Håvard Moe Skrevet Mai 22, 2011 Del Skrevet Mai 22, 2011 Hei, godtfolk. Eg har i det siste prøvd å nøste litt i trådane med informasjon om bergverksslekta Hartung (Hartug) som kjem fram her og på DIS-Norge sitt brukarforum. Eg vil fyrst freist å oppsummere det eg har funne av informasjon, deretter reise nokre spørsmål... Lorentz Hartung (f. 1614, d. 1682, gr. 07.01.1683 i Meldal), kom til Kvikne 1632, seinare garmaker ved Grutsæter. Iflg. R. Støren mulig sønn av hytteskriver Valentin Jacobsen ved Kvikneverket. Lista som "officer" ved Plassen (Grutsæter) ved folketellinga i 1664. Der er òg Michael og Valentin nemnt Born: a- Michael (f. 1645) b- Valentin (f. 1648) - etterslekt kjent c- Lorentzdotter gm. hyttemester Arne Jørgensen ved Grutsæter Spørsmål: 1. Denne dottera gm. Arne Jørgensen har eg òg sett nemnt var ei Valentinsdotter - kva er rett? Begge stader vert det referert til R. Støren (Kvikne kobberverk, s. 106)... 2. Ein Frantz Hartung begravd i Meldal 1692, ukjent alder. Veit vi korleis han passer i bildet her? 3. Ei Sara Mikkelsdotter Hartung (f. 1682) skal vere gm. Torger Iversson Laushus (Bergangjerdet). Er dette dotter av Michael Lorentzson over? Michael si etterslekt har eg ikkje funne noko om... 4. Ei Marie L. Hartung skal vere gm. Lovits Simensen (1650-1691), son av Simon O. (Røst) (1614-1691) og Cathrine Luton. Er dette enno ei dotter av Lorentz Hartung over? Redigert: Nokre referansar: Slekten Schwanner og lensmannsmiljøet i Meldal og Rennebu DA-foum: [#67720] Tråd nr. 37440 (Schwanner, Francke osv). Hvor er alle innleggene? DIS-forum: Andreas E Graven f 1822 Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Finn Gunnar Oldervik Skrevet Mai 25, 2011 Del Skrevet Mai 25, 2011 .......sitat: 3. "Ei Sara Mikkelsdotter Hartung (f. 1682) skal vere gm. Torger Iversson Laushus (Bergangjerdet). Er dette dotter av Michael Lorentzson over? Michael si etterslekt har eg ikkje funne noko om..." Eg har Sara og Torger blant forfedrane mine. Ved dåpen til Sara 27. august på Grutseter i 1682 står det vel at faren heiter Michel Hertug (om notatet mitt er å stola på), så truleg har du rett i at Sara er dotter til den nemnde Michel Lorentzson Hartug (Lorentz (Michelsson) Hertug gravfest 7. jan. 1683 i Meldal). Eg nedstammar frå dotra, Sara døypt den 3. des. 1714. Ho vart gift med Tore Eriksson Dombu i 1737. Eine dotra til Tore og Sara heitte Beret døypt 23.11.1738. Ho vart gift med Rasmus Knutsson Ramsem (f. Ofstad). Dei to sistnemnde er 3 x tippoldeforeldra mine. Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Håvard Moe Skrevet Mai 26, 2011 Forfatter Del Skrevet Mai 26, 2011 Hei Finn, og takk. Det er nok du som er mi kjelde til opplysninga om Sara Mi.kkelsdotter. Får sjekke innføringa i kyrkjeboka... Eit par andre aktuelle Hartungar er: Daniel Mikkelsen (f. c 1680), bergknekt på Svorkmo i 1701. Ukjent om og korleis han eventuelt er tilknytta slekta. (Erik) Sigismund Hartung, holzførster 6 aug. 1761., konf. 16 dec. 1766. (Rentekammerets Norske bestallninger) Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Håvard Moe Skrevet Juni 3, 2011 Forfatter Del Skrevet Juni 3, 2011 Har no sjekka litt og notata dine stemmer bra. Eg finn dåp av "Michel Hartugs Sara" i 1682. Ved giftermålet i 1712 kalles ho Sara Michelsd. - det er vel ikkje mange andre med passande namn og alder det kan vere... Har ikkje funne noko truloving før dette - forlovere ville vore til hjelp i å styrke under antakinga. Har òg funne ein god anna som angår Hartug-folket i Meldal/Orkdal. Får oppsummere så langt og poste ei oppdatering over helga - no er eg på tur opp til Meldal for helga :) Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Inger Bjørnaas Skrevet Juni 17, 2011 Del Skrevet Juni 17, 2011 Dette temaet er også omtalt på Slektsforum, og legger derfor lenke til dette temaet for å vise hva som er kommet fram av opplysninger der: http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=97177 Beste hilsen Inger Lenke til kommentar Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå