Jump to content
Arkivverket
Halvor Skurtveit

Jørgen Nilsson Bjørn (budde på Sotra ca. 1740)

Recommended Posts

Halvor Skurtveit

Hei!

 

Jørgen Nilsson Bjørn gifta seg kring 1738 med Brita/Berta/Birgitta Elisabet Larsdotter Holm. Dei busette seg i Brattholmen i Fjell sokn (Sund prestegjeld) nær Bergen. Foreldra til Brita Elisabet eigde gjestgjevarstaden i Brattholmen, og det ser ut til at Jørgen og kona dreiv denne. Dei fekk to døtrer, i 1739 og 1742. Den eldste heitte truleg Abigael og vart seinare gift på Hammarsland i Sund. I samband med innkrevjinga av ekstraskatten i 1743 skreiv soknepresten i Sund at Jørgen "blev borte paa sin Reyse til Hamborg forleden høst". Brita Elisabet vart gift på nytt, truleg i 1744, med Per Mikkelsson Ågotnes.

 

Mitt spørsmål er: Kor kom Jørgen frå, og kven var foreldra hans?

 

Gjennom søk på internett har eg funne ein Jørgen Nilsson Bjørn, f. ca. 1717, d. 1772. Han kom frå Slangerup på Sjælland og skal ha opphalde seg der og i København heile livet. Det er kjent at han var gift to gonger, første gong i 1747. Dersom han skal vera identisk med namnebroren i Brattholmen, må han altså ha flytta til Bergensområdet før 1738 (då han første gong er nemnt i ei kjelde her), og "rømt" heim til Sjælland hausten 1742. Kanskje ikkje så sannsynleg, men namnekombinasjonen Jørgen Nilsson Bjørn er ganske sjeldan.

 

Er det nokon som kjenner til andre med dette namnet, og som levde på denne tida, anten i Noreg eller Danmark?

 

Venleg helsing

Halvor Skurtveit

Share this post


Link to post
Share on other sites

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.