Jump to content
Nasjonalarkivet

Hans Jørgen og Gudmund Hagenæs, Bergen, 1700-talet


Recommended Posts

Hei

 

Eg er på jakt etter fleire opplysningar om Hans Jørgen(son?) Hagenæs, d. ca. 1767. Han var g. med Anna Katrina, f. ca. 1710, d. 1788 (Bergen). Hans Jørgen Hagenæs var klokkar i Sund prestegjeld (Sotra, Hordaland) på 1760-talet. I ein attest frå 1756 er Hans kalla ”Studios” og ”Candidatus Ministerii”. I studentmatrikkelen for Københavns Universitet finn vi han nemnt som ”Iohannes Georgius Hagenes” frå Bergen i 1748.

 

I 1744 er det i same matrikkelen nemnt ein ”Gudmundus Hagenessius”. Dette må vera Gudmund Jacobsen Hagenæs, som vart sokneprest i Støren, og døydde i 1787. Gudmund skal ha vore født 12.7.1716 i Bergen, men eg finn han ikkje mellom døypte i Bergen på Digitalarkivet. Gudmund var g. med Helene Margrethe Berg, f. ca. 1726, d. 1800.

 

Eg trur Hans og Gudmund kan ha vore brør. I basen over døypte på Digitalarkivet, finn eg at ein Hans Jørgen, son av Jacob Gudmundsen og Karen Thomasd./Olsd., vart døypt i Bergen i 1724 (DK) (men her er ikkje etternamnet Hagenæs nemnt):

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=dp12011668&gardpostnr=21560&personpostnr=62972&merk=62972#ovre

 

Jacob G. og Karen fekk også ei dotter i 1722:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=dp12011668&gardpostnr=21160&personpostnr=61772&merk=61772#ovre

 

I Sund prestegjeld, der Hans Jørgen var klokkar, er det ein gard som heiter Haganes (i Fjell sokn), men eg har til no ikkje funne noko som tyder på at Hans Jørgen eller familien kom frå denne Haganes-garden.

 

Er det nokon som veit meir om denne slekta?

 

Venleg helsing

Halvor Skurtveit

  • 2 weeks later...

På Flickr-sida til Trondheim byarkiv finst eit måleri som viser presten Gudmund Hagenæs:

 

Gudmund Hagenæs (d. 1787)

 

Her står det litt om Gudmund Hagenæs http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=erlandsen&sideid=194&storleik=

 

Fra FS:

 

Groom's Name: Gudmund Hagenaes

Bride's Name: Helena Margaretha Berg

Marriage Date: 29 Aug 1768

Marriage Place: Vor Frelsers, København, København, Denmark

Collection: Denmark Marriages, 1635-1916

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.