¤¤ (samla tal på born?)

 

av dei var ein son frå første ekteskapet med Maren.

 

¤¤¤¤¤ (sonen som levde etter Maren i 1759: Martinus Fasting, døypt NK, Bergen 11.11.1750)

 

b. Christian Pedersen, døypt i Bergen 4.2.1724, d.

 

¤¤¤¤¤ (døypt i Nykyrkja – døydde før 1759!)

 

¤¤¤¤¤ (fleire born? – biopgrafi? – må i so fall vera avlidne før 1759!)

*

2. Jan Pederson Teiste (1694-

 

¤¤¤¤¤ (dødsåret hans?)

 

), var ei tid gardbrukar her i Kroken etter foreldri (sjå nedanfor).

3. Maren Pedersdotter Teiste, f. kring 1696,

Maren Teiste flytte før 1722 til København i Danmark der ho 11.7.1726 gifte seg med Johan Fredrik Dominicusson Brandt frå Rise på Ærø, Nordborg amt i Danmark. Han var son av sokneprest Dominicus Andersson Brandt til Rise på Ærø, Nordborg amt og kona Sophie Elisabeth Hansdotter Glamann frå Odense, Odensegård amt på Fyn, og f. i Rise på Ærø, Nordborg amt i Danmark 18.11.1694. Johan og Maren busette seg på Lærdalsøyri i Lærdal der Johan truleg var klokkar. Maren vart gravlagd i Lærdal 10.2.1732, og Johan gifte seg att i Slidre 10.10.1736 med ei Kirsti Johnsdotter Heerdal, som me ikkje veit noko meir om.

 

¤¤¤¤¤ (opplysningar om Kirsti?)

 

Johan var sidan klokkar i Slidre og budde på

 

¤¤¤¤¤ (kvar i Slidre budde dei?)

 

der han d. 22.6.1769. Me kjenner til fem born etter Johan Brandt; av dei var denne sonen frå første ekteskapet med Maren Teiste:

a. Dominicus Johanson Brandt, døypt i Hafslo 19.6.1729, d. i Bergen kring 1757.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans?)

 

Dominicus gifte seg i Nykyrkja i Bergen 2.7.1755 med ei Bertha Olsdotter av ukjent opphav.

 

¤¤¤¤¤ (fleire opplysninghar om ho? – dato og stad for fødsli/dåpen hennar og dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar?)

 

Dominicus var skomakarsvein, og han og Britha budde i Bergen. Ho gifte seg att i Domkyrkja i Bergen 27.12.1763 med enkjemannen Johan Henrik

 

¤¤¤¤¤ (farsnamnet hans?)

 

Horchen frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

Han var f.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli/dåpen hans?)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – Bergen!)

 

Bertha fekk i alt

 

¤¤¤¤¤ (kor mange born?)

 

born; av dei var ei dotter frå første ekteskapet med Dominicus.

 

¤¤¤¤¤ (dotter: Maren Kirstine Brandt, døypt i NK, Bergen 23.1.1756 – gift i DK, Bergen 5.11.1775 med matros Jens Aamundson)

 

4. Jens Pederson Teiste, f. kring 1698,

Jens Teiste fór truleg til Bergen, men var i 1722 busett i Amsterdam.

 

¤¤¤¤¤ (1745 uvisst om han levde eller ikkje! – lagnad?)

 

5. Øllegaard Pedersdotter Teiste (1700-1745), vart gift med husmann Henrik Jonasson Nitter i Stein under Kroken (1695-

 

¤¤¤¤¤ (dødsåret hans?)

 

).

6. Peder Pederson Teiste, f. kring 1702,

Peder Teiste flytte i ung alder til Bergen der han i 1722 var gullsmedlærling, men

 

¤¤¤¤¤ (1745 uvisst om han levde eller ikkje! – lagnad?)

 

7. Søren Pederson Teiste (1704-1753), var gullsmed og gardbrukar på Moe.

8. Fredrik Pederson Teiste, f. kring 1706,

 

¤¤¤¤¤ (d. ugift før 1745 – lagnad?)

 

9. Metta Margrethe, kjend som Margretha Pedersdotter Teiste (1709-1765), vart gift med gardbrukarsonen Ole Sjurson frå Leri i Luster (1690-1742).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jan Pederson Teiste, son av føregåande brukar og herifrå garden, var f. kring 1694 og gifte seg

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hans?)

 

med

 

¤¤¤¤¤ (namnet hennar? – Bentzen?)

 

{gardbrukarar Kroken]

 

¤¤¤¤¤ (flytte sidan til Danmark - budde på Sæbygaard på Sjælland – levde der framleis i 1753, men var avliden før 1759! – kona døydde i Gjærlev på Sjelland i 1750-åri!)

 

Dei fekk tre born i lag:

1. Peder Janson Teiste, døypt 23.9.1722,

 

¤¤¤¤¤ (ikkje n. 1745! – d. før 1759!)

 

2. Søren Janson Teiste, døypt 8.10.1724,

 

¤¤¤¤¤ (ikkje n. 1745! – d. før 1759!)

 

3. Maren Jansdotter Teiste (1726-1812), vart gift med gardbrukar Zacharias Davidson Svabo i Kroken i Luster (1709-1780).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.