Gå til innhold
Arkivverket

Hartung (Hartug)


Håvard Moe
 Del

Recommended Posts

Hei, godtfolk. Eg har i det siste prøvd å nøste litt i trådane med informasjon om bergverksslekta Hartung (Hartug) som kjem fram her og på DIS-Norge sitt brukarforum. Eg vil fyrst freist å oppsummere det eg har funne av informasjon, deretter reise nokre spørsmål...

 

Lorentz Hartung (f. 1614, d. 1682, gr. 07.01.1683 i Meldal), kom til Kvikne 1632, seinare garmaker ved Grutsæter. Iflg. R. Støren mulig sønn av hytteskriver Valentin Jacobsen ved Kvikneverket. Lista som "officer" ved Plassen (Grutsæter) ved folketellinga i 1664. Der er òg Michael og Valentin nemnt

Born:

a- Michael (f. 1645)

b- Valentin (f. 1648) - etterslekt kjent

c- Lorentzdotter gm. hyttemester Arne Jørgensen ved Grutsæter

 

 

Spørsmål:

 

1. Denne dottera gm. Arne Jørgensen har eg òg sett nemnt var ei Valentinsdotter - kva er rett? Begge stader vert det referert til R. Støren (Kvikne kobberverk, s. 106)...

 

2. Ein Frantz Hartung begravd i Meldal 1692, ukjent alder. Veit vi korleis han passer i bildet her?

 

3. Ei Sara Mikkelsdotter Hartung (f. 1682) skal vere gm. Torger Iversson Laushus (Bergangjerdet). Er dette dotter av Michael Lorentzson over? Michael si etterslekt har eg ikkje funne noko om...

 

4. Ei Marie L. Hartung skal vere gm. Lovits Simensen (1650-1691), son av Simon O. (Røst) (1614-1691) og Cathrine Luton. Er dette enno ei dotter av Lorentz Hartung over?

 

 

 

Redigert: Nokre referansar:

Slekten Schwanner og lensmannsmiljøet i Meldal og Rennebu

DA-foum: [#67720] Tråd nr. 37440 (Schwanner, Francke osv). Hvor er alle innleggene?

DIS-forum: Andreas E Graven f 1822

Lenke til kommentar
Del på andre sider

.......sitat: 3. "Ei Sara Mikkelsdotter Hartung (f. 1682) skal vere gm. Torger Iversson Laushus (Bergangjerdet). Er dette dotter av Michael Lorentzson over? Michael si etterslekt har eg ikkje funne noko om..."

 

Eg har Sara og Torger blant forfedrane mine. Ved dåpen til Sara 27. august på Grutseter i 1682 står det vel at faren heiter Michel Hertug (om notatet mitt er å stola på), så truleg har du rett i at Sara er dotter til den nemnde Michel Lorentzson Hartug (Lorentz (Michelsson) Hertug gravfest 7. jan. 1683 i Meldal). Eg nedstammar frå dotra, Sara døypt den 3. des. 1714. Ho vart gift med Tore Eriksson Dombu i 1737. Eine dotra til Tore og Sara heitte Beret døypt 23.11.1738. Ho vart gift med Rasmus Knutsson Ramsem (f. Ofstad). Dei to sistnemnde er 3 x tippoldeforeldra mine.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Finn, og takk. Det er nok du som er mi kjelde til opplysninga om Sara Mi.kkelsdotter. Får sjekke innføringa i kyrkjeboka...

 

Eit par andre aktuelle Hartungar er:

 

Daniel Mikkelsen (f. c 1680), bergknekt på Svorkmo i 1701. Ukjent om og korleis han eventuelt er tilknytta slekta.

 

(Erik) Sigismund Hartung, holzførster 6 aug. 1761., konf. 16 dec. 1766. (Rentekammerets Norske bestallninger)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Har no sjekka litt og notata dine stemmer bra. Eg finn dåp av "Michel Hartugs Sara" i 1682. Ved giftermålet i 1712 kalles ho Sara Michelsd. - det er vel ikkje mange andre med passande namn og alder det kan vere...

 

Har ikkje funne noko truloving før dette - forlovere ville vore til hjelp i å styrke under antakinga.

 

Har òg funne ein god anna som angår Hartug-folket i Meldal/Orkdal. Får oppsummere så langt og poste ei oppdatering over helga - no er eg på tur opp til Meldal for helga :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.