Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Halvor Halvorson Vik - fødd i Hjartdal 1858 - til Amerika kring 1860? - opphav?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Kyrkjeboki for Hjartdal syner fødsli 11.3.1858 for Halvor Halvorson, son av innerst Halvor Aanundson Kaasa og kona Bergit Johannesdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7799&idx_id=7799&uid=ny&idx_side=-139)

 

Kyrkjeboki for Hjartdal syner likeins vigsli 11.10.1850 for kyrkjesongar og skulelærar Halvor Aanundson Trovatten, fødd på Ødegaarden i Vinje 1825, og Bergit Johannesdotter, fødd på Hougen {i Kviteseid} 1829 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7799&idx_id=7799&uid=ny&idx_side=-222)

 

Halvor Halvorson (1858) skal ifølgje opplysningar frå Amerika ha utvandra dit i lkag med mor si (enkje?) kring 1860, men denne uitvandringi finn eg ikkje i Hjartdal!

 

Er det nokon med lokal kunnskap, eventuelt med tilgjenge til ei bygdebok, som kan hjelpa meg vidare med denne huslyden?

 

* Kva kan me skriva som yrke og bustad for Halvor Aanundson og Bergit Johannesdotter?

 

* Kva år utvandra Halvor Halvorson (1858) til Amerika og i lag med kven?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anfinn Bernaas

Hjartdalsoga, band III B, side 69, Nedre-Haugan 30/3:

"Desse kan ha bruka garden: 7a) Bergit Johannesdtr. Haugan f 1821 g 1850 på Haugan m kyrkjesongar Halvor Ånundson Øygarden, f 1825 i Vinje d før 1862. Born: 1. Aslaug f 1852. 2. Ånund f 1854. 3. Johannes f 1855. 4. Halvor f 1858.

I 1862 var Bergit enkje. Da er ho og dei fire borna registrerte i utflyttingslistene til Amerika."

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5963&uid=ny&idx_side=-366

 

Kor finn du at Bergit er fødd i Kviteseid?

 

Kor har du Vik frå?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten og Anfinn for spennande opplysningar! Denne bustaden i Haugen er framleis noko uklar for meg, om det var ein eigen gard eller ein plass under ein annan gard, men at dei budde der då dei utvandra i 1862, synest klårt...

 

Problemet er soleis forsovidt løyst!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anfinn Bernaas

"Bustaden Haugen" er ikkje noko mystisk. Det er som eg refererer frå bygdeboka garden Nedre-Haugan 30/3. Fleirtalsuttale av haug (haugane) i Hjartdal kan for utanforståande oppfattast som eintal i og med at "-an(e)" blir uttala om lag som "-ein". Men tonefallet mellom haugen og haugein er heilt ulikt, og likt med eintal og fleirtal av dette ordet elles i norsk. Så kyrkjebokskrivaren (presten?) kan gjerne utan å vite betre ha skrive Haugen for fleirtalsnamnet Haugan (som det blir i moderne normert form).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anfinn for presiseringi av gardsnamnet Haugan!

 

Med venleg helsing,

 

Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×