Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Eg har nyleg laga ei nettside som tek føre seg slekta mi - Knudsen og Rage i Stavanger, Bøe i Bergen og Ødegaard på Mysen. Sjølv om dette i utgangspunktet er ei privat slektshistorie, vil mykje av stoffet også ha almen interesse. Mange av personane i mi slekt har markert seg på ymse vis, som t.d. min oldefar på farssida Johannes Knudsen som var kveker, sonen Johannes jr. som starta Viking Sardines Factory i Stavanger, min oldefar på morssida Ingebrigt Bøe som i tre år jobba med oppføringa av Ole Bull sin praktvilla på Lysøen, eller min andre oldefar på morssida A.K. Ødegaard som grunnla Smaalenenes Avis i Østfold som kjem ut den dag i dag. Eller min farmor Josefine Rage som i 1901 vart mellom dei første kvinnelege bystyremedlemmene i Stavanger.

 

Nettsida vil vera i stadig endring i tida frametter. Eg sit på mykje materiale i form av dokument, brev, litteratur og ikkje minst bilete som det vil ta tid å gå gjennom. Alt dette stoffet vert lagt ut på nettet etter kvart.

 

Nettsida finn du på denne adressa: www.knutrage.info

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/171524-nettside-om-slekta-mi/
Del på andre sider

Takk, Erling!

 

Eg er forholdsvis fersk når det gjeld slektsgransking, men har vore så heldig å sitja på mykje dokumentasjon og valde difor å bruka tid på å gå i djupna og laga ei slik nettside - som vil koma til å bli ein vedvarande prosess ei god stund frametter.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.