Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Kari Halvorsdotter Øverli (1844) og Even Evenson Hestkind (1841) - frå Etnedal til Amerika - utvandringsåri deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Kari Halvorsdotter Øverli var fødd i Etnedal, Sør-Aurdal 28.5.1844 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8989&idx_id=8989&uid=ny&idx_side=-58). Foreldri var gardbrukar Halvor Andersson på Øverli og kona Berit Knutsdotter frå Sønderli.

 

Even Evenson Granumshaugen var fødd i Etnedal, Sør-Aurdal våren 1841 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8989&idx_id=8989&uid=ny&idx_side=-11). Foreldri var gardbrukar Even Jensson i Granumshaugen og kona Ingeborg Pedersdotter frå Berg (kalla Granumshullet i 1841). Even er òg (i Amerika) kalla Hestkind!

 

* Desse borni utvandra båe til Amerika og gifte seg i Dane Co., WI 27.7.1869, men er det mogeleg å finna ut KVA ÅR dei utvandra? (NB: Kari hadde vore gift ein gong før, i Dane Co., WI 6.8.1864 med Peder Hermundson Barsnes frå Sogndal)

 

* Er det nokon med lokal kunnskap som kan fortelja meg om Kari og foreldri hennar vart buande på Øverli til ho/dei utvandra til Amerika?

 

* Likeins, kan nokon forklara meg bustadene til Even Jensson og sonen Even? - kvar kjem Hestkind-namnet ifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald Flaten

Hestekind-navnet må vel komme fra Ytre eller Nordre Hestekind i Bruflat sogn. (Etnedal) i Aurdal prestegjeld, Opland.

 

Harald

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Harald for svar om Hestkind-namnet. Det er vel ikkje so urimeleg å tru at namnet kjem frå ein av dei to gardane som du nemner, men korleis Even fekk dette namnet, er framleis uklårt... So har me dessutan problemet med at det manglar kyrkjebøker for Etnedal, og visstnok òg bygdebøker, so då er eg redd det vert vanskeleg å finna svari på desse spørsmåli, med mindre det finst passasjerlister...?

 

Nye tips er hjarteleg velkomne!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Espen Tjernshaugen

Det er gode bøker som dekker Etnedal i serien Valdres bygdebok, "Gard og bygd i Etnedal". Bind A, B og registerbindet C. Desverre har jeg ikke de tilgjengelig nå, men vil tippe du vil finne opplysningene du søker i bind B ved hjelp av registerbindet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Espen for nyttig svar! Då vonar eg at einkvan kan gjera dei naudsynte oppslagi for meg?

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har nettopp fått greie på frå Amerika at Even Evenson Hestekind døydde i Buffalo Co., WI 11.7.1924, og fødselsdatoen vert oppgjeven til 1.6.1841.

 

Men framleis manglar eg utvandringsåri for Even og Kari Halvorsdotter (sjå innlegg #1). Er det nokon som sit med bygdeboki for Etnedal og som kan gjera eit oppslag for meg?

 

Hjarteleg takk for hjelpi!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Even E. Hestkind i FT 1910

 

United States Census, 1910 for Even E Hestckind

Birthplace: Norway

Relationship to Head of Household: Self

Residence: Dover, Buffalo, Wisconsin

Marital Status: Married

Race : White

Gender: Male

Immigration Year: 1866

Father's Birthplace: Norway

Mother's Birthplace: Norway

Family Number: 21

Page Number: 2

Household Gender Age

Even E Hestckind M 68y

Spouse Lena Hestckind F 46y

Child Peter Hestckind M 40y

Child Emil Hestckind M 7y

Child Ellen Hestckind F 7y

Child Velma Hestckind F 6y

 

Immigrasjonsår er oppgitt til 1866 både i 1900-tellingen og 1910-tellingen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne-Lise Hansen

Even Evensen Hestekind reiser 11. mai 1866 fra Bergen med 'Ansgar':

http://digitalarkive...=3992&merk=3992

 

Ankomst Quebec 6/6-1866 med 'Ansgar' med et noe forvansket navn (Mostekind): http://www.collectionscanada.gc.ca/databases/passengers-quebec-1865-1900/001082-119.01-e.php?&person_id_nbr=35461&interval=20&&PHPSESSID=44n1uur3a81k7ejsp3i1qk9nb3

Endret av Anne-Lise Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjerteleg takk til Lars J. og Anne-Lise for nyttige opplysningar! Då er Even Evenson Hestekind "på plass" i manuskriptet mitt! So får me berre vona på at ogso Kari Halvorsdotter etter kvart vil dukka opp...

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×