Håvard Moe Posted May 22, 2011 Share Posted May 22, 2011 Hei, godtfolk. Eg har i det siste prøvd å nøste litt i trådane med informasjon om bergverksslekta Hartung (Hartug) som kjem fram her og på DIS-Norge sitt brukarforum. Eg vil fyrst freist å oppsummere det eg har funne av informasjon, deretter reise nokre spørsmål... Lorentz Hartung (f. 1614, d. 1682, gr. 07.01.1683 i Meldal), kom til Kvikne 1632, seinare garmaker ved Grutsæter. Iflg. R. Støren mulig sønn av hytteskriver Valentin Jacobsen ved Kvikneverket. Lista som "officer" ved Plassen (Grutsæter) ved folketellinga i 1664. Der er òg Michael og Valentin nemnt Born: a- Michael (f. 1645) b- Valentin (f. 1648) - etterslekt kjent c- Lorentzdotter gm. hyttemester Arne Jørgensen ved Grutsæter Spørsmål: 1. Denne dottera gm. Arne Jørgensen har eg òg sett nemnt var ei Valentinsdotter - kva er rett? Begge stader vert det referert til R. Støren (Kvikne kobberverk, s. 106)... 2. Ein Frantz Hartung begravd i Meldal 1692, ukjent alder. Veit vi korleis han passer i bildet her? 3. Ei Sara Mikkelsdotter Hartung (f. 1682) skal vere gm. Torger Iversson Laushus (Bergangjerdet). Er dette dotter av Michael Lorentzson over? Michael si etterslekt har eg ikkje funne noko om... 4. Ei Marie L. Hartung skal vere gm. Lovits Simensen (1650-1691), son av Simon O. (Røst) (1614-1691) og Cathrine Luton. Er dette enno ei dotter av Lorentz Hartung over? Redigert: Nokre referansar: Slekten Schwanner og lensmannsmiljøet i Meldal og Rennebu DA-foum: [#67720] Tråd nr. 37440 (Schwanner, Francke osv). Hvor er alle innleggene? DIS-forum: Andreas E Graven f 1822 Link to comment Share on other sites More sharing options...
Finn Gunnar Oldervik Posted May 25, 2011 Share Posted May 25, 2011 .......sitat: 3. "Ei Sara Mikkelsdotter Hartung (f. 1682) skal vere gm. Torger Iversson Laushus (Bergangjerdet). Er dette dotter av Michael Lorentzson over? Michael si etterslekt har eg ikkje funne noko om..." Eg har Sara og Torger blant forfedrane mine. Ved dåpen til Sara 27. august på Grutseter i 1682 står det vel at faren heiter Michel Hertug (om notatet mitt er å stola på), så truleg har du rett i at Sara er dotter til den nemnde Michel Lorentzson Hartug (Lorentz (Michelsson) Hertug gravfest 7. jan. 1683 i Meldal). Eg nedstammar frå dotra, Sara døypt den 3. des. 1714. Ho vart gift med Tore Eriksson Dombu i 1737. Eine dotra til Tore og Sara heitte Beret døypt 23.11.1738. Ho vart gift med Rasmus Knutsson Ramsem (f. Ofstad). Dei to sistnemnde er 3 x tippoldeforeldra mine. Link to comment Share on other sites More sharing options...
Håvard Moe Posted May 26, 2011 Author Share Posted May 26, 2011 Hei Finn, og takk. Det er nok du som er mi kjelde til opplysninga om Sara Mi.kkelsdotter. Får sjekke innføringa i kyrkjeboka... Eit par andre aktuelle Hartungar er: Daniel Mikkelsen (f. c 1680), bergknekt på Svorkmo i 1701. Ukjent om og korleis han eventuelt er tilknytta slekta. (Erik) Sigismund Hartung, holzførster 6 aug. 1761., konf. 16 dec. 1766. (Rentekammerets Norske bestallninger) Link to comment Share on other sites More sharing options...
Håvard Moe Posted June 3, 2011 Author Share Posted June 3, 2011 Har no sjekka litt og notata dine stemmer bra. Eg finn dåp av "Michel Hartugs Sara" i 1682. Ved giftermålet i 1712 kalles ho Sara Michelsd. - det er vel ikkje mange andre med passande namn og alder det kan vere... Har ikkje funne noko truloving før dette - forlovere ville vore til hjelp i å styrke under antakinga. Har òg funne ein god anna som angår Hartug-folket i Meldal/Orkdal. Får oppsummere så langt og poste ei oppdatering over helga - no er eg på tur opp til Meldal for helga :) Link to comment Share on other sites More sharing options...
Inger Bjørnaas Posted June 17, 2011 Share Posted June 17, 2011 Dette temaet er også omtalt på Slektsforum, og legger derfor lenke til dette temaet for å vise hva som er kommet fram av opplysninger der: http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=97177 Beste hilsen Inger Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Please sign in to comment
You will be able to leave a comment after signing in
Sign In Now